Statens vegvesen

Blir forseinka oppstart for E16 Lærdalstunnelen

7.8.2026 08:52:41 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Oppgraderinga av E16 Lærdalstunnelen blir forseinka grunna klage frå ein av entreprenørane. Saka skal avgjerast i retten mot slutten av månaden.

Oppgraderinga av E16 Lærdalstunnelen blir forseinka grunna klagehandsaming.
Oppgraderinga av E16 Lærdalstunnelen blir forseinka grunna klagehandsaming. Lars Olve Hesjedal

I midten av juni meldte Statens vegvesen at arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol var tildelt arbeidet  med å oppgradere Lærdalstunnelen. Men entreprenøren OneCo Infra som kom på andreplass i konkurransen klaga på tildelinga, og kravde etter kvart midlertidig forføying. Det betyr at kontraktsignering må vente til etter at klagen er handsama i retten, og ferieavvikling har gjort at dette har tatt ein del veker ekstra.

- Saka skal opp for Oslo Tingrett 24. august. Inntil saka er handsama og me har fått svar, er det usikkert når me kan kome i gang med oppgradering av tunnelen, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.

Oppstart blir utsett

Utfallet i retten vil avgjere kor mykje forseinking denne ekstra runden fører til. Opphaveleg var planen å starte arbeidet i tunnelen tidleg i september, men slik det ser ut no, kan arbeidet tidlegast kome i gang i november. Dette er no meldt ut til Aurland og Lærdal kommunar og andre sentrale aktørar.

Klagebehandlinga vil skyve heile prosjektet ut i tid, slik at sluttdatoen for oppgraderinga også blir flytta tilsvarande.

Kontakter

Bilder

Oppgraderinga av E16 Lærdalstunnelen blir forseinka grunna klagehandsaming.
Oppgraderinga av E16 Lærdalstunnelen blir forseinka grunna klagehandsaming.
Lars Olve Hesjedal
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye