No kan du søke om tilskot til kulturarven i 2027
29.9.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
No opnar søknadsvindauget for kulturmiljø, og Riksantikvaren lyser ut tilskot til mellom anna freda bygningar og anlegg, fartøy og verdsarv.

– Kulturmiljøet vårt fortel historier om korleis menneske har levd, arbeidd og skapt lokalsamfunn gjennom generasjonar. Med tilskota ønskjer vi å støtte prosjekt som tek vare på kulturarv og som skapar aktivitet og engasjement lokalt, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
For 2025 var søknadssummen rekordstor med 1,3 milliard kroner. Søknadssummen har auka dei siste åra, og spesielt innan ordninga for verdiskapingsmidlar til dei nye bevaringsstrategiane for bygd og by, landbruk, kyst og næring og industri.
– Vi er spent på kor mange som vil søke i år, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Kulturmiljø er meir enn spor frå fortida. Dei er ressursar som kan gje oss kunnskap, næringsutvikling, samarbeid og levande lokalsamfunn, og som gjev verdi for både eigarar, handverkarar, næring og reiseliv, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Den nasjonale søknadsportalen for kulturminne, Digisak, opnar 1. oktober. Det er fylkeskommunen som handsamar dei fleste søknadene frå eigarane. Løyvingane blir gitt over statsbudsjettet kvart år.
Fleire ulike tilskot
Riksantikvaren har ei rekke tilskotsordningar for kulturminne. Ordningane som har frist 1. november er:
- Tilskot til verdiskaping i kulturmiljø knytta til bygd og byar, landbruk, kyst, industri og næring
- Freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap
- Teknisk-industrielle kulturminne
- Freda bygg frå før 1537 i privat eige
- Ruinar og anlegg frå mellomalderen
- Brannsikring i tette trehusmiljø
- Fartøyvern
- Fagutvikling i fartøyvernet
- Verdensarvområdene
- Kirkekunst
- Vedlikehold, dokumentasjon og konservering av stavkirker
Sjå alle tilskotsordningar frå Riksantikvaren.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé20.11.2026 09:58:20 CET | Pressemelding
Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.
Eiere søker om 1,2 milliarder til kulturminner18.11.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren har fått inn tilskuddsøknadene til freda kulturmiljø og kulturminner for 2027, og behovene er store.
Kulturminneprisen 2026 til Sygard Grytting10.11.2026 14:08:56 CET | Pressemelding
Årets kulturminnepris går til Hilde og Stig Grytting på gården Sygard Grytting i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.
Kulturminneprisen 2026 til Sygard Grytting10.11.2026 14:08:56 CET | Pressemelding
Årets kulturminnepris går til Hilde og Stig Grytting på garden Sygard Grytting i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.
Norsk storfilm brukte fredet gård - blir hyllet av Riksantikvaren28.10.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
– Markens Grøde gjør at denne fantastiske plassen vil nå ut til et enda større publikum, sier riksantikvar Hanna Geiran.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom