Sony Music Norway

Odd Nordstoga om å «Reise herifrå»

24.8.2026 07:43:00 CEST | Sony Music Norway | Pressemelding

Del

Fredag 28. august slepp Odd Norstoga "Reise herifrå", ein song om vatn med særleg appell til alle som elskar vatn. Låta er henta frå eit kommande studioalbum. 

Vinjevatn fotografera av Eli Versto
Vinjevatn fotografera av Eli Versto

Nasjonalskald Odd Nordstoga møter hausten med «Reise herifrå», ein ny smakebit frå det som blir hans tiande studioalbum.

Eg likar vatn! 

Har alltid gjort det. 

Eg likar å flyge bortover bølgetoppane på eit seglbrett i tjue knop. 

Eg likar å padle ut eit sund og sjå havet glitre, flatt under morgonsola. 


Eg likar dette vatnet

Det er fint å vera på

Det ligg i denne gamle dalen

og det reiser herifrå

 

Det ligg her like trufast

som berget det blå

men rører seg mjukt og stille

og det reiser herifrå

Og eg likar Vinjevatn! 

Om eg skal velje meg ein stad i Vinje, då blir det midt ute på vatnet i vindstilla, omkransa av fjella og skogen. 

Eg kunne fylgje straumen 

der den listar seg på tå

bort mellom bratte lier

på veg ut herifrå

 

Der ute ventar havet

Der er fridom å få

Der vatnet til alle tider

har reist herifrå

Kvifor er eg så glad i vatn? 

Eg veit ikkje. 

Kanskje eg fann ein årsak i denne låten. 

Her er ein song for oss som elskar vatn – utvegen over alle utvegar. 

Her ute er så stille

og dagen er ny

Eg er på ein spegel

med himlar og skyer i

Her svevar eg mellom granskog og fjell 

Her vil eg feste båten i kveld

 
Igjen har Odd samarbeidd med produsent Kåre Chr. Vestrheim. Odd på vokal og gitarar, Kåre på keyboards og med seg har dei eminente musikarar som Bjørn Sæther (trommer), Tor Egil Kreken (bass) og Øyvind Blomstrøm (gitar). Michael Scott Hartung har miksa og Morgan Nicolaysen mastra. 

 
Odd Nordstoga gjer «Reise herifrå» tilgjengeleg frå fredag 28. august 2026

Odd Nordstoga arbeidar med sitt tiande studioalbum Marthe Vannebo

Odd Nordstoga (1972) frå Vinje i Telemark er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet med albumet «Luring» i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Bokstavleg tala. Han har vorte nominert til og tildelt fleire prisar, mellom anna Edvard-prisen, Prøysenprisen, Gamleng-prisen og heile 5 Spellemannprisar inkludert «Årets Spellemann». Og som alle gode spelemenn får Nordstoga oss både til å danse og til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar han songar som rører ved livet me lever. Slik god musikk skal.
Nordstoga lever for møtet med publikum, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar. Han har vitja heile Noreg, og selt fleire hundre tusen billettar til konsertar og festivalar over heile landet. Han har skrive musikk til TV og film, bøker, og med musikken til adventkalender-serien «Jul i Svingen» og albumet “Jul” har han óg blitt ein viktig del av høgtida for mange.
Odd Nordstoga er vorten ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar – frå hans komande tiande studioalbum – med seg i skreppa.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Reise herifrå artwork
Reise herifrå artwork
Eli Versto
Last ned bilde
Odd Nordstoga pressebilde 1
Odd Nordstoga pressebilde 1
Marthe Vannebo
Last ned bilde
Odd Nordstoga pressebilde 2
Odd Nordstoga pressebilde 2
Marthe Vannebo
Last ned bilde

Om Sony Music Norway

Sony Music Entertainment Norway er en del av Sony Music Entertainment Group, og er et av Norges ledende plateselskaper. Vi representerer et bredt spekter av aktive norske og internasjonale artister, samt en omfattende katalog av stor musikkhistorisk betydning, kvalitet og innflytelse.

Vi respekterer og beundrer våre artister og er stolte av å kunne støtte og tilrettelegge for deres musikk og visjoner ved å skape det rette grunnlaget for kreativitet, vekst og utvikling. Som selskap bestreber vi å gi våre ansatte et godt og stimulerende arbeidsmiljø, og vi ønsker å ha fokus på inkludering, likeverd, mangfold, mental helse og miljø.

Sony Music Entertainment Norway representerer blant annet 2AM-DM, Adele, Arif, Bargee, Bernhoft, Beyoncé, Bruce Springsteen, Calvin Harris, CC Cowboys, deLillos, Emma Jensen, Foo Fighters, Frida Ånnevik, Harry Styles, Ina Wroldsen, Inge Bremnes, Julie Bergan, Justin Timberlake, Kamelen, Klossmajor, Kurt Nilsen, Kygo, Labrinth, Madeléne, Maria Mena, Matilda, May, Miley Cyrus, Morgan Sulele, Nora Jabri, Peder Elias, P!nk, Rosalia, Silje Nergaard,  Spelloppmaker, Staysman, Stig Brenner, SZA, Tigergutt101, Travis Scott, Tyler the Creator, Tyr, Wolf Alice, Zara Larsson med mange fler.

Følg pressemeldinger fra Sony Music Norway

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sony Music Norway på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sony Music Norway

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye