UiT Norges arktiske universitet

Stramt budsjett, men gode nyheiter for helse- og ingeniørutdanningane

7.10.2026 12:18:36 CEST | UiT Norges arktiske universitet | Pressemelding

Del

Statsbudsjettet kom med gode nyheiter for Gutar og helsefag og ingeniørutdanningane. Samtidig får Senter for samisk helseforsking store utfordingar.

Mannleg helsefagarbeidar måler blodtrykket til ei kvinne.
Gutar og helsefag jobbar for å rekruttere fleire menn til helse- og omsorgsfag

I sitt forslag til statsbudsjett for 2027 set regjeringa av 4,4 milliardar til UiT. Det er ein nedgang på 1,53 prosent om ein tar høgde for pris- og lønsvekst.

– Det er dessverre omtrent som forventa. UiT har forståing for at det er naudsynt med auka satsing på helse og forsvar. Samstundes er vi uroa over at nedgangen i vår sektor held fram. Vi skal levere utdanning og forsking på høgt internasjonalt nivå, men dei siste åras kutt blir det utfordrande, seier rektor Dag Rune Olsen.

UiT Noregs arktiske universitet får 4 374 306 kroner i statsbudsjettet. Det er en auke på 93 millionar om ein ser berre på tala, men er i realiteten ei reduksjon på 67 millionar kronar på grunn av pris- og lønsvekst.

– Det vert eit stramt budsjett for UiT og sektoren i 2027. Regjeringa omfordelar framfor å tilføre nye midlar. Det er krevjande i ei tid med stort behov for ny kunnskap, kompetanse og omstilling i nord, seier Olsen.

Gutar og helsefag vert nasjonal satsing

Sidan 2022 har UiT leia prosjektet Gutar og helsefag, på oppdrag frå KUD og Bufdir. Målet med prosjektet er å få fleire gutar til å søkje helsefaglege utdanningar.

I framlegget til statsbudsjett får UiT 4 millionar kroner til å gjere prosjektet til ei nasjonal satsing.

– UiT er svært nøgd med dette nasjonale oppdraget frå regjeringa. Helsesektoren står overfor ein aukande mangel på kvalifisert personell, og derfor er det er viktig å rekruttere bredt og godt, seier prorektor for utdanning, Rikke Gjærum.

Når prosjektet no vert nasjonalt, håpar ein å rekruttere fleire gutar til helse- og omsorgsfag, noko som kan utvide rekrutteringsgrunnlaget og bidra til å dempe den veksande personellmangelen i helsevesenet.

Styrking av ingeniørutdanning og romforsking

Regjeringa set av 10 millionar til ingeniørutdanningane på UiT. Midlane skal gå til alternative opptaksveger for dei med yrkesfag som vil verte ingeniør.

– Dette er godt nytt, seier prorektor Gjærum.

– Vi samarbeider med Forsvarets høgskule om å opprette nye, firårige felles ingeniørutdanningar, så dette trur vi vil gje høgare kvalitet, betre fullføring og fleire ingeniørkandidatar i Narvik, held ho fram.

Regjeringa kom førre fredag med ein nasjonal satsing på romforsking. Les meir om det her:UiT får millioner til langsiktig romforskning.

Nordlys%20over%20forskingsinfrastruktur%20i%20arktisk%20landskap.
UiT har eit leiande fag- og utdanningsmiljø med god tilgang på infrastruktur. Foto: Njål Gulbrandsen

Manglande finansiering for Senter for samisk helseforsking

– Regjeringa har ikkje gjeve Senter for samisk helseforsking det dei treng for å gjennomføre sitt samfunnsoppdrag, seier rektor Dag Rune Olsen.

Senteret fekk 8 millionar i regjeringas forslag til statsbudsjett. Det gjer at senteret får svært avgrensa ressursar til å kunne utnytte dei nyleg innsamla dataa i forsking og formidling.

– No må vi diskutere vegen vidare for senteret, og sentrale styresmakter må ta stilling til korleis dei vil møte kunnskapsbehovet i det samiske samfunnet, held rektor fram.

Senteret har omfattande ansvar for å levere kunnskap om helsa til den samiske befolkninga til helseføretak, Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, fylkeskommunar og kommunar. UiT har eit særleg oppdrag for forsking med det samiske samfunnet, og behovet for meir kunnskap er aukande.

Informasjon for pressen: 

Rektor Dag Rune Olsen er på reise, men er tilgjengeleg på telefon. Prorektor Rikke G. Gjærum er i Tromsø som UiT sin talsperson.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Mannleg helsefagarbeidar måler blodtrykket til ei kvinne.
Gutar og helsefag jobbar for å rekruttere fleire menn til helse- og omsorgsfag
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye