Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket fordeler 24 millionar til leselyst og felles digital løysing for biblioteka

10.9.2026 10:45:00 CEST | Nasjonalbiblioteket | Pressemelding

Del

Nasjonalbiblioteket fordeler 24 millionar kroner til bibliotekformål i 2026. 15 millionar går til ei felles digital formidlingsløysing for folkebiblioteka, medan ni millionar går til tiltak for leselyst blant barn og unge.

To jenter leser bøker på biblioteket Deichman Rommen.
To jenter som les på biblioteket Deichman Rommen. Foto: Erik Thallaug / Deichman

Midlane er ein del av løyvingane frå regjeringa til biblioteksektoren. I år blir dei fordelte til felles satsingar som skal kome bibliotek og bibliotekbrukarar over heile landet til gode.

 – Å styrkje lesinga og leselysta blant både barn og vaksne er ei viktig oppgåve for Arbeidarparti-regjeringa. Derfor har vi mellom anna lansert ein leselyststrategi, og midlane som no går til leselyst, er ei direkte oppfølging av den. Biblioteka våre over heile landet er svært viktige i arbeidet med å skape leselyst og for å gjere litteratur og kunnskap meir tilgjengeleg for alle, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– Vi veit at det er behov for å styrkje lesinga blant barn og unge. Derfor er arbeidet med leselyst særleg viktig og noko Nasjonalbiblioteket prioriterer svært høgt, seier nasjonalbibliotekar Åse Wetås.

Felles digital inngang til biblioteket

Den felles digitale formidlingsløysinga, som får namnet bibliotek.no, skal gjennom nettsider og app gjere det enklare for biblioteka å formidle digitale tenester og innhald, og gi publikum ein meir heilskapleg digital inngang til biblioteket. Målet er også å gi innbyggjarane eit meir likeverdig bibliotektilbod, uavhengig av kvar dei bur og kor stort det lokale biblioteket er.

– Vi er glade for å kunne følgje opp eit tydeleg ønske frå sektoren om ei felles digital løysing. Ho skal gjere det enklare for biblioteka å formidle tenestene sine og gi folk eit meir likeverdig bibliotektilbod, uansett kvar i landet dei bur. Samtidig vidarefører vi satsinga på leselyst blant dei yngste, seier Grete Stuevold Madsbakken, direktør for bibliotektenester ved Nasjonalbiblioteket.

Bergen offentlege bibliotek er pilotbibliotek i satsinga. Løysinga skal kunne takast i bruk av både små og store folkebibliotek, og samtidig ta vare på det enkelte biblioteket sin eigenart.

Ni millionar til leselyst blant barn og unge

7,5 millionar kroner går til samarbeid mellom barnehagar og bibliotek for å gi barnehagebarn betre tilgang til bøker. Tiltaket følgjer opp regjeringa sin leselyststrategi, som legg særleg vekt på lesing for dei yngste. Midlane blir tildelte fylkesbiblioteka, som fordeler dei vidare.

Midlane har så langt bidrege til å styrkje samarbeidet mellom bibliotek og barnehagar og til tiltak som Tøyveskebibliotek, Bokstart og andre lese- og formidlingsaktivitetar for dei yngste.

I tillegg fordeler Nasjonalbiblioteket 1,5 millionar kroner til Sommarles.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

To jenter leser bøker på biblioteket Deichman Rommen.
To jenter som les på biblioteket Deichman Rommen.
Foto: Erik Thallaug / Deichman
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Handverksfestivalen 2026: Kjøkkenet – rommet, reiskapane, maten2.9.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding

Kjøkkenet blir kalla det viktigaste rommet i huset – eit rom fullt av handverk, kunnskap og kulturhistorie. Rommet, reiskapane og maten står i sentrum når Nasjonalbiblioteket inviterer til Handverksfestivalen 18. og 19. september, med verkstader, foredrag, film og mat på Solli plass. Her kan du spikke ein tradisjonell visp av toppen på eit grantre, tvinne og bøye ståltråd til enkle kjøkkenting i romanitradisjon og lære å fermentere grønsaker. Knut Nærum fortel noregshistorie gjennom kjøkkenreiskapar, og Lene Berg viser fram kjøkkenet i kunst, litteratur og film.

To festivaler, ny Strid-sesong, norsk spillhistorie og matkultur på Nasjonalbiblioteket i høst19.8.2026 10:45:00 CEST | Pressemelding

Kjøkkenet er tema for årets Håndverksfestival, Nasjonalbiblioteket lanserer en helt ny festival om musikk, og norsk matkultur løftes i en ny arrangementsserie. Historiepodkasten Strid kommer med ny sesong, og serien om norsk spillhistorie fortsetter. Seksualopplysning, middelalderbyer, kart, demokrati og polsk kultur i Norge står også på programmet. Hasse Hope, Marte Michelet, Åse Røthing, Christina Wong, Halvar Ellingsen og May Linn Clement er blant dem publikum kan møte på Nasjonalbiblioteket denne høsten.

Nye språkmodeller fra Nasjonalbiblioteket skal styrke KI tilpasset norske forhold10.8.2026 12:08:26 CEST | Pressemelding

Nasjonalbiblioteket har lansert de første språkmodellene på bokmål og nynorsk som er trent på opphavsrettsbeskyttet tekst fra norske aviser. Modellene er utviklet for å bidra til at kunstig intelligens som brukes i Norge, bygger på norske språk, norsk kultur og kunnskap om norske forhold. Med dette tar Norge en lederrolle i å gjøre språkmodeller fritt tilgjengelige etter trening på lisensiert opphavsrettsbeskyttet materiale.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye