Rett hausting gir plommer som held lenger
11.9.2026 15:04:11 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Norske plommer kan sjå fine ut når dei kjem frå kjølelageret, men byrja å ròtna etter berre eit par dagar i varmen. NIBIO-forsking viser korleis rett haustetidspunkt og god handtering kan gje plommene lengre liv i butikk.

Den norske plommesesongen er kort, og i år er det venta om lag 1000 tonn norske plommer i marknaden. For nokre år sidan var det vanleg at store parti med plommer blei avvist fordi frukta vart overmoden eller ròten før ho nådde forbrukar. No har situasjonen betra seg.
– Det har vorte mykje, mykje betre dei siste åra. No har me nesten ingen avvisingar lengre, seier Ken Johannessen, innkjøpar av frukt og grønt hjå Coop Norge.
NIBIO-forskar Jorunn Børve har leia forskinga i samarbeid med Ullensvang fruktlager og Hardanger Fjordfrukt. Forskarane har undersøkt korleis mogningsgrad ved plukking påverkar kvaliteten under lagring og i butikk.
Resultata var tydelege: Sjølv om alle plommene såg fine ut då dei vart tatt ut frå kjølen, var det to til ti gonger så mykje ròte i dei godt mogne plommene etter to dagar i romtemperatur. I nokre parti vart halvparten av plommene øydelagt av ròtesoppar.
– Desse resultata var så tydelege at me kunne gje klåre råd til dyrkarar og fruktlager. Det aller viktigaste var å instruera plukkarane til å plukka plommene til rett tid, seier Børve.
Rett hausting er ein hårfin balansegang. Plommene må ikkje plukkast for tidleg, fordi dei då kan få lite smak og bli mindre søte. Samstundes er godt modne plommer meir utsette for ròte. Fruktlagera kan sortera dei mest mogne plommene for seg og selje dei raskt, medan høveleg mogne plommer kan halda seg på lager eit par veker.
Forskarane fann også at tiltak som reduserer soppsmitte i felt, verkar positivt på haldbarheita etter hausting.
– Som vanleg er god agronomi også bra for haldbarheita på lager og i butikk. Skal me sikra kvalitet heilt fram til forbrukar, må ein jobba for det gjennom heile vekstsesongen, avsluttar Børve.
Denne pressemeldingen er basert på en artikkel publisert på NIBIO.no. Medier kan fritt benytte både innholdet i pressemeldingen og tilhørende bilder mot kreditering av fotograf og henvisning til NIBIO.
Nøkkelord
Kontakter
Jorunn BørveNIBIO / Divisjon for bioteknologi og plantehelse
Tel:(+47) 958 78 057jorunn.borve@nibio.noBilder




Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Samler hele matsystemet rundt samme bord2.10.2026 13:45:23 CEST | Pressemelding
Hva skjer når fiskere, bønder, næringsliv, myndigheter og forskere setter seg rundt samme bord for å diskutere framtidens matproduksjon? I FULCRUM-prosjektet samles aktører fra hele matsystemet for å dele erfaringer, identifisere utfordringer og utforske løsninger sammen.
Fiskeslam bør foredles før det blir brukt som gjødsel30.9.2026 11:15:20 CEST | Pressemelding
Fiskeslam frå landbasert oppdrett inneheld næringsstoff som kan nyttast av planter. Men gjødseleffekten av nitrogen er svakare enn venta. Forskarar ved NIBIO meiner slammet bør vidareforedlast før det blir brukt som gjødsel.
NIBIO har kartlagt jorda langs framtidige vegtrasear på Vestlandet29.9.2026 11:36:02 CEST | Pressemelding
NIBIO har kartlagt jord langs fleire framtidige vegtrasear frå Sørlandet til Nordmøre. Kartlegginga skal gje vegplanleggjarane eit betre grunnlag for å vurdera konsekvensane for jordbruksareala når nye vegar vert planlagde.
50 år gamle forsøk viser at østeuropeisk gran veks betre enn norsk24.9.2026 10:27:27 CEST | Pressemelding
Gran frå Tsjekkia, Slovakia, Romania, Ukraina og Kviterussland veks betre i norsk klima enn norsk gran. Det viser nye analysar av forsøk som har pågått i nærare femti år.
PLANTEARVEN-prisen 2026: Gamle norske grønnsaksorter får nytt liv22.9.2026 13:19:08 CEST | Pressemelding
Jær-ert og Norderås-tomat er blant gamle norske grønnsaksorter som nesten forsvant. Nå er de igjen tilgjengelige for dyrkere over hele landet, takket være Solhatt økologisk hagebruk. Tirsdag ble innsatsen belønnet med PLANTEARVEN-prisen 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom