Opnar vikingskipsgrav på Karmøy
5.8.2026 11:30:33 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
Grønhaug, som er knytt til tida til Harald Hårfagre, skal undersøkjast 124 år etter førre utgraving.

Den monumentale skipsgravhaugen Grønhaug på Karmøy blir denne veka opna og undersøkt av arkeologar frå Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger, på oppdrag frå Riksantikvaren og i samarbeid med Rogaland fylkeskommune.
Grønhaug er ei av fleire skipsgraver frå vikingtida som ligg på Karmøy. Storhaug er kanskje den mest kjende, og er ein del av Riksantikvaren si tilråding til Noregs venteliste for verdsarv.
No kan òg Grønhaug bli det. Undersøkinga er eit ledd i verdsarvsarbeidet.
– Dette blir utruleg spennande, og eg gler meg stort. Dette er som julaftan for alle oss som er glade i den norske vikingarven. Skipsgravhaugane i Noreg er utan sidestykke i verda, og på Karmøy er dei unike. Her ligg dei tettare enn i resten av landet, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– No ønskjer vi å få vite meir om Grønhaug, og få ny kunnskap om det historisk viktige kulturlandskapet langs Karmsundet og ein mogleg nominasjon til verdsarvlista. Det er framleis mykje vi ikkje veit om denne skipsgravhaugen, seier Geiran.
– Mykje urørt sidan vikingtida
Grønhaug vart sist undersøkt i 1902, og det vart då funne ei skipsgrav frå andre halvdel av 800-talet.
Undersøkinga blir leia av førsteamanuensis i arkeologi Marie Ødegaard og førsteamanuensis i arkeologi Håkon Reiersen ved Arkeologisk museum i Stavanger.
– Svært mykje av skipsgrava er bevart, så her ligg mykje urørt sidan vikingtida. Vi veit ikkje kva vi kjem til å støyte på, seier Ødegaard.
Grønhaugskipet er datert til kring år 864, noko som knyter skipsgrava til maktsenteret til Harald Hårfagre på Avaldsnes.
Skipet er laga av eik og måler 15 meter i lengd og 2,8 meter i breidd. Gravhaugen er 30 meter i diameter og om lag 4 meter høg.
– Det er heilt fantastisk at vi no skal få vite meir om korleis vikingane levde. Det er ein rik arv som det er viktig at vi tek vare på, seier museumsdirektør Kristin Armstrong-Oma ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger.
Opphav frå bronsealder?
Grønhaug ligg på line med ei rekkje eldre, monumentale gravhaugar frå bronsealderen. Det har difor vore spekulert i om haugen opphavleg er bygd i bronsealderen, og at skipsgrava frå vikingtida er eit seinare tillegg.
Berre delar av haugen vart undersøkte i 1902, og ein større brann på haugen ein gong før 1970 kan ha påverka funntilhøva i haugen.
Dette og andre detaljar om oppbygginga av haugen ønskjer arkeologane å få klarheit i gjennom undersøkingane.
Riksantikvaren leverte i desember 2025 ei fagleg tilråding til Klima- og miljødepartementet om å nominere den norske vikingarven til Noregs venteliste for verdsarv.
Dei sju monumentale skipsgravhaugane som inngår i tilrådinga, er Gjellestad i Østfold, Borrehaugane, Oseberghaugen og Gokstadhaugen i Vestfold, Storhaug i Rogaland, Myklebust i Vestland og Herlaugshaugen i Trøndelag.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder





Om oss
Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
3,5 millioner til kulturmiljø over hele landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
3,5 millionar til kulturmiljø over heile landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser ei rekordstor interesse for å søke om midlar til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
Dampbåten D/S Bjoren blir freda13.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren fredar no dampbåten D/S Bjoren, eit unikt og levande kulturminne frå den tidlege samferdsla i Noreg.
Spektakulært skipsfunn gjort i Skagerak1.6.2026 15:00:00 CEST | Pressemelding
Et 1700-tallsskip med en historisk last av kinesisk porselen og flere andre varer er funnet i norsk farvann. Det er det best bevarte funnet av sitt slag som er gjort i Nord-Europa.
Nå blir Ystås klyngetun fredet29.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Det tradisjonelle klyngetunet i Hardanger tas vare på for ettertiden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom