Berre 60 år gammal, men no blant Noregs viktigaste kyrkjer
17.8.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
No sett Riksantikvaren Steinkjer kyrkje på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. For første gang på 26 år kjem det ei ny kyrkje inn på lista.

Steinkjerkyrkja er ei modernistisk kyrkje frå 1965, og er utsmykka av kunstnaren Jakob Weidemann.
– Kyrkja er eit smykke som no får ein fortent plass på den prestisjetunge kyrkjelista, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Den er eit framifrå døme på etterkrigstidas kyrkjearkitektur, med ein heilt sentral plassering på torget i ein gjenreisingsby av nasjonal verdi.
Får nasjonalt vern på kyrkjelista
På 1990-talet starta arbeidet med å setje kulturhistorisk viktige kyrkjer inn på ei nasjonal liste. Dette var for å gje dei viktigaste kyrkjene eit vern mot riving og større endringar, for å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane for framtida. Ei listeført kyrkje skal handsamast som om ho var freda.
– Steinkjer kyrkje er gudshus og helligstad i Steinkjer, og eit bygg midt i byen som med sin monumentalitet opnar opp rommet for noko meir, seier biskop i Nidaros, Herborg Oline Finnset.
– Det er viktig og riktig at Steinkjer kirke no tas inn på Riksantikvarens liste over særleg verneverdige kyrkjer.
Dramatisk krigshistorie
Det er ei dramatisk historie bak den kyrkja vi kan sjå i dag. Den førre kyrkja på staden vart øydelagt av bomber i april 1940, saman med resten av byen.
– Steinkjer kyrkje har ein svært viktig rolle og funksjon for oss i Steinkjer, seier ordfører Gunnar Thorsen.
– Kyrkja er plassert sentralt på Steinkjer torg, og er eit naturleg samlingspunkt for oss alle i alle livsfasar. Steinkjer kyrkje har også ein stor kulturell verdi for oss i Steinkjer med Jakob Weidemanns kunst, og blir også nytta til konsertar og andre arrangement igjennom heile året. Den er ein av dei viktigaste identitetsberarane for kommunen vår, og vi er svært glade for at kyrkja vår no skal listeførast.
Liknar litt på Nidarosdomen?
Sjøl om kyrkja er nyare så liknar ho også på tidlegare tiders kyrkjearkitektur:
– Mange tykkjer at den breie og monumentale frontveggen som vendar mot torget minner om vestfronten på Nidarosdomen. Slik møter ein både gamal og ny tid i Steinkjer, seier Geiran.
Saman med det høge, frittståande klokketårnet, gjer kyrkja eit verdig og imponerande inntrykk. Bak frontveggen er sjølve kyrkja forma som ei kyrkjeklokke. Arkitekten bak bygningen var Olav S. Platou.
Steinkjer-kunstnaren Jakob Weidemann har teikna dei fleste glasmaleria og alterbildet, og han er rekna som ein av de viktigaste kunstnarane i norsk modernisme. Kunstverka gjer kyrkja eit unikt særpreg, og passar inn i det arkitektoniske uttrykket.
Fakta om kyrkjelista
Ei listeført kyrkje er verneverdig og har nasjonal verdi. Kyrkjene er vald ut etter kriteria som arkitektonisk og kunstnarisk verdi, kor representative og autentiske dei er, plassering og interiør. De kyrkjene som har fått plass på lista, kan få tilskot frå det statlege Kyrkjebevaringsfondet.
-
Alle kyrkjer bygd mellom 1650 og 1850 er listeført.
-
Mange kyrkjer bygd etter 1850 er også listeført.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder






Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Åpner vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug - som knyttes til Harald Hårfagres tid - skal undersøkes 124 år etter forrige utgraving.
Opnar vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug, som er knytt til tida til Harald Hårfagre, skal undersøkjast 124 år etter førre utgraving.
3,5 millioner til kulturmiljø over hele landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
3,5 millionar til kulturmiljø over heile landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser ei rekordstor interesse for å søke om midlar til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
Dampbåten D/S Bjoren blir freda13.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren fredar no dampbåten D/S Bjoren, eit unikt og levande kulturminne frå den tidlege samferdsla i Noreg.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom