Andreas Rotevatn utforskar motsetnadar på nytt album "Mellom saltvatn og sola"
4.9.2026 09:00:00 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding
På sitt andre soloalbum "Mellom saltvatn og sola" tek Andreas Rotevatn publikum med inn i eit musikalsk landskap der progpop, viser, country, frijazz og K-pop lever side om side. Albumet er ei utforsking av motsetnadar og eit forsvar for det nyanserte, i ei tid prega av aukande polarisering.
"Mellom saltvatn og sola" er ute no. Lytt her.

Andreas Rotevatn er ute med sitt andre soloalbum, "Mellom saltvatn og sola”, oppfølgjaren til “Av daude gror” frå 2024. Med inspirasjon frå Ikarosmyta utforskar han motsetnadar, tvisyn og kompromiss gjennom eit sjangeroverskridande musikalsk univers. Albumet er ei påminning om verdien av nyansane, i ei tid der stadig fleire søkjer mot ytterpunkta, det vere seg mot høgre eller venstre på den politiske skalaen.
Myta om Ikaros er jo relativt velkjend. Ikaros som fekk vengjer av far sin, og vart fortald at han ikkje måtte flyge for nær sola. Grunnen var at voksen i vengene ville smelte, og han ville falle mot fortapinga. Historia har vore brukt som analogi for prisen av å vere hovmodig og å sikte for høgt.
Det som sjeldnare er kommunisert, er at faren òg seier noko anna til Ikaros. Nemleg at dersom sonen flyr for nær sjøen, vil òg det vere farleg, då vatnet vil gjere vengene for tunge og då ubrukelege. Å vere for sjølvutslettande er altså heller ikkje tilrådeleg! Her hentar Andreas Rotevatn tittelen til sitt andre soloalbum, og syner verdien av å leggje seg mellom saltvatn og sola.
Rotevatn seier at han ønskjer å lage musikk som er avansert, men tilgjengeleg. Journalisten Joakim Randa Berthelsen i Bergens Tidende skildra dette todelte ved musikken til Rotevatn slik etter ein konsert:
«Tenk at musikk kan være så leken og innfallsrik, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Rotevatn er rett og slett grisebra musikk.» Terningkast 6.
I møtet mellom det høgkulturelle og det kommersielle finn Rotevatn si musikalske stemme.
På plata finn ein eit breitt musikalsk spenn: frå ein progga poplåt som stadig skiftar takt- og toneart, til ein kødden countrypastisj; frå ei inderleg vise med innslag av frijazz anno 1959, til ein danselåt ein kanskje heller kunne kalla akustisk dansemusikk enn EDM; frå nikk til K-pop i nynorsk drakt, til ein high life-inspirert trombonelåt.
Som tekstforfattar skriv Rotevatn seg inn i ein lang tradisjon for nynorske diktarar, med eit fokus på natur, filosofi og den typiske tvisynte vestlandstenkjinga. Språkleg hentar han arkaiske ord frå fortida for å skrive om notida. På den eine sida ønskjer han ikkje å skape unødig stor avstand til publikum. Tekstane skal vere fengjande. Samstundes legg han inn gåter og referansar, som gjer at ein kan fordjupe seg i tekstane og stadig oppdage nye meiningar.
Forutan Andreas på trombone, tangentar og vokal, høyrer ein på plata eit band som må seiast å vere eit stjernelag:
Sander Nordahl – gitar
Nikolai Hængsle – bass
Elias Tafjord – trommer
Musikarane er handplukka, då dei både er ekstremt kompetente instrumentalistar og har ein særs velutvikla musikalsk smakssans. Ein finn dei att i andre prosjekt som BigBang, Steamdome, Band of Gold, Tigerstate, Harald Lassen, Ole Kirkeng, Daniela Reyes, Sassy 009 og Why Kai.
Elles er det med fleire interessante gjesteartistar: Lindstrøm, Tuva Syvertsen, Side Brok, Mari Kvien Brunvoll, Embla Karidotter og Henriette Eilertsen. Kanskje ei usannsynleg samling artistar ved første augekast, men Rotevatn lovar at i hans univers gir det meining!
I verda er den tvetydige bodskapen truga. Både heime og internasjonalt veks ytre venstre og ytre høgre seg sterkare. Tydelege bodskap frå dei som skrik høgast deler folk i svart og kvitt, ja og nei, meg og deg, oss og dei. Å slå eit slag for kompromisset er difor viktigare enn på lenge, meiner Rotevatn.
Andreas tenkjer ikkje på musikken sin som direkte politisk. Som diktaren Stein Mehren skriv i “Makt eller kraftkilde” frå 1973: «Jeg tror ikke kunsten forandrer verden. Men jeg tror den gode og oppriktige kunst kan bli kilder til forandring. Kilder til forandring av mennesker.»
I beste fall håpar Rotevatn at musikken hans kan vere ei slik kraftkjelde. Ved å sameine det folkelege og det elitistiske, ønskjer han å bygge bruer i eit tid kor snart uoverskridelege kløfter er i utvikling.

Om Andreas Rotevatn
Andreas Rotevatn (f.1989) er fødd og oppvaksen på Nordfjordeid. Han bur no i Oslo, og har ei solid karriere bak seg som musikar og komponist. Mellom anna vart han spellemannsnominert i 2020. Tidlegare har Rotevatn hatt ein variert musikalsk diett, og han har samarbeida med artistar som Cezinando, Jaga Jazzist, Ytre Suløens Jass-Ensemble & OJKOS. I soloprosjektet hans kulminérar den varierte bakgrunnen, i ei salig blanding av musikalske retningar. Men musikken høyrast likevel umiskjenneleg ut som Rotevatn - alltid med rytmefoten engasjert, og hjartet utpå brystet.
Nøkkelord
Kontakter
Leah Håland SolomonsProsjektleder / A&R777 MUSIC / Sounds Like Gold
Tel:97875479leah@777music.noBilder





Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. Grappa er i dag en del av labelgruppen Sounds Like Gold.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo og jazz på Hubro og Svale Records.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Iris Caltwait utforsker grensen mellom forelskelse og avhengighet på ny singel16.10.2026 09:02:00 CEST | Pressemelding
En brutal tittel, et drømmende lydbilde og en type kjærlighet som holder deg på pinkebenken. I dag er Iris Caltwait ute med "THE RAT AND THE FUCKING COCAINE", hennes første utgivelse siden fjorårets kritikerroste album "Again, for the first time", som sikret henne Spellemannprisen for Årets låtskriver og nylig ble nominert til Årets album hos P3 Gull. Lytt til "THE RAT AND THE FUCKING COCAINE" her.
Yngvils nye julelåt rørte filmskaperne til tårer - "Når mørket slipper tak" er ute nå16.10.2026 08:57:00 CEST | Pressemelding
I dag er Yngvil ute med "Når mørket slipper tak", en original julelåt skrevet spesielt til den nye norske familiefilmen "Mysteriepakken". Da regissør Silje Evensmo Jacobsen hørte den for første gang i klipperommet, satt både hun og klipperen igjen med tårer i øynene. Lytt til "Når mørket slipper tak" her.
Rolf Guptas prisbelønte Jordens sang er endelig ute på plate16.10.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Et av de mest betydningsfulle norske kor- og orkesterverkene fra de siste årene, Rolf Guptas prisbelønte storverk Jordens sang, er endelig ute på CD og digitalt.
Award-Winning "Song of the Earth" Marks Rolf Gupta’s Return to Composition16.10.2026 08:45:00 CEST | Press release
One of the most significant Norwegian choral and orchestral works of recent years, Rolf Gupta’s award-winning masterpiece Song of the Earth (Jordens sang), is finally being released on CD and digitally.
RUBI slipper debut-EP-en «E det ingen som vil dans lenger?» - ute 16. oktober16.10.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Å være sint betyr at man fortsatt bryr seg. Å gråte betyr at man fortsatt føler. Og selv når ting ser mørkt ut, finnes det fortsatt en grunn til å danse. På tittelsporet til RUBIs debut-EP «E det ingen som vil dans lenger?» oppfordrer han til akkurat det: Fortsett å danse. For ting blir ikke nødvendigvis bedre av å danse, men de blir heller ikke bedre hvis vi slutter. Debut-EP-en til RUBI «E det ingen som vil dans lenger?» er ute 16. oktober. Lytt her.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom