Ny roman frå Sivert N. Nesbø: Å omsetje ei bok frå eit ukjent språk
28.9.2026 07:06:34 CEST | Bonnier Norsk Forlag | Pressemelding
Kirja tek utgangspunkt i eit usedvanleg prosjekt: Å omsetje ein finsk romanklassikar ord for ord – utan å kunne eit einaste ord finsk frå før.

I Kirja følgjer vi forfattaren i arbeidet med å omsetje den finske klassikaren Uuni (Omnen) av Antti Hyry. Utan forkunnskapar i språket kastar han seg ut i eit seigt og tålmodig arbeid, driven av ei aning om at han i det finske språket og den finske litteraturen kan finne fram til noko større.
«Eg skriv meg inn i romanen medan språket er ukjend, ord for ord, ei setning etter den andre; eg lærer meg språket ved å omsetje ein roman og litt etter litt er det eitkvart som røyver seg, eg veit ikkje kva som liknar på dette.»
– Frå boka
Ein sjeldan vakker refleksjon over litteraturen
Kirja – som rett og slett tyder bok på finsk – handlar om kven ein vert når ein brukar heile livet på litteraturen. Romanen leiter etter sanninga som ligg bortanfor dei vande kategoriane våre, og kombinerer reiseskildringar og glimt frå eige liv med djupe tankar om språk, tolking og det å skrive.
Resultatet er eit nært og innsiktsfullt verk om den typen erkjenningar berre det langsame arbeidet med språk kan gje.
– Å setje om er å skape noko nytt, ein ny tekst, som òg skal ha litterær verdi. Det er mykje som skal klaffe og alltid svært mange usikkerhetsmoment. Omsetjing, med det grundige språkarbeidet som då krevst, har òg den funksjonen at språket til forfattaren stundom vert gjort framand for han sjølv att, seier Nesbø.
Om forfattaren
Sivert Nikolai Nesbø (f. 1982) er ei markant stemme i norsk samtidslitteratur. Han debuterte i 2013 med romanen Skårgangar og har sidan gjeve ut fleire kritikarroste bøker, seinast Varme og vatn (2021). Same år gav han ut Framom døden, ei nynorsk omsetjing av William Faulkners As I Lay Dying, som han vart nominert til Bastianprisen for.
Nesbø var i fem år leiar for Skrivekunstakademiet i Bergen og er i dag leiar for Den norske Forfatterforening.
Kirja kjem ut 2. oktober. Ta kontakt for meldareksemplar og intervju.
Nøkkelord
Kontakter
Kim Daniel LindegaardPressesjef i Bonnier Norsk Forlag
Tel:920 61 162kim.daniel.lindegaard@bonnierforlag.noBilder



Følg pressemeldinger fra Bonnier Norsk Forlag
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Bonnier Norsk Forlag på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Bonnier Norsk Forlag
Reiste til Russland for å redde kroppen. Skrev og tegnet for å holde fast i verden25.9.2026 08:49:35 CEST | Pressemelding
I 2024 reiste Fabian Heffermehl til Russland for å gjennomgå en risikofylt stamcelletransplantasjon. Samtidig oppstod et stadig sterkere behov for å skrive og tegne alt han opplevde, i tilfelle det var for siste gang.
Thomas Korsgaard inviterer inn i en verden der alt kan skje23.9.2026 07:09:51 CEST | Pressemelding
I Gutten som gikk i ett med tapetet bruker Thomas Korsgaard humor og absurditet til å fortelle moderne eventyr om å bli sett, høre til og være seg selv.
Hvor ble det av Ormen Lange?18.9.2026 16:02:39 CEST | Pressemelding
Vetle Lid Larssen med ny historisk trilogi om kompromissløse kvinner, nazistenes jakt på kulturminner og et vikingskip på vei mot utslettelsen.
Bestselgerforfatter flytter til Norge16.9.2026 07:08:03 CEST | Pressemelding
Australske Amanda Geard har forelsket seg i Norge. Nå gir hun ut romanen Glassnøkkelen, med handling lagt til Nord-Norge. Og ikke nok med det: Hun har kjøpt seg hus i Narvik.
Unni Lindell har 30-årsjubileum som krimforfatter11.9.2026 07:46:35 CEST | Pressemelding
30 år etter brakdebuten med Slangebæreren er Unni Lindell aktuell med nok en spenningsroman, denne gangen med en frittstående krimthriller Rødt flagg.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom