Riksantikvaren

Slik forstår du brannsikringsreglane i gamle hus

13.10.2026 08:06:46 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding

Del

Når eit kulturminne blir øydelagt, er det borte for alltid. No har Riksantikvaren laga ein rettleiar for å hjelpe eigarar og forvaltarar til betre brannsikring.

Brann i Festningen restaurant i Oslo.
Brann er ein stor trussel mot gamle hus. Festningen restaurant i Oslo brann i 2023. Trude Isaksen, Riksantikvaren.

– Brann er ein av dei største truslane for kulturminna våre. Derfor er det viktig at vi kan gi gode råd til eigarar om brannsikring. Dette handlar om å finne løysingar som gir tryggleik og tek vare på kulturminna for framtida, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.  

Regelverket for brannsikring kan vere komplisert, og mange som har ansvar for eit kulturminne synest det er vanskeleg å finne ut kva krav som gjeld.  

Kulturminne, som gamle hus, kyrkjer og naust, er sårbare for store og synlege brannsikringstiltak. Samtidig kan brannrisikoen og behovet for sikring vere endå større enn i andre bygningar.  

–  Å oppgradere branntryggleiken og samtidig ta vare på kulturminnet kan vere ein balansegang, men slett ikkje umogleg, seier riksantikvar Hanna Geiran.  

– Rettleiaren skal gi vere eit verktøy som gir støtte til å finne fram og tolke regelverket for brannsikring.  

– Strategisk verdisikring handlar om å verne bygd og uerstatteleg inventar mot brann.  Bygningane kan og bør brannsikres, men kulturminneverdiane gjer at du kanskje må sjå etter andre og meir kreative løysingar enn vanlege standardløysingar.  Brannsikring er ikkje ei statisk oppgåve som vi løyser éin gong for alle, påpeikar Geiran. 

Gamle bygningar skal oppfylle krav  

På 1970- og 80-talet døydde mange i brann, og tilbake i 1991 stramma styresmaktene inn regelverket. Då fekk også eigarar av eldre bygningar plikt til å oppgradere branntryggleiken. 

Når målet er å verne både liv, helse og bygningen mot brann, må likevel brannsikringsvurderingane dreie seg om meir enn standardløysingar og minstekrav i regelverket. 

Organisatoriske tiltak, førebyggjande arbeid og enkelt vedlikehald kan vere vel så viktig som tekniske installasjonar, sjølv om dette ikkje inngår i byggforskriftene. 

– Kulturminne kan krevje noko anna enn standardløysingar. Då er det heilt sentralt at branntryggleiken i løysingane blir godt dokumentert i analysar, seier Geiran.  

Kunnskap om kva verdiar som er viktigast for det aktuelle kulturminnet, gjer det lettare å tilpasse brannsikringstiltaka.  

Ei mellomalderkyrkje kan til dømes ha overflater med uvurderleg kulturhistorisk verdi, samtidig som det kan ha nyare påbygg.  

– Det kan handle om å velje aktive brannsikringstiltak som sløkkjeanlegg og brannvarsling framfor store og inngripande tiltak som nye brannskilje og branndører, seier Geiran.  

I somme tilfelle kan det handle om å setje avgrensingar for bruk. Dette kan til dømes vere eit strengare makstal på kor mange som kan vere i bygget samtidig.  
 
– Vårt råd er å velje og dokumentere løysingar som ikkje gir store inngrep, som kan fjernast utan å late etter seg varige spor og ikkje minst: Å tilpasse bruken etter bygningen, seier Geiran.  

Gir råd om vanlege utfordringar i brannsikring av gamle bygningar  

Men korleis brannsikrar ein ei mellomalderkyrkje utan skjemmande moderne installasjonar?  Kva gjer ein med smale dører, tronge trapper og uvanlege dører? 

Den nye rettleiaren frå Riksantikvaren viser korleis historiske bygningar kan bli tryggare utan at kulturarven går tapt. 

  • Mange eldre bygningar har dører som er smalare enn dagens krav. Ei mogleg løysing kan vere å bruke fleire dører som rømmingsvegar, slik at flyten av menneske ikkje stoppar opp.  
  • Mellometasjar som galleri og mesaninar har ofte berre éi trapp, medan dagens regelverk som hovudregel krev to. Løysinga kan vere å avgrense talet på menneske, sikre at rømminga er tilstrekkeleg effektiv og hinder at rømmingsvegen blir blokkert av brann.  
  • I mange eldre bygg er dørhandtak og låsemekanismar fine og karakteristiske detaljar, men dei kan vere krevjande å handtere i ein nødsituasjon. Rettleiaren tilrår mellom anna fleire nødutgangar, skifte opningsmekanisme på eventuelle andre dører eller gode rutinar for å setje dørene i open posisjon ved arrangement.  
  • Leiesystem og nødlys kan gi visuell støy, til dømes i kyrkjer. Gode løysingar kan vere å sørgje for oversiktlegheite utan blindvegar, bruke fargekontrastar og analysere kor enkelt det er for menneske å orientere seg mot ein utgang.

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Brannen i Lærdal i 2014 tok over 40 gamle hus.
Brannen i Lærdal i 2014 tok over 40 gamle hus.
Einar Karlsen, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Hanna Geiran, riksantikvar.
Hanna Geiran, riksantikvar.
Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Last ned bilde

Lenker

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye