No er halvparten av Noregs befolkning oppteken av kulturmiljø
30.9.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
– Dette er ein viktig og gledeleg milepæl, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Ei fersk måling frå SSB viser at 50 prosent av den norske befolkninga mellom 16 og 79 år er svært interesserte eller ganske interesserte i kulturminne og kulturmiljø.
Det er opp frå 47 prosent i 2025, og det høgaste talet sidan den første målinga i 2021.
Målinga blir gjennomført årleg som ein del av oppfølginga av dei nasjonale klima- og miljømåla. Målet er at minst 50 prosent skal dele interessa for kulturminne og kulturmiljø.
– Dette er ein viktig og gledeleg milepæl. For første gong seier halvparten av befolkninga at dei er interesserte i kulturminne og kulturmiljø. Dette viser at vi nordmenn er stolte av kulturarven vår, og at stadig fleire ser verdien av historiene, stadane og omgjevnadane som bind oss saman, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
– Målet er å auke den allereie store interessa og det aktive engasjementet for å ta vare på kulturmiljøa våre. Det er staten sitt ansvar å leggje best mogleg til rette for dette, seier Aasland.
Stabilt høgt engasjement
14 prosent oppgir at dei er svært interesserte, og 36 prosent er ganske interesserte. Målinga viser at interessa aukar med alder og utdanning.
19 prosent av den norske befolkninga viser eit aktivt engasjement, noko som er eit stabilt høgt nivå. Det er òg nær målsetjinga om 20 prosent aktive i befolkninga.
– Kulturmiljø er ein ressurs i samfunnsutviklinga, og vi er svært glade for at interessa for kulturmiljø aukar. Samstundes ser vi at det aktive engasjementet held seg på eit stabilt høgt nivå. Det viser at kulturarven betyr mykje for folk, og at mange vil vere med på å ta vare på han, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Det er viktig at kulturarven blir opplevd som relevant for folk i dag. Det gir Riksantikvaren eit sterkt grunnlag for arbeidet med å ta vare på kulturmiljøa våre for framtida, seier Geiran.
Rosar frivilligheita
I internasjonal samanheng har Noreg generelt høg frivillig deltaking.
Målinga viser at både interessa og det frivillige arbeidet på kulturmiljøområdet står sterkt her i landet.
Det siste året deltok 10 prosent av oss i dugnader eller møte.
– Dei frivillige er heilt avgjerande for å ta vare på kulturarven vår. Innsatsen til dei bidreg til å sikre kulturhistoriske verdiar som har stor betydning for fellesskapet. Dette engasjementet kjem heile samfunnet til gode, seier Geiran.
– I Noreg har vi mange frivillige organisasjonar med høg kompetanse, som gjer ein stor innsats for å ta vare på og formidle både materiell og immateriell kulturarv, seier Geiran.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder

Om oss
Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Nå kan du søke om tilskudd til kulturarven i 202729.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå åpner søknadsvinduet for kulturmiljø, og Riksantikvaren lyser ut tilskudd til blant annet fredede bygninger og anlegg, fartøy og verdensarv.
No kan du søke om tilskot til kulturarven i 202729.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No opnar søknadsvindauget for kulturmiljø, og Riksantikvaren lyser ut tilskot til mellom anna freda bygningar og anlegg, fartøy og verdsarv.
Millionbeløp til Hunnfeltet i Fredrikstad25.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Det gjennomføres nå nye arkeologiske undersøkelser av de verdifulle kulturminnene på Hunnfeltet.
MS «Salten» i Bodø er fredet24.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren freder langruteskipet MS «Salten» som en viktig del av den nasjonale satsingen på kystens kulturmiljø.
MS «Salten» i Bodø er freda24.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren fredar langruteskipet MS «Salten» som ein viktig del av den nasjonale satsinga på kystens kulturmiljø.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom