Karbonfangst mogleg for langt fleire med nytt gigantmottak
15.9.2026 13:17:33 CEST | Enova | Pressemelding
Mange fleire kan bli kvitt klimagassutsleppa sine når ein ny terminal etter planen skal stå klar i 2028 til å ta imot fanga CO₂ frå store delar av landet.

– Med Langskip har Noreg etablert Europas første fullskala verdikjede for fangst, transport og lagring av CO₂. Denne erfaringa skal vi byggje vidare på. Det er positivt at vi no styrkjer verkemiddelapparatet, slik at fleire norske selskap kan ta i bruk CO₂-fangst. Støtte til mottaksterminalar vil gjere det enklare og meir kostnadseffektivt for mindre verksemder å kutte utsleppa sine, samtidig som vi tek vare på norsk konkurransekraft, seier energiminister Terje Aasland.
– Fram til no har berre nokre få selskap med store utslepp kunna lagre CO₂. Eg er derfor veldig glad for at vi no får på plass Noregs første mottaksterminal for CO₂ som ein òg kan nå via landtransport. Med dette nye anlegget vil både store og små bedrifter frå heile landet kunne fange og levere frå seg utsleppa sine. Dette er eit viktig steg for å nå klimamåla våre og sikre norsk konkurransekraft, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Viktig brikke i større satsing
Hittil har lagring av CO₂ vore reservert for nokre få selskap med store utslepp, som fraktar fanga CO₂ med spesialbåtar til mottaket til Northern Lights i Øygarden utanfor Bergen. Derfrå blir CO₂-en pumpa vidare til eit enormt lager under havbotnen.
Den nye planlagde mottaksterminalen heiter CarbonLink, og skal byggjast rett ved sida av anlegget dei store aktørane bruker i dag. Forskjellen er at den nye terminalen vil kunne ta imot både små og store mengder CO₂, transportert både på veg og sjø. CCB Energy CarbonLink AS skal byggje det nye mottaket, og har fått innvilga 63,3 millionar kroner i støtte frå Enova. Støtta dekkjer inntil halvparten av investeringa. Den nye terminalen er planlagd å vere i drift frå slutten av 2028.
– Den nye mottaksterminalen for CO₂ i Øygarden er ei viktig brikke i Enovas satsing på karbonfangst og lagring. Vi jobbar no med å ferdigstille ei støtteordning for aktørar som ønskjer å fange utsleppa sine. Dei fleste som investerer i slike karbonfangstanlegg vil vere avhengige av å kunne levere utsleppa sine til den nye CO₂-terminalen, seier leiar for industri i Enova, Knut Granlund.
Kan utvidast ved behov
Mottaksterminalen er i første fase planlagd for å kunne handtere rundt 500 000 tonn CO₂ årleg. Voluma er venta å vere lågare dei første åra, samtidig som terminalen blir utforma med moglegheit for seinare utviding og auka kapasitet.
– Ei trinnvis utbygging av den nye mottaksterminalen for CO₂ kan redusere behovet for store investeringar før etterspurnaden er tilstrekkeleg dokumentert. Samtidig kan infrastrukturen skalerast opp når nye fangstanlegg blir klare. Vi er trygge på at dette senkar terskelen for verksemder som vil investere i karbonfangst, seier Ronny Haufe, administrerande direktør i CCB Energy CarbonLink.
Lokal og nasjonal gevinst
Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik ser gevinstar både lokalt og nasjonalt.
– Ved å samle og handtere mindre volum av fanga CO₂ kan den nye mottaksterminalen styrkje posisjonen til Øygarden som eit nasjonalt knutepunkt for CO₂-handtering, og skape ringverknader langt utanfor kommunen, seier ordførar Tom Georg Indrevik i Øygarden kommune.
Nøkkelord
Kontakter
Roald Lund FleinerEnova SF
Tel:+47-913 02 938roald.fleiner@enova.noAndre språk
Følg pressemeldinger fra Enova
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Enova på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Enova
Norges klimaomstilling går riktig vei – i ulikt tempo24.6.2026 09:50:43 CEST | Pressemelding
Selv om Norge er godt i gang med klima- og energiomstillingen, varierer tempoet mye mellom ulike sektorer, viser ny rapport fra Enova.
Rekordinteresse for elektriske lastebiler18.6.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Rekordmange elektriske lastebiler er de to siste månedene støttet av Enova. Bedre og billigere el-lastebiler, og usikre dieselpriser, er viktige grunner til den store interessen.
Rekordinteresse for elektriske lastebilar18.6.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Rekordmange elektriske lastebilar er dei to siste månadene støtta av Enova. Betre og billegare el-lastebilar, og usikre dieselprisar, er viktige grunnar til den store interessa.
Enova gir 1,3 milliarder til utslippsfrie skip16.6.2026 14:00:30 CEST | Pressemelding
Ti nye utslippsfrie skip får støtte fra Enova. Norge har størst andel utslippsfrie skip i verden, en posisjon som nå kan styrkes ytterligere.
Enova gir 1,3 milliardar til utsleppsfrie skip16.6.2026 14:00:30 CEST | Pressemelding
Ti nye utsleppsfrie skip får støtte frå Enova. Noreg har størst andel utsleppsfrie skip i verda, ein posisjon som no kan bli styrkt ytterlegare.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom