Nærings- og fiskeridepartementet

Mineralnæringa eksporterte for 7,2 milliardar kroner

5.10.2026 07:30:00 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

Del

I 2025 blei det selt norske mineralar for totalt 13,9 milliardar kroner, der over halvparten gjekk til eksport. Dette er sterke tal som viser den strategiske betydninga mineralnæringa har for Noreg, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Næringsminister Cecilie Myrseth ved eit besøk til eit smelteverk i 2025.
Næringsminister Cecilie Myrseth ved eit besøk til eit smelteverk i 2025. NFD

– Noreg er ein viktig europeisk produsent av fleire kritiske råmateriale, og er opptekne av å bidra til å levere kritiske råmateriale til allierte land. Tala for 2025 viser at den norske mineralnæringa er ei strategisk og viktig eksportnæring for Noreg, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Mineralsalet i 2025 utgjorde 13,9 milliardar kroner, der eksporten stod for 7,2 milliardar kroner. Det viser tal frå Harde fakta, Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) sin årlege statistikkpublikasjon om norsk mineralindustri. Harde fakta fyller ti år i 2026, og gir eit styrkt kunnskapsgrunnlag om utviklinga i norsk mineralnæring.

Over halvparten av verdiane som blir skapte i norsk mineralnæring kjem frå eksport til internasjonale marknader. Mineralproduksjon går føre seg i alle fylka i landet, og næringa sysselset over 4.500 personar. 

– Med den nye minerallova, som tredde i kraft 1. juli 2026, legg vi betre til rette for investeringar, verdiskaping og berekraftig vekst i ei næring med stort potensial. Den globale etterspurnaden etter minerala som trengst til grøn omstilling, forsvarsindustri og strategiske verdikjeder vil halde fram med å auke kraftig. Derfor treng vi ei ny lønnsam og berekraftig utvinning og produksjon av mineral, og her kan Noreg spele ei endå større rolle enn i dag, seier Myrseth.

I Noreg blir dei kritiske minerala feltspat og grafitt vunne ut, samt ilmenitt, rutil og kvarts, som kan brukast i produksjon av kritiske råstoff.

– Desse minerala er viktige komponentar i industrielle verdikjeder. Til dømes er grafitt eit viktig råstoff for batteriproduksjon, medan kvarts er råstoff for silisium som igjen er ein sentral komponent mellom anna i mikrobrikker. Dette betyr at norsk mineralindustri kan bidra til å styrke europeisk forsyningstryggleik, seier direktør for DMF, Bjarte Rambjør Heide.

Les heile rapporten her, og sjå dei tre største bedriftene per fylke her.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Næringsminister Cecilie Myrseth ved eit besøk til eit smelteverk i 2025.
Næringsminister Cecilie Myrseth ved eit besøk til eit smelteverk i 2025.
NFD
Last ned bilde

Om oss

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye