Sony Music Norway

Odd Nordstoga slepp «Før du går» 9. oktober

28.9.2026 10:10:00 CEST | Sony Music Norway | Pressemelding

Del

Nasjonalskald Odd Nordstoga møter hausten med ti nye songar frå sitt tiande studioalbum, og ein turné som startar 21. oktober. 

I haust er Odd Nordstoga aktuell med album og turné
I haust er Odd Nordstoga aktuell med album og turné

Odd Nordstoga har spelt inn sitt tiande studioalbum, og «Før du går» markerer endå eit kapittel i ei rik karriere. Etter fleire år med mellom anna bokprosjekt, soloturné og samarbeid med makker Ingebjørg Bratland kjem han no attende med eit nytt soloalbum. 

Odd og produsent Kåre Chr. Vestrheim har jobba saman mange gonger før, og skapt musikk som har blitt ståande i moderne norsk musikkhistorie. Denne gongen ville dei prøve noko dei aldri har gjort før, så dei tok med seg eit lite knippe eminente musikar, reiste til Ocean Sound på øya Giske utanfor Ålesund og spelte inn albumet i løpet av nokre få, intense dagar der ute i havgapet. 

Eg har eit inntrykk av, ettersom eg no har halde på så lenge, at folk forventar å bli fortalt noko av meg. Derfor har eg prøvd å styre etter at ein enkel song med  tjukk tråd er betre enn ein stor konstruksjon som heng i en tynn tråd. Dette prosjektet handlar om å finne det vesentlege – å la songane stå sterkt i seg sjølve. 

I låtskrivinga gjorde eg eit eksperiment for å bli inspirert: Eg kjøpte meg ein synth og ei trommemaskin med lydar frå plater eg har digga. Det viste seg at Kåre likte lyden av desse elementa frå demoane mine, og rett før me drog til innspeling spurte han meg: "Ja, mener du jeg skal ha med synther asså?" "Ja! Ja!" svara eg. Så blei det slik.

Ein viktig person for meg var mor mi. Ho gjekk bort for to år sidan. Songane eg har skreve etterpå handlar ikkje om ho. Likevel er det som ho ligg der og verkar ein stad, har eg tenkt. Ei melankolsk takksemd for livets små og store ting har fått tyngde og blitt til songar, songar skapt i det ljose minnet om mor, som lærde meg at – livet er godt. 

«Før du går» inneheld ti låtar.
Odd har skreve alle og er ansvarleg for vokal, munnspel og gitarar. Produsent Kåre Chr. Vestrheim spelar keyboards og korar, og med seg har dei framifrå musikarar som Bjørn Sæther (trommer og perkusjon), Tor Egil Kreken (bass og banjo) og Øyvind Blomstrøm (gitarar). Sigrid Aase har bidratt med vokal på tittelsporet. Michael Scott Hartung har miksa og Morgan Nicolaysen mastra.

I haust blir det ny musikk frå turnéaktuelle Odd Nordstoga Marthe Vannebo


1. Ein song som finst – er ein song om livet på vegen og om venskap. Den blei lista på P1, og etter kvart klatra opp i topp ti på den offisielle norske radiolista. 

2. Reise herifrå – er ei hylling til vatn, elvar, og hav, og spesielt til Vinjevatn. Ein song for alle oss som elskar vatn – utvegen over alle utvegar.

3. Når tårer fell – er ein song om tårenes magiske evner.

4. Lånt og lita tid – er ein song om veret. Ein skal ikkje undervurdere veret...

5. Betre med ved – er ei pustepause frå albumets alvor, då er det fint med vedhogst. 

6. Sol og regn og jord – Eg tok avleggarar frå mor sine fine, kvite pelargonia. Så prøvar eg å stelle dei så godt eg kan. 

7. Gamling – Eg veit ikkje korleis det er å vera gamal, og så fell ektefellen din ifrå. Det må vera ei rar kjensle. 

8. Ei verd du kan – er ein song om sosial angst og kjensla av at alle andre fiksar livet, men så kjennest det det jo ikkje slik for ein sjølv, alltid. 

9. Før du går – Eg har og har hatt tenåringsbarn. Blei litt lei meg av at dei aldri sa "god natt" og "hadet" før dei gjekk, men berre sneik seg ut. Så laga eg ein song. Kanskje eg overdreiv litt...

10. Før du går epilog – så spelte me litt vidare på den låta.

Odd Nordstoga slepp albumet "Før du går" fredag 9. oktober Marthe Vannebo

Odd Nordstoga (1972) frå Vinje i Telemark er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet med albumet «Luring» i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Bokstavleg tala.

 Han har vorte nominert til og tildelt mange prisar, mellom anna Edvard-prisen, Prøysenprisen, Gamleng-prisen og heile fem Spellemannprisar inkludert «Årets Spellemann». Og som alle gode spelemenn får Nordstoga oss både til å danse og til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar han songar som rører ved livet me lever, slik god musikk skal.

Nordstoga lever for møtet med publikum, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyft av strykarar. Han har vitja heile Noreg, og selt fleire hundre tusen billettar til konsertar og festivalar over heile landet. Han har skrive musikk til TV og film, bøker, og med musikken til adventskalender-serien «Jul i Svingen» og albumet “Jul” har han òg blitt ein viktig del av høgtida for mange.

 Odd Nordstoga er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft. Når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa. Du finn meir informasjon, inkludert oversikt over konsertar på heimesida www.oddnordstoga.no og Spotify kor han har over 175.000 månadlege lyttarar. Nordstoga er i tillegg kopla på sosiale media som Facebook, Instagram og TikTok med til saman over 130.000 følgjarar.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Cover til albumet "Før du går"
Cover til albumet "Før du går"
Last ned bilde
Odd Nordstoga pressebilde 1
Odd Nordstoga pressebilde 1
Marthe Vannebo
Last ned bilde
Odd Nordstoga pressebilde 2
Odd Nordstoga pressebilde 2
Marthe Vannebo
Last ned bilde
Odd Nordstoga pressebilde 3
Odd Nordstoga pressebilde 3
Marthe Vannebo
Last ned bilde

Om Sony Music Norway

Sony Music Entertainment Norway er en del av Sony Music Entertainment Group, og er et av Norges ledende plateselskaper. Vi representerer et bredt spekter av aktive norske og internasjonale artister, samt en omfattende katalog av stor musikkhistorisk betydning, kvalitet og innflytelse.

Vi respekterer og beundrer våre artister og er stolte av å kunne støtte og tilrettelegge for deres musikk og visjoner ved å skape det rette grunnlaget for kreativitet, vekst og utvikling. Som selskap bestreber vi å gi våre ansatte et godt og stimulerende arbeidsmiljø, og vi ønsker å ha fokus på inkludering, likeverd, mangfold, mental helse og miljø.

Sony Music Entertainment Norway representerer blant annet 2AM-DM, Adele, Arif, Bargee, Bernhoft, Beyoncé, Bruce Springsteen, Calvin Harris, CC Cowboys, deLillos, Emma Jensen, Foo Fighters, Frida Ånnevik, Harry Styles, Ina Wroldsen, Inge Bremnes, Julie Bergan, Justin Timberlake, Kamelen, Klossmajor, Kurt Nilsen, Kygo, Labrinth, Madeléne, Maria Mena, Matilda, May, Miley Cyrus, Morgan Sulele, Nora Jabri, Peder Elias, P!nk, Rosalia, Silje Nergaard,  Spelloppmaker, Staysman, Stig Brenner, SZA, Tigergutt101, Travis Scott, Tyler the Creator, Tyr, Wolf Alice, Zara Larsson med mange fler.

Følg pressemeldinger fra Sony Music Norway

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sony Music Norway på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sony Music Norway

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye