Ny søkbar ordning: Driftsmiddel til kulturfrivilligheita
18.8.2026 06:00:00 CEST | Kulturtanken | Pressemelding
Totalt 3,4 millionar kroner skal delast ut til frivillige organisasjonar som jobbar for eit meir mangfaldig og inkluderande kunst- og kulturtilbod for barn og unge.

– Driftsmiddel er veldig etterspurde av feltet, seier direktør i Kulturtanken Matias Hilmar Iversen.
«Inkludering i kulturliv: Driftstilskudd 2027» har same formål som tidlegare utlysingar av tilskotsordninga«Inkludering i kulturliv», ved at han skal bidra til at alle barn og unge får høve til å delta i kunst- og kulturaktivitetar.
Skilnaden er at denne utlysinga er retta mot heilskapen av arbeidet til organisasjonar i kulturfrivilligheita. Det er ikkje eit krav at søknaden blir knytt til eit tidsavgrensa prosjekt.
– Ofte må prosjekt avsluttast akkurat når dei har funne ut kva som fungerer - fordi det då ikkje lenger blir definert som eit prosjekt. Med denne ordninga ønskjer vi at tiltak som vi veit fungerer godt, skal kunne halde fram, seier Iversen.
Tilskot gjennom ordninga kan brukast til å finansiere både organisasjonsdrifta og gjentakande aktivitetar. Døme på utgifter er lønn, husleige og andre driftsutgifter, og dessutan aktivitetsrelaterte kostnader som honorar og reiseutgifter.
Overordna vil den nye driftstilskotsordninga kunne bidra til:
- auka mangfald i kulturlivet og fleire moglegheiter for barn og unge til å delta i lokale kulturaktivitetar
- større føreseielegheit i aktivitetar og drift for organisasjonar på feltet, som igjen kan gi større kontinuitet i tilbodet for barn og unge
- fagleg utvikling av arbeidet med mangfald og inkludering på systemnivå, ikkje berre gjennom enkeltståande prosjekt og tiltak
Fakta om «Inkludering i kulturliv: Driftstilskudd 2027»
- Det overordna formålet med ordninga er å bidra til auka mangfald og deltaking i kulturlivet blant barn og unge, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, etnisitet, funksjonsevne, sosial og økonomisk status, bustad og/eller tilhøyrsel til urfolk og nasjonale minoritetar.
- Kulturtanken forvaltar midlane på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet.
- Ordninga har ei ramme på 3,4 millionar kroner.
- Rettleiande søknadsbeløp er opptil 600 000 kroner. Midlane må brukast i løpet av 2027.
- Søknadsfristen er 1. oktober kl. 13.00. Søkjarar kan forvente svar i desember 2026.
Nøkkelord
Kontakter
Agnieszka J. BrynKommunikasjonsjef
Tel:922 15 646ajb@kulturtanken.noLenker
Følg pressemeldinger fra Kulturtanken
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturtanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kulturtanken
Desse mottar midlar frå tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv»7.7.2026 06:01:00 CEST | Pressemelding
65 prosjekt får tildelt midlar på til saman 13 millionar kroner.
Øker tilskuddene til nasjonale ensembler og kulturelle møteplasser for ungdom3.6.2026 06:03:00 CEST | Pressemelding
Regjeringen øker tilskuddene til de nasjonale ensemblene Norges Ungdomskor og Norsk Ungdomssymfoniorkester. UKM får en økning på 1,1 millioner kroner, og tiltak for mangfold og inkludering blir styrket.
1,5 millioner kroner til utvikling av nye litteraturproduksjoner for de minste19.3.2026 06:05:00 CET | Pressemelding
15 nye leselystprosjekter for barn i alderen 0-6 år mottar midler til utvikling av litteraturproduksjoner.
Søk tilskuddsordningen «Inkludering i kulturliv»26.2.2026 06:02:00 CET | Pressemelding
Opptatt av mangfold og inkludering for barn og unge i kulturlivet? Søk innen 30. april.
13 prosjekter mottar til sammen 5,5 millioner kroner23.2.2026 06:02:00 CET | Pressemelding
Pengene skal bidra til at flere barn og unge kan delta i og være med å forme lokale kultur- og fritidsaktiviteter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom