Miljødirektoratet

Færre rovviltskadar også i år

10.8.2026 12:57:56 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding

Del

Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskadar på sau. Dette er dei nest lågaste tala sidan registreringa starta i 2002.

Ein rovviltkontakt flår ein sau for å undersøkje skadane nærare. I år vart det påvist at 489 sauer har vorte angripne av rovdyr.
Ein rovviltkontakt flår ein sau for å undersøkje skadane nærare. I år vart det påvist at 489 sauer har vorte angripne av rovdyr. Foto: Miljødirektoratet/Statens naturoppsyn Biletet kan brukast i samband med denne saka.

– Det er positivt å sjå at talet på sau som er påvist teken av rovvilt framleis går nedover. Det viser at gjennomføringa av rovviltpolitikken fungerer. Så vil det framleis vere ei belastning for enkelte beitebruk som blir hardt ramma. Derfor er det viktig at vi har gode ordningar for støtte, erstatning og tilpassing, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Statens naturoppsyn (SNO) har ansvar for å undersøkja sauer som er skadde eller døydde og dokumentera skadar, når dyreeigar mistenkjer at skadane kjem av rovdyr.

Per 1. august har det i 2026 vorte meldt inn 1230 sauer som anten var skadde eller døydde, der rovdyr kunne vera årsaka. Etter at SNO har gjort undersøkingar, har dei konkluderte med at 489 av sauene har vorte påvist angripne av rovdyr.

– Tala for påviste rovviltskadar i år er blant dei lågaste sidan me starta den systematiske kartlegginga for over 20 år sidan. Sjølv om det også i år er sauebønder som har opplevd store skadar, ser me at trenden med færre rovviltskadar held fram, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Kilde: Rovbase.no

Vesentleg færre skader frå bjørn

Talet på skadar frå bjørn er 159, og mykje lågare enn i fjor. Omtrent halvparten av skadane frå bjørn er påviste i Trøndelag, etterfølgde av Innlandet.

Skadane frå gaupe er det lågaste som er registrert i Rovbase per 1. august. For jerv, kongeørn og ulv er det noko auke samanlikna med fjoråret.

– Talet på skadar frå rovdyr vil normalt variera frå år til år. Dette er også førebelse tal per 1. august, og biletet kan endra seg framover. Me veit til dømes at det i august og september gjerne blir meldt inn fleire skadar frå særleg bjørn og jerv, seier miljødirektør Hilde Singsaas.

I november og desember behandlar statsforvaltarane søknader om erstatning, der skadedokumentasjonen er eitt av fleire moment i ei heilskapsvurdering.

Følg utviklinga i Rovbase

Du kan følgja med på talet på skadar og utviklinga framover ved å besøkja databasen Rovbase. Her finn du ei kartløysing der publikum kan sjå alle skadar der undersøkingane til naturoppsynet har konkludert med rovvilt som skadeårsak.

Det er berre dokumentasjon som har gått gjennom to-trinns kvalitetssikring og som har fått ein endeleg konklusjon som blir vist i Rovbase

Gå til visninga her: Rovbase

Du kan følgja med på talet på skadar og utviklinga framover, både nasjonalt eller i eige fylke eller kommune. Påviste rovviltskadar blir publiserte fortløpande etter kvart som dei blir melde inn og blir vurderte av SNO. Der kan du også filtrera på fylke eller kommune, og dato.

Les meir om tap av husdyr og tamrein til rovvilt: Tap av husdyr og tamrein til rovvilt - miljodirektoratet.no

Fakta om skadedokumentasjon:

  • Når det blir oppdaga skadde og døydde husdyr eller tamrein der det er mistanke om at skadane kan komma av freda rovvilt (gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn), skal det meldast inn til SNO. SNO har eit nasjonalt ansvar for å undersøkja og vurdera slike skadesaker. Målet med undersøkingane er å fastslå om det er sannsynsovervekt for at den innmelde skaden er gjort av ein av dei freda rovviltartane eller ikkje. Undersøkingane blir primært gjorde som grunnlag i behandlinga til statsforvaltarane av søknader om erstatning for rovviltskadar.
  • SNOs arbeid med skadedokumentasjon følgjer klare rutinar og instruksar, i eit totrinns kvalitetssystem. Denne totrinnsbehandlinga sikrar ei einskapleg behandling og vurdering av rovviltskadesaker i heile landet.
  • Ved vurdering om husdyr er drepe eller skadd av freda rovvilt blir nytta eigne kategoriar som seier noko om sjansane for årsaka til skaden:
  •  Dokumentert: Indikasjonane på ei skadeårsak er eintydige og kan ikkje forvekslast med andre årsaker.
  • Anteke: Indikasjonane på ei skadeårsak har sannsynsovervekt, men andre årsaker kan ikkje utelukkast.
  • Usikker: Indikasjonane på ei skadeårsak er svake og kan forvekslast med andre moglege skadeårsaker. Dokumenterte og antekne rovviltskadar blir rekna som påviste rovviltskadar.

Nøkkelord

Bilder

Ein rovviltkontakt flår ein sau for å undersøkje skadane nærare. I år vart det påvist at 489 sauer har vorte angripne av rovdyr.
Ein rovviltkontakt flår ein sau for å undersøkje skadane nærare. I år vart det påvist at 489 sauer har vorte angripne av rovdyr.
Foto: Miljødirektoratet/Statens naturoppsyn Biletet kan brukast i samband med denne saka.
Last ned bilde
Kilde: Rovbase.no
Last ned bilde
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye