Meteorologisk institutt

Øyvind Breivik blir direktør for Havdivisjonen ved MET

7.8.2026 09:03:26 CEST | Meteorologisk institutt | Pressemelding

Del

Øyvind Breivik har takka ja til stillinga som direktør for Havdivisjonen ved Meteorologisk institutt. Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar for oseanografi og maritim meteorologi ved instituttet.

Øyvind Breivik blir havdirektør
Øyvind Breivik blir havdirektør Vilde Jagland/MET

Som direktør får Breivik ansvar for å leie og vidareutvikle MET sitt arbeid knytt til hav, oseanografi, maritime tenester, fjernmåling og dataforvalting.

– Eg gler meg stort til å ta fatt på arbeidet som direktør for dei nesten 90 svært dyktige forskarane i havdivisjonen. Dei er ekspertar på alt frå satellittmålingar av sjøis til drift av radioaktivt materiale. 

– Alt vi gjer skal på det eine eller andre viset vere med å trygge liv, miljøet og verdiar til havs. Det er svært motiverande for meg, og det skal vi gjere endå meir av framover i samarbeid med meteorologane våre og resten av instituttet. 

Arbeider aktivt for å forbetre varsling og modellar 

Breivik tek med seg brei erfaring frå forsking, fagleg leiing og utvikling av operative tenester for havområda. Han er også professor II i fysisk oseanografi ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Gjennom forskinga si har Breivik arbeidd med bølgjer, havmodellering, bølgjeklima, samspelet mellom hav og atmosfære og drift av objekt og forureining i havet. 

Eit gjennomgåande mål har vore å bruke betre observasjonssystem og varslingsmodellar til å auke tryggleiken og redusere miljøpåverknaden frå aktivitet til sjøs.

Frå forsking til konsekvensar for samfunnet 

Breivik har arbeidd i skjeringspunktet mellom forsking, teknologiutvikling og operative tenester i mange år. 

Han har også bidrege til forsking på korleis klimaendringar kan påverke ekstremvind og stormskadar. I prosjektet StormRisk har han med anna vore med å undersøkt samanhengen mellom vind, busetnad og økonomiske skadar. 

– Eit mål med arbeidet er å gjere varslinga meir konsekvensbasert, slik at varsla i større grad fortel kva vêret kan bety for menneske og samfunn.

Eit anna område Breivik har engasjert seg i, er utvikling av rimelege bølgjebøyer baserte på open programvare og lett tilgjengeleg elektronikk. Teknologien gjer det mogleg å samle inn langt fleire observasjonar av bølgjer, hav og sjøis enn tidlegare, og kan bidra til betre vêrvarsling og klimamodellar.

Ei sentral rolle for MET sitt nasjonale og internasjonale samarbeid 

Bakgrunnen hans omfattar dermed både grunnforsking, utvikling av modellar og observasjonssystem og bruk av kunnskapen i operative tenester. MET-direktør Roar Skålin fortel at Øyvind Breivik har den faglege tyngda og leiarerfaringa som MET søkjer. 

– Eg ser fram til samarbeidet og eg er trygg på at han vil bli ein viktig bidragsytar i den vidare utviklinga av våre operative tenester og vår forsking. Øyvind vil få ei sentral rolle i MET sitt nasjonale og internasjonale samarbeid innan fjernmåling, havovervaking og -varsling.

Breivik tek til i stillinga som direktør for Havdivisjonen 1. september.

Kontakter

Bilder

Øyvind Breivik blir havdirektør
Øyvind Breivik blir havdirektør
Vilde Jagland/MET
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Meteorologisk institutt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Meteorologisk institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Meteorologisk institutt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye