Eventyrlig frå Ingebjørg Bratland
28.9.2026 08:48:00 CEST | Sony Music Norway | Pressemelding
Turneaktuelle Ingebjørg Bratland slepp «Bli hjå meg». Ein song om å kanskje finne noko ein ikkje visste at ein leita etter. Låta kjem 2. oktober og turnéen startar 18. oktober.

Bli hjå meg til dagen gryr
og lær meg nye eventyr
“Eg har alltid vore glad i eventyr. Som lita kunne eg forsvinne heilt inn i dei, anten det var i gamle balladar eg lærte, eller i eventyr eg blei fortalt. Det å kunne måle sine eigne bilete ut frå ein tekst er noko eg er veldig glad i.
«Bli hjå meg» er mi eiga vesle eventyrforteljing. Ein song om natta som kjem, om stjernene som helsar medan ein ventar på lyset, og morgonen som gryr. Men mest av alt handlar songen om å kunne gjere det saman med ein du alltid vil skal bli hjå deg.
Når ein vågar å gå inn i det ukjende, kan ein finne noko ein ikkje visste at ein leita etter. Og det er vel kanskje akkurat det eg likar aller best med det å forsvinne inn i ein song eller inn i eit eventyr – å få oppdage noko nytt kvar gong.”
- Ingebjørg Bratland

Ingebjørg Bratland (1990) frå Telemark er ein av Noregs mest folkekjære artistar. Ho er kjend for si særprega røyst og evne til å formidle sterke kjensler med stor nærleik.
Med sterke røter i den norske folkemusikktradisjonen har ho utvikla eit musikalsk uttrykk som rører seg saumlaust mellom vise, pop og tradisjon, og som treff eit breitt publikum. Ho var allereie populær og etablert som artist og utøvar då ho for alvor slo gjennom med det Spellemannpris-vinnande albumet “Heimafrå” saman med Odd Nordstoga i 2013.
Ingebjørg har sidan etablert seg som ei tydeleg stemme i norsk musikkliv med eigne turnéar, utgjevingar og låtar som «Ingen som du», “Ljos" og «Fordi eg elskar deg». Gjennom karrieren har Bratland utmerkt seg som ein formidlar som kombinerer tradisjon med samtid, og som gir nytt liv til både eigne og andre sine tekstar. Ho arbeidar no med sitt femte studioalbum, som er venta i januar 2027.
Dei siste åra har ho nådd eit endå større publikum gjennom TV2-suksessen "Hver gang vi møtes", som mellom anna resultera i #1-hiten “Baby, du er rå!” i samarbeid med Hagle, og som framifrå mentor talentprogrammet i The Voice. Evna til å sjå talent i andre vart så til de grader tydeleg når ho i mai gjorde reint bord med å ha alle tre The Voice-finalistar. Ho har og stått på den legendariske revyscena Chat Noir i Oslo med “Ei ganske sann historie”, ei førestilling ho seinare tok med seg ut på turné.
Med sin sterke kunstnarlege integritet og evne til å skape gjenkjennelege, tidlause forteljingar, står Ingebjørg Bratland i dag som ein av landets mest etterspurde artistar anten det er konsertar, plater eller førestillingar. Sumaren 2026 spela ho eit utval festivalar, og no i oktober og november er det tid for ein omfattande Norgesturné med to konsertar i Operaen i Oslo som avslutning.
Ingebjørg Bratland er høvesvis jamnleg kopla på, og du finn ho her: heimeside – TikTok – Instagram - Facebook
Nøkkelord
Kontakter
Elisabeth RiksenHead of Communications
Tel:+47 920 12 160elisabeth.riksen@sonymusic.comBilder



Om Sony Music Norway
Sony Music Entertainment Norway er en del av Sony Music Entertainment Group, og er et av Norges ledende plateselskaper. Vi representerer et bredt spekter av aktive norske og internasjonale artister, samt en omfattende katalog av stor musikkhistorisk betydning, kvalitet og innflytelse.
Vi respekterer og beundrer våre artister og er stolte av å kunne støtte og tilrettelegge for deres musikk og visjoner ved å skape det rette grunnlaget for kreativitet, vekst og utvikling. Som selskap bestreber vi å gi våre ansatte et godt og stimulerende arbeidsmiljø, og vi ønsker å ha fokus på inkludering, likeverd, mangfold, mental helse og miljø.
Sony Music Entertainment Norway representerer blant annet 2AM-DM, Adele, Arif, Bargee, Bernhoft, Beyoncé, Bruce Springsteen, Calvin Harris, CC Cowboys, deLillos, Emma Jensen, Foo Fighters, Frida Ånnevik, Harry Styles, Ina Wroldsen, Inge Bremnes, Julie Bergan, Justin Timberlake, Kamelen, Klossmajor, Kurt Nilsen, Kygo, Labrinth, Madeléne, Maria Mena, Matilda, May, Miley Cyrus, Morgan Sulele, Nora Jabri, Peder Elias, P!nk, Rosalia, Silje Nergaard, Spelloppmaker, Staysman, Stig Brenner, SZA, Tigergutt101, Travis Scott, Tyler the Creator, Tyr, Wolf Alice, Zara Larsson med mange fler.
Følg pressemeldinger fra Sony Music Norway
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sony Music Norway på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sony Music Norway
Staysman slipper julealbum12.11.2026 08:17:25 CET | Pressemelding
Etter at Staysman slapp julebordsanthemet «Julebord» i fjor, følger rølpens far opp med et helt julealbum. «Tenner meg som et julelys» består av totalt sju spor, og er laget sammen med Jim Bergsted og Helge Moen.
Jon Niklas Rønning (med Stian Carstensen) - «Julekabalen»10.11.2026 09:00:00 CET | Pressemelding
På den nyskrevne julelåten «Julekabalen» synger komiker Jon Niklas Rønning om skilte foreldres utfordringer med å få barnefordelingskabalen til å gå opp i jula.
BRITNEY SPEARS FEIRER 25-ÅRSJUBILEET FOR BRITNEY MED EN UTVIDET UTGAVE MED FEM NYE LÅTER6.11.2026 15:05:00 CET | Pressemelding
Britney (25th Anniversary Edition) tilgjengelig for forhåndsbestilling og digitalt fra i dag! Legacy Recordings, katalogavdelingen til Sony Music Entertainment, og RCA Records kunngjør i dag Britney (25th Anniversary Edition), en utvidet utgave av Britney Spears’ banebrytende tredje studioalbum. Den digitale utgaven er tilgjengelig nå, mens den fysiske utgaven utgis 22. januar 2027, og er tilgjengelig for forhåndsbestilling.
Maria Mena slipper julelåten «Det beste jeg vet»5.11.2026 08:15:00 CET | Pressemelding
Maria Mena og jul hører sammen. «Home for Christmas» har for lengst blitt en fast del av desember og julen for hele landet, noe hun ydmykt ser på som ekstremt ærefullt. Nå er julens stemme klar med «Det beste jeg vet», en helt ny julelåt laget sammen med Anders Nilsen og skrevet til TV 2s barnejulekalender «Julekalenderkalender».
Jon Niklas Rønning - «Kalle Anka klokken tre»4.11.2026 09:00:00 CET | Pressemelding
På den nyskrevne julelåten «Kalle Anka klokken tre» synger komiker Jon Niklas Rønning duett med sin gode venn Lars Lillo-Stenberg fra deLillos.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom