Delta

Ingen streik i private barnehagar

29.9.2026 23:20:04 CEST | Delta | Pressemelding

Del

Etter ei krevjande mekling er det semje med PBL om ein lønnsauke til alle på minst kroner 16 700 i generelt tillegg frå 1. mai 2026. Avgjerande for å unngå streik var også å behalde nivået på barnehagepensjonen. 

- Vi har fått eit resultat som sikrar reallønnsvekst, samtidig som nivåa på pensjonssparing blir bevarte, seier forhandlingsleiar og nestleiar i Delta, Marit Solheim.
- Vi har fått eit resultat som sikrar reallønnsvekst, samtidig som nivåa på pensjonssparing blir bevarte, seier forhandlingsleiar og nestleiar i Delta, Marit Solheim. Foto: Nadia Frantsen

29. september vart Delta og Private Barnehagers Landsforbund (PBL) samde i hovudoppgjeret i år. Det blir dermed ikkje streik i barnehagar knytt til PBL.

- Vi har fått eit resultat som sikrar reallønnsvekst, samtidig som nivåa på pensjonssparing blir bevarte, seier forhandlingsleiar og nestleiar i Delta, Marit Solheim.

Uaktuelt å godta dårligere pensjon

PBL ville redusere pensjonssparinga for å kunne gi lønnsvekst på linje med resten av arbeidslivet.

– For Delta var det heilt avgjerande å behalde barnehagepensjonen på dagens nivå. Å svekke pensjonsordninga var aldri eit alternativ, seier Deltas forhandlingsleiar, Marit Solheim.

- Vi er også fornøgde med at vi har fått ein auke i lønnstillegg for etter- og vidareutdanning og at vi har fått gjennomslag for forskottering av pleiepengar, seier Solheim.

Lønnsramma er på 4,4 prosent, noko som tilsvarer ramma i kommunesektoren (KS) og frontfaget. Å få gjennomslag for reallønnsvekst har vore hovudkravet for Delta i lønnsoppgjeret i år.

Viktige krav som er innfridd

  • Reallønnsvekst for alle
  • Oppretthalde bransjestandarden på barnehagepensjon
  • Pleiepenger blir forskottert av arbeidsgivar frå 1. juli 2027
  • Auka satsar for etter-/vidareutdanning


Partene vil halde fram forhandlingane om AFP for årskulla 1968-1970, med sikte på ei endeleg løysing i mellomoppgjeret i 2027.

Delta har forhandla saman med Fagforbundet og Utdanningsforbundet.

Nøkkelord

Kontakter

Med 123 000 medlemmer er Delta den femte største fagforeininga i landet og det største forbundet i hovudorganisasjonen YS.

Delta har medlemmer i alle delar av arbeidslivet, både i offentleg tenesteyting, private verksemder og organisasjonar. 

Delta er partipolitisk uavhengig og utvikler arbeidslivet med fokus på livskvaliteten til medlemmene. 

Tryggleik, nærleik til medlemmene og gode løysingar i arbeidskvardagen er viktige for oss. Vi står på medlemmenes side når endringane kjem, uansett bransje, politisk tilhøyrsel eller om dei jobbar innan det private eller offentlege.

Følg pressemeldinger fra Delta

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Delta på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Delta

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye