Medietilsynet

Søk om støtte til forsking på medier og dataspill

27.8.2026 11:26:29 CEST | Medietilsynet | Pressemelding

Del

Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.

Frå redaksjonen i Aftenposten. Tre personar står og følgjer med på ein av skjermane der det er bilete av Russlands president Vladimir Putin.
Illustrasjonsfoto, avisredaksjon. Foto: Medietilsynet/Ketil Blom

Forskarar, journalistar, masterstudentar eller andre med gode forskingsprosjekt kan søke om midlar når Medietilsynet skal fordele tilskot til medieforsking for 2027. I år var det totalt om lag 5,5 millionar kroner til fordeling. Det eksakte beløpet for 2027 vil bli vedtatt som en del av statsbudsjettet for neste år. 

Forskinga skal vere praktisk orientert og skal kunne brukast i mediekvardagen. 

Søknadsfristen er 14. oktober, og pengane blir fordelte på nyåret.

Ønsker forsking på mediemangfald og kritisk medieforståing

Midlane går til forskings- og utviklingsarbeid knytt til media og mediebruk, og prosjekta skal ha både ein teoretisk og praktisk nytteverdi.

– Forsking innanfor mediemangfald og kritisk medieforståing blir prioritert, seier avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten i Medietilsynet.

Medietilsynet påpeikar at desse områda er viktige for eit velfungerande demokrati, og at det derfor trengs forsking på dei.

Nær ein million kroner til forsking på dataspeling

900 000 kroner i ordninga er øyremerkt forsking på dataspel. Desse midla skal gi meir nyttig kunnskap om dataspelfeltet. 

– I regjeringas handlingsplan mot speleproblem 2026-2029 blir det blant anna framheva at vi treng å forstå betre kva faktorar som bidrar til problemspeling. Korleis designet til spela påverkar unge spelarar, kva den sosiale konteksten i spela har å seie for bruk av tid og pengar, og dessutan influensarars påverknad, er eksempel på område det er ønske om at blir forska på i den nye handlingsplanperioden, seier Sekkelsten.  

Søkarane kan forvente svar innan utgangen av februar 2027.

Les meir om støtta til medieforsking og forsking på dataspeling her på Medietilsynets nettsider.

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye