UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Terapi verkar betre når pasienten kan uttrykkje kjenslane sine

1.9.2026 10:04:19 CEST | UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet | Pressemelding

Del

Kva er det eigentleg som gjer at psykoterapi verkar? Ny forsking frå Universitetet i Oslo peikar mot ein viktig del av svaret: kva som skjer med kjenslane våre.

Nils Martin Sønderland
Nils Martin Sønderland Knut Neerland

Psykologspesialist Nils Martin Sønderland har undersøkt korleis følelsesmessige endringar heng saman med effekten av psykoterapi. I ein stor gjennomgang av 121 studiar fann han at fleire ulike terapiformer har noko viktig til felles: Når behandling verkar, ser pasientane ofte ut til å få eit betre forhold til eigne følelsar.

Det handlar ikkje berre om å kjenne meir. Det handlar om å kunne legge merke til kjenslane sine, tole dei, forstå kva dei signaliserer og uttrykkje dei på ein måte som passar situasjonen.

I ein studie av pasientar med alvorleg sosial angst fann Sønderland at dei som undervegs i behandling vart betre til å integrere følelsane sine, seinare fekk mindre sosial angst og færre vanskar i relasjonar til andre.

Ein kasusstudie av ein pasient med depresjon viste korleis slike endringar kan skje i praksis. Når vonde følelsar som skam, sinne og tristhet vart betre skilde frå kvarandre og kunne uttrykkjast, vart det lettare å sørgje over det som hadde gått tapt. Etter kvart vart det også meir rom for glede og openheit.

– Følelsar gir oss informasjon om kva som skjer i oss og mellom oss. Når vi blir betre i stand til å forstå og bruke følelsane våre, kan det gi grunnlag for betre psykisk helse og relasjonar, seier Sønderland.

Funn frå avhandlinga kan bidra til betre forståing av kva som faktisk skjer når psykoterapi fører til endring – og gi retning for korleis framtidas terapi kan utformast.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Langtrekkende missiler utfordrer strategisk stabilitet20.8.2026 15:34:18 CEST | Pressemelding

Fabian Hoffmann viser i sin ferske doktoravhandling at konvensjonelle langtrekkende presisjonsvåpen i økende grad brukes til å oppnå strategiske mål – også dypt inne i motstanders territorium. Hoffmann analyserer hvordan slike våpen kan erstatte kjernefysiske våpen i enkelte tilfeller, og hvordan både våpnenes egenskaper og partenes trusseloppfatninger av hverandre kan drive opp nye rustningskappløp.

Ny doktorgradsstudie: Hva påvirker befolkningens holdninger til krig og sikkerhetspolitikk?11.8.2026 10:07:25 CEST | Pressemelding

I en tid preget av geopolitisk krise og et fragmentert mediebilde stilles det stadig oftere spørsmål ved om folk flest fortsatt kan påvirke utenrikspolitikken i demokratier. Offentlig debatt, sterke normer og fri tilgang til informasjon har vært bærende for den moderne freden mellom demokratier. Ny doktorgradsavhandling fra UiO diskuterer om disse forutsetningene nå er så truet at denne freden er i ferd med å forvitre.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye