Odd Nordstoga vil seie deg noko «Før du går»
21.9.2026 13:19:40 CEST | Sony Music Norway | Pressemelding
Turnéaktuelle Odd Nordstoga slepp singelen «Før du går», med gjestevokal frå Sigrid Aase, fredag 25. september. Vi får albumet med same tittel 9. oktober.

Det er ei forventing om at nasjonalskalden Odd Nordstoga har noko på hjartet kvar gong han skriv ein song. Med «Før du går» har han lete seg inspirere av dei små, venlege gestane me gjev kvarandre før me skil lag. Dei er små, men verdifulle. Du merkar når dei manglar.
Det er mogleg eg overdreiv litt, men det blei altså ei stor «powerballade» ut frå noko så lite som frustrasjon over tenåringsbarn som ikkjesa «god natt» før dei gjekk på rommet, eller «hadet» før dei stakk ut. Songen er ei smektande tale til avskils-gestens pris!
Etter fleire travle år med mellom anna bokprosjekt, soloturné og samarbeid kjem Nordstoga no attende med eit nytt soloalbum. «Før du går» er siste smakebit, før albumet kjem 9. oktober.
På folkehøgskulen, for mange år sidan, var det alltid «ord for dagen». Det var ein fin start. Alle dagar burde jo ha ei lita overskrift. Noko ein kan ta med seg som nistepakke for sjel og sinn.
Det er igjen kjensla av ikkje å vera aleine det handlar om når Nordstoga har gjeve oss ein song. «Før du går» er også tittelkuttet på albumet. Dermed blir vel alle songane, når dei kjem ut, Odds små nistepakker for sjel og sinn som lyaren kan ha med seg ut i dagen og livet.
Sigrid Aase frå bandet Hajk har sunge med meg før. Her bidreg ho igjen på framifrå vis med sin alltid nydelege og karakteristiske vokal.
Odd har skreve musikk og tekst og er ansvarleg for vokal, munnspel og gitarar. Produsent Kåre Chr. Vestrheim spelar keyboards og korar, og med seg har dei Bjørn Sæther (trommer og perkusjon), Tor Egil Kreken (bass og banjo) og Øyvind Blomstrøm (gitarar). Michael Scott Hartung har miksa og Morgan Nicolaysen mastra.
Singelen «Før du går» er ute fredag 25. september, og det nye Odd Nordstoga-albumet kjem 9. oktober

Om Odd Nordstoga
Odd Nordstoga (1972) frå Vinje i Telemark er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet med albumet «Luring» i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Bokstavleg tala.
Han har vorte nominert til og tildelt mange prisar, mellom anna Edvard-prisen, Prøysenprisen, Gamleng-prisen og heile fem Spellemannprisarinkludert «Årets Spellemann». Og som alle gode spelemenn får Nordstoga oss både til å danse og til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar han songar som rører ved livet me lever, slik god musikk skal.
Nordstoga lever for møtet med publikum, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyft av strykarar. Han har vitja heile Noreg, og selt fleire hundre tusen billettar til konsertar og festivalar over heile landet. Han har skrive musikk til TV og film, bøker, og med musikken til adventskalender-serien «Jul i Svingen» og albumet “Jul” har han òg blitt ein viktig del av høgtida for mange.
Odd Nordstoga er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft. Når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa. Du finn meir informasjon, inkludert oversikt over konsertar på heimesida www.oddnordstoga.no og Spotify kor han har over 175.000 månadlege lyttarar. Nordstoga er i tillegg kopla på sosiale media som Facebook, Instagram og TikTok med til saman over 130.000 følgjarar.
Nøkkelord
Kontakter
Elisabeth RiksenHead of Communications
Tel:+47 920 12 160elisabeth.riksen@sonymusic.comBilder



Om Sony Music Norway
Sony Music Entertainment Norway er en del av Sony Music Entertainment Group, og er et av Norges ledende plateselskaper. Vi representerer et bredt spekter av aktive norske og internasjonale artister, samt en omfattende katalog av stor musikkhistorisk betydning, kvalitet og innflytelse.
Vi respekterer og beundrer våre artister og er stolte av å kunne støtte og tilrettelegge for deres musikk og visjoner ved å skape det rette grunnlaget for kreativitet, vekst og utvikling. Som selskap bestreber vi å gi våre ansatte et godt og stimulerende arbeidsmiljø, og vi ønsker å ha fokus på inkludering, likeverd, mangfold, mental helse og miljø.
Sony Music Entertainment Norway representerer blant annet 2AM-DM, Adele, Arif, Bargee, Bernhoft, Beyoncé, Bruce Springsteen, Calvin Harris, CC Cowboys, deLillos, Emma Jensen, Foo Fighters, Frida Ånnevik, Harry Styles, Ina Wroldsen, Inge Bremnes, Julie Bergan, Justin Timberlake, Kamelen, Klossmajor, Kurt Nilsen, Kygo, Labrinth, Madeléne, Maria Mena, Matilda, May, Miley Cyrus, Morgan Sulele, Nora Jabri, Peder Elias, P!nk, Rosalia, Silje Nergaard, Spelloppmaker, Staysman, Stig Brenner, SZA, Tigergutt101, Travis Scott, Tyler the Creator, Tyr, Wolf Alice, Zara Larsson med mange fler.
Følg pressemeldinger fra Sony Music Norway
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sony Music Norway på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sony Music Norway
Jesper Fosdahl slipper albumet «Fus»21.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
25. september slipper Jesper Fosdahl sitt første album, «Fus». Albumet er et personlig prosjekt som har vokst frem over flere år, parallelt med Fosdahls arbeid som låtskriver og gitarist i Funk For Forest og Jon Ranes’ band. Med «Fus» samler han egne erfaringer, relasjoner og nederlag i et album som både er nært, levende og stort i uttrykket.
Jesper Fosdahl slipper ny singel «Bli hos meg»16.9.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
«Bli hos meg» er en soul-preget ballade skrevet fra sengekanten. Låta handler om å ta farvel, og om det å være en stor og sterk gutt som skal tåle det, selv når det gjør vondt.
Spelloppmaker slipper «Fæm på» – en ny runde i det samme gamle hæljemønsteret15.9.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Fredag 18. september slipper Spelloppmaker den nye singelen «Fæm på» – en energisk countryrocklåt om å havne på den samme puben, med de samme sangene og de samme planene om at denne hælja skal bli annerledes enn den forrige.
Zimmermann gir oss et halvt puslespill14.9.2026 11:30:05 CEST | Pressemelding
Fredag 18. september kommer første halvdel av "Puslespill", oppfølgeren til Zimmermanns kritikerroste debutalbum "In media res" som i skrivende stund er topp 10 på den offisielle hitlisten. Billetter til årets juleturné med start 27. november ble lagt ut for salg på fredag, og det ble solgt over 7000 billetter og annonsert 9 ekstrakonserter, bare i løpet av de første 24 timene.
Nora Jabri slipper personlig album om identitet og tilhørighet14.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Nora Jabri er en norsk/irakisk artist som skaper seg en tydelig plass i moderne pop, der hun kombinerer engelskspråklig låtskriving med subtile, men sterke arabiske musikalske impulser. Med et uttrykk som både føles globalt tilgjengelig og dypt forankret i hennes egen bakgrunn, representerer hun en ny og fremadstormende stemme i den skandinaviske musikkscenen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom