Riksantikvaren

MS «Salten» i Bodø er freda

24.9.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding

Del

Riksantikvaren fredar langruteskipet MS «Salten» som ein viktig del av den nasjonale satsinga på kystens kulturmiljø.

Et stort svart-hvitt skip med navnet Salten ligger for anker i rolig turkis vann nær skogkledde fjell under en overskyet himmel.
MS Salten bli freda. Foto: Vera Isachsen

Riksantikvaren har freda langruteskipet MS «Salten» frå 1953 – eit skip bygd for passasjerar, post og gods i Nordland.   

MS «Salten» vart bygd i ein periode då Noreg var prega av gjenreising og modernisering etter krigen.   

–  Sjøen var riksveg nummer éin. Gjennom fleire tiår var fartøyet eit kjent innslag i kvardagslivet langs den norske kysten. Fartøya fortel ein viktig del av noregshistoria, om kven me er og kvar me kjem frå, seier riksantikvar Hanna Geiran.   

– Med fredinga av MS «Salten» tek me vare på eit svært godt døme på  eit kystrutefartøyet frå etterkrigstida, som batt kystsamfunna saman langs den vêrharde nordnorske kystlinja. Eg er imponert over innsatsen frå eigarar og frivillige som stiller opp og tek så godt vare på MS «Salten», seier Geiran.   

Detaljane var viktige  

MS «Salten» har verkeleg klasse, både når det gjeld storleik og innreiing. Innreiinga er spesiell fin, med skap og køyar i massiv teak og mahogni.

Alle lugarar var utstyrte med servantar med rennande varmt og kaldt vatn, noko som var ein luksus på denne tida langs kysten .   

«Salten» var først og fremst bygd for passasjertransport, og kunne ta om bord 180 passasjerar i kystfart eller 290 passasjerar i lokalfart. Lugarar og salongar var delte i 1. og 2. klasse.  

MS «Salten» fungerte i fleire år som fast reservefartøy i Hurtigruta, og bidrog til å halda oppe ei av Noregs viktigaste transportårer langs kysten. Det var ei rolle som stilte høge krav til både  regularitet, sjøeigenskapar og passasjerkomfort.  

– Dette er det første fartøyet av sitt slag i Nord-Noreg som blir freda. Det er ein milepæl i arbeidet med å ta vare på den unike kystkulturen her nord, seier fylkesråd for næring i Nordland, Svein Eggesvik .    

 – Det står mange engasjerte frivillige, støttespelarar og fagpersonar bak arbeidet med MS «Salten», og som er levande oppteke av å bevara det unike med dette fartøyet. Eg er derfor overtydd om at fredinga vil gi ein dobbel gevinst: MS «Salten» blir svært godt vareteke og sikra for framtida og – ikkje minst at det blir godt lagt til rette for formidling av fartøyets historie og den nordnorske kystkulturen til nye generasjonar, seier Eggesvik.  

Etter tida som kystruteskip og fast avløysarskip i Hurtigruta fekk fartøyet ein ny funksjon som skuleskip.   

Gjennom nærare tre tiår vart fartøyet brukt til maritim opplæring og rekruttering til sjøfartsnæringa. «Salten» dokumenterer dermed både samferdselshistorie og utdanningshistorie, og viser korleis eit skip kan tilpassast skiftande samfunnsbehov.  

Nordlandsidentitet  

Mange har vore ombord på MS «Salten» gjennom åra. Fartøyet har i dag stor opplevingsverdi og er ein viktig del av identiteten til Nordlandskysten.   

At «Salten» er bevart i den opphavlege utsjånaden sin frå då ho var bygd, gjer henne til ein viktig representant for ein fartøytype som tidlegare var svært vanleg, men som i dag er sjeldan bevart.   

– MS “«Salten» er ein nasjonal kulturskatt som no blir sikra. Fredinga løftar også fram den betydninga denne båten har hatt for folket som bur her nord. Dei gamle lokalbåtane er stort sett borte, men dei utgjer ein viktig del av historia. Når MS «Salten» no blir freda, forpliktar det endå meir for oss som er om bord til å ta vare på MS “Salten” for kommande generasjonar, seier styreleiar i MS «Salten», Roald Ovid Isaksen.  

Skipet blir i dag brukt til overnatting, arrangement og til utleige for selskap og møte. «Salten» formidlar kunnskap om kystkulturen og maritim historie, og bidreg til verdiskaping i lokalsamfunnet sitt. 

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Et stort svart-hvitt skip med navnet Salten ligger for anker i rolig turkis vann nær skogkledde fjell under en overskyet himmel.
MS Salten bli freda.
Foto: Vera Isachsen
Last ned bilde
Et svart-hvitt skip flyter på rolig vann, omgitt av grønne fjell og en isbre i bakgrunnen under en overskyet himmel.
MS Salten ved Svartisen.
Foto: Vera Isachsen
Last ned bilde
Et svart-hvitt skip med to master seiler på rolig, blått vann, med fjell og grøntområder synlige i bakgrunnen under en klar himmel.
MS Salten ute på tur.
Foto: Vera Isachsen
Last ned bilde
Bilde av riksantikvar Hanna Geiran
Riksantikvar Hanna Geiran
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde

Om oss

Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye