Nattarbeid på Vikafjellet denne veka og neste
28.9.2026 13:26:30 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen gjer arbeid på Vikafjellet denne veka og neste. Det er naudsynt å stengja vegen i periodar.

– Det vi skal gjera er å skifta ut sikkrenner, altså røyr som leiar vatn under vegen. Fungerande stikkrenner er nødvendig for å sikra vegen og forhindra flaum som kan gje skadar på vegen, seier byggjeleiar Ivar Bergstrøm Lutro i Statens vegvesen.
Arbeidet vil gå føre seg ved Skjelingavatnet og Holeflaten, og krev på grunn av tryggleik periodar med full stenging av vegen.
Arbeidsperiodar
Skjelingavatnet:
Onsdag 30. september til fredag 2. oktober
Arbeidstid: kokka. 19.55-06.00
Holeflaten:
Måndag 5. oktober til tysdag 6. oktober
Arbeidstid: klokka 19.55-06.00
Stengings- og opningstider
Vegen vert stengd for all trafikk:
Klokka 19.55-22.55
Klokka 23.30-02.30
Klokka 02.45-05.45
Det vert opna for gjennomkøyring:
Klokka 22.55-23.30
Klokka 02.30-02.45
Etter opningsperiodane held arbeidet fram.
Arbeidet omfattar utskifting av stikkrenner som er avgjerande for å sikre god avleiing av vatn frå vegområdet, seier Lutro fram.
– Stikkrennene fører vatn under vegen og hindrar at vatn samlar seg opp eller skadar vegkroppen. Når slike røyr blir gamle, skadde eller kollapsar, aukar risikoen for erosjon, utvasking av massar og svekking av vegfundamentet. Utskiftinga er derfor nødvendig for å sikre vegen mot framtidige skadar og oppretthalde trygg og påliteleg ferdsel på strekninga, særleg i periodar med mykje nedbør, legg han til.
– Vi oppmodar alle trafikantar om å planleggje reisa i god tid og ta omsyn til stengingane. Statens vegvesen beklagar dei ulempene arbeidet medfører og takkar for tolmodet medan arbeidet pågår, avsluttar byggjeleiar Ivar Bergstrøm Lutro i Statens vegvesen.
Kontakter
Ivar Bergstrøm LutroTeknisk byggeleiar, Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:99 23 22 64ivar.bergstrom.lutro@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95 24 58 39lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stenger Stallogargotunnelen for brannøvelse28.9.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Tirsdag 29. september holder Statens vegvesen en beredskapsøvelse i Stallogargotunnelen på riksveg 94 i Hammerfest. Tunnelen blir helt stengt mellom klokka 09.30 og 15.00.
Ledebil og manuell dirigering på E16 ved Stanghelle neste uke24.9.2026 13:46:50 CEST | Pressemelding
Det blir ledebil, manuell dirigering og tidvis kortvarig stans på E16 ved Stanghelle i uke 40.
Ny innfartsparkering ved rv. 41 i Birkeland24.9.2026 11:17:26 CEST | Pressemelding
En ny innfartsparkering langs rv. 41 i Birkeland gjør det enklere å sette igjen bilen og ta bussen videre til Kristiansand.
Vent med å kjøre på E18 til arbeidene er ferdige lørdag24.9.2026 09:55:21 CEST | Pressemelding
Det blir innsnevringer og forsinkelser på E18 inn mot Oslo fra fredag kveld til lørdag. La bilen stå eller vent med å kjøre til arbeidene er ferdig.
Klar for høstferien? Slik kommer du trygt fram24.9.2026 08:05:00 CEST | Pressemelding
Mange skal ut på veiene i høstferien. Men husk at høstværet kan være lunefullt. Det er lurt å være godt forberedt, særlig om du skal på fjellet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom