Delta

Varslar streik for helsesekretærar ved Volvat

7.9.2026 13:04:30 CEST | Delta | Pressemelding

Del

Det blir streik ved Volvat Medisinske Senter i Bergen frå laurdag 12. september viss partane ikkje vert einige i meklinga mellom Delta og NHO.

BRANSJESTANDARD: – Lønna hos private tilbydarar må vere på nivå med tilsvarande stillingar i det offentlege og i andre sammenlignbare private verksemder, seier forhandlingsleiar og nestleiar i Delta, Marit Solheim.
BRANSJESTANDARD: – Lønna hos private tilbydarar må vere på nivå med tilsvarande stillingar i det offentlege og i andre sammenlignbare private verksemder, seier forhandlingsleiar og nestleiar i Delta, Marit Solheim. Foto: Nadia Frantsen

Fredag 11. september startar meklinga mellom Delta og NHO Geneo om Helse- og omsorgsovereinskomsten på avtale 596.

Fristen for å bli samde i meklinga er fredag 11. januar klokka 24.00. Viss partane ikkje blir samde går det mot streik i private helse- og omsorgsverksemder i NHO frå laurdag 12. september.

Det er tredje gongen på rad at det ender i mekling med NHO på denne overeinskomsten.

Tek ut 10 medlemmer i første fase

I første omgang har Delta teke ut 10 medlemmer ved Volvat Medisinske Senter i Bergen. Det er særleg laboratorietenestene som vil bli ramma.

Derfor kan det bli streik

Bakgrunnen for også denne meklinga er at det økonomiske tilbodet frå arbeidsgivarsida var for dårleg.

Delta krev eit lønnsnivå og ei lønnsutvikling på denne avtalen som er i tråd med det som gjeld i samfunnet elles.

– Lønna må derfor vera på nivå med tilsvarande stillingar i det offentlege og i andre samanliknbare private verksemder, seier forhandlingsleiar og nestleiar i Delta, Marit Solheim.

–  For oss er det viktig å halde seg til den bransjestandarden innanfor helse og omsorg som er i dag, og som er lagd til grunn i kommunane og andre helse- og omsorgstilbydarar. seier Solheim.

–  Reallønnsvekst for medlemmene er eit hovudkrav for oss i dette oppgjeret. Arbeidsgivar kom oss ikkje i møte på dette, seier ho.

Delta kan ikkje akseptere eit resultat som kan gi vesentleg dårlegare vilkår enn på samanliknbare arbeidsplassar.

Delta har hatt felles krav med, og vil mekle saman med, Fagforbundet og FO.

Nøkkelord

Kontakter

Med 123 000 medlemmer er Delta landets femte største fagforening og det største forbundet i hovedorganisasjonen YS.

Delta har medlemmer i alle deler av arbeidslivet, både i offentlig tjenesteyting, private virksomheter og organisasjoner. 

Delta er partipolitisk uavhengig og utvikler arbeidslivet med fokus på medlemmenes livskvalitet. 

Trygghet, nærhet til medlemmene og gode løsninger i arbeidshverdagen er viktig for oss. Vi står på medlemmenes side når endringene kommer, uansett bransje, politisk tilhørighet eller om de jobber innen det private eller offentlige.

Følg pressemeldinger fra Delta

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Delta på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Delta

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye