Sony Music Norway

Flygande frå Ingebjørg Bratland

17.8.2026 08:24:00 CEST | Sony Music Norway | Pressemelding

Del

Ingebjørg Bratland slepp "Fly fint" om at det kan vera vakkert å sleppe taket og gje både den som reiser vidare og seg sjølv fri.

Ingebjørg Bratland slepp singelen "Fly fint" fredag 21. august
Ingebjørg Bratland slepp singelen "Fly fint" fredag 21. august

«Fly fint handlar om den litt underlege kjensla som kjem når nokon du er glad i reiser vidare, medan du sjølv blir ståande att. Hausten kjem, ting tek slutt – slik kastanjene i Bygdøy allé til slutt gjev opp. Av og til må ein berre klare å sleppe taket.»

Ingebjørg Bratland er ikkje berre ein særprega røyst. Ho er ein allsidig og observant kunstnar som skriv om det personlege så det kjennest universelt og det universelle så det kjennest personleg. Det er ekte kjensler som formidlast så ein umiddelbart forstår, men òg kan og vil høyre på det igjen og igjen.

«For det finst noko lyst i det òg. Å kunne ønskje nokon alt godt, sjølv om du gjerne skulle hatt dei nærare – eller aller helst reist saman med dei. Å ville at dei skal flyge, finne draumane sine og ha det fint, sjølv om det etterlèt eit tomrom hos deg.»

Som låtskrivar minner Ingebjørg oss om korleis det å vere raus med andre, og med seg sjølv, kan ha store ringverknader i livet. Å unne andre vel kostar deg kanskje noko, eller til og med mykje, men kan gje deg meir. Sjølv om ingen andre enn du og månen veit kva du har ofra.

«Månen får vere med på reisa. Eit lite lys over den som dreg, men kanskje like mykje over den som står att.»

Du kan “Fly fint” med Ingebjørg Bratland frå fredag 21. august.

Ingebjørg Bratland slepp ny musikk no i august Marthe Vannebo

Ingebjørg Bratland (1990) frå Telemark er ein av Noregs mest folkekjære artistar. Ho er kjend for si særprega røyst og evne til å formidle sterke kjensler med stor nærleik. Med sterke røter i den norske folkemusikktradisjonen har ho utvikla eit musikalsk uttrykk som rører seg saumlaust mellom vise, pop og tradisjon, og som treff eit breitt publikum. Ho var allereie populær og etablert som artist og utøvar då ho for alvor slo gjennom med det Spellemannpris-vinnande albumet “Heimafrå” saman med Odd Nordstoga i 2013. Ingebjørg har sidan etablert seg som ei tydeleg stemme i norsk musikkliv med eigne turnéar, utgjevingar og låtar som «Ingen som du», “Ljos" og «Fordi eg elskar deg». Gjennom karrieren har Bratland utmerkt seg som ein formidlar som kombinerer tradisjon med samtid, og som gir nytt liv til både eigne og andre sine tekstar. Ho arbeidar no med sitt femte studioalbum, som er venta i januar 2027.
Dei siste åra har ho nådd eit endå større publikum gjennom TV2-suksessen "Hver gang vi møtes", som mellom anna resultera i #1-hiten “Baby, du er rå!” i samarbeid med Hagle, og som framifrå mentor talentprogrammet i The Voice. Evna til å sjå talent i andre vart så til de grader tydeleg når ho i mai gjorde reint bord med å ha alle tre The Voice-finalistar. Ho har og stått på den legendariske revyscena Chat Noir i Oslo med “Ei ganske sann historie”, ei førestilling ho seinare tok med seg ut på turné. Med sin sterke kunstnarlege integritet og evne til å skape gjenkjennelege, tidlause forteljingar, står Ingebjørg Bratland i dag som ein av landets mest etterspurde artistar anten det er konsertar, plater eller førestillingar. Sumaren 2026 speler ho eit utval festivalar, og i oktober og november er det tid for ein omfattande Norgesturné med avslutning i Operaen i Oslo.  
Ingebjørg Bratland er høvesvis jamnleg kopla på, og du finn ho her:  heimeside – TikTok – Instagram - Facebook

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Artwork Fly fint
Artwork Fly fint
Last ned bilde
Ingebjørg Bratland (c) Marthe Vannebo
Ingebjørg Bratland (c) Marthe Vannebo
Marthe Vannebo
Last ned bilde

Om Sony Music Norway

Sony Music Entertainment Norway er en del av Sony Music Entertainment Group, og er et av Norges ledende plateselskaper. Vi representerer et bredt spekter av aktive norske og internasjonale artister, samt en omfattende katalog av stor musikkhistorisk betydning, kvalitet og innflytelse.

Vi respekterer og beundrer våre artister og er stolte av å kunne støtte og tilrettelegge for deres musikk og visjoner ved å skape det rette grunnlaget for kreativitet, vekst og utvikling. Som selskap bestreber vi å gi våre ansatte et godt og stimulerende arbeidsmiljø, og vi ønsker å ha fokus på inkludering, likeverd, mangfold, mental helse og miljø.

Sony Music Entertainment Norway representerer blant annet 2AM-DM, Adele, Arif, Bargee, Bernhoft, Beyoncé, Bruce Springsteen, Calvin Harris, CC Cowboys, deLillos, Emma Jensen, Foo Fighters, Frida Ånnevik, Harry Styles, Ina Wroldsen, Inge Bremnes, Julie Bergan, Justin Timberlake, Kamelen, Klossmajor, Kurt Nilsen, Kygo, Labrinth, Madeléne, Maria Mena, Matilda, May, Miley Cyrus, Morgan Sulele, Nora Jabri, Peder Elias, P!nk, Rosalia, Silje Nergaard,  Spelloppmaker, Staysman, Stig Brenner, SZA, Tigergutt101, Travis Scott, Tyler the Creator, Tyr, Wolf Alice, Zara Larsson med mange fler.

Følg pressemeldinger fra Sony Music Norway

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sony Music Norway på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sony Music Norway

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye