Store kontrastar prega juli

3.8.2026 15:08:29 CEST | Meteorologisk institutt | Pressemelding

Del

Juli baud på store kontrastar. Medan nedbøren viste store regionale skilnader med både uvanleg tørre og uvanleg våte område, fekk delar av Sør-Noreg ei hetebølgje midt i månaden. Samstundes var store delar av Europa prega av langvarig varme, tørke og skogbrannar.

Tipsarbilde frå Rose-Mari Hagen
Tipsarbilde frå Rose-Mari Hagen Rose-Mari Hagen Må avklarast av fotograf.

– Vi var tross alt heldige med juli månad, og fekk ikkje den intense varmen som dei har hatt lenger sør, seier klimaforsker Ketil Tunheim.

Lenkje til rapporten finn du her

Frå rekordtørt i Skjåk til ein våt juli i nord

Noreg fekk ein normal mengde med nedbør i juli månad når ein ser landet under eitt. Men bak gjennomsnittet skjuler det seg store skilnader. Nokre stadar regna det nesten ikkje, medan andre fekk meir enn dobbelt så mykje nedbør som vanleg.

– Sjølv om Innlandet, Telemark og Agder fekk langt mindre regn enn vanleg, vart juli ein våt månad fleire stadar i Nordland og Møre og Romsdal.

Dei våtaste målestasjonane var Lurøy i Nordland med 349,7 millimeter, Gullfjellet i Vestland med 337,0 millimeter og Samnanger II med 309,9 millimeter. Samtidig vart dei lågaste nedbørsmengdene registrerte i Skjåk II (5,5 mm), Hjartdal (7,9 mm) og Bjorli (9,2 mm).

– Skjåk opplevde sin tørraste juli sidan målingane starta for over 85 år sidan. Den tidlegare rekorden var frå 1946.

Store regionale temperaturskilnadar

Juli baud på store temperaturkontrastar. Sør- og Austlandet og Finnmark var varmare enn normalt, medan store delar av Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg frå Rogaland til Troms hadde ein kjøligare månad enn normalen.

Drammen hadde det høgaste gjennomsnittstemperaturen blant byane, medan Tromsø var den kaldaste. Størst temperaturavvik frå normalen vart målt i Vågsli (+3,4 °C) og Mo i Rana (-2,6 °C). 

– Drammen er den einaste stasjonen i landet som har hatt over 20 grader kvar dag i juli.

Svalbard avslutta juli med årets høgaste temperatur

Mot slutten av månaden vart det målt årets høgaste temperaturar på Svalbard lufthamn. Den 30. juli nådde temperaturen 13,6 °C, før han steig til 15,4 °C dagen etter, som er den høgaste temperaturen målt på Svalbard så langt i år. Same dag var det varmare der enn ved fleire målestasjonar på fastlandet, mellom anna Flesland, Kristiansund, Molde og Tromsø. 

Frå kontrastar i Noreg til ekstremvêr i Europa 

Medan juli baud på store regionale skilnader i Noreg, opplevde store delar av Europa ein månad prega av langvarige hetebølgjer, omfattande tørke og store skogbrannar. 

Fleire område fekk òg kraftige regn- og tordenbyer, og mot slutten av månaden trekte eit nedbørssystem frå Sentral-Europa nordover og førte til farevarsel om styrtregn i delar av Troms og Finnmark.

– Sjølv om vêret var mykje ulikt frå stad til stad, ser vi at høge temperaturar påverkar vêrsystema på fleire måtar. Ein varmare atmosfære aukar fordampinga og kan forsterke tørke, samstundes som ho kan halde på meir fukt og gi kraftigare regnskyll når nedbøren først kjem.

Kontakter

Klimavakten:
klimavakten@met.no
Telefon: 480 66 358

Ketil TunheimKlimaforsker

Meteorologisk institutt

Tel:41402243

Bilder

Klimatologisk månadsoversikt: Klassifisering av nedbør mot persentiler i referanseperioda 1991-2020. Illustrasjon: Helga Therese Tilley Tajet/ MET.
Klimatologisk månadsoversikt: Klassifisering av nedbør mot persentiler i referanseperioda 1991-2020. Illustrasjon: Helga Therese Tilley Tajet/ MET.
Helga Therese Tilley Tajet/ MET
Last ned bilde
Klimatologisk månadsoversikt: Klassifisering av temperatur mot persentiler i referanseperioda 1991-2020. Illustrasjon: Helga Therese Tilley Tajet/ MET.
Klimatologisk månadsoversikt: Klassifisering av temperatur mot persentiler i referanseperioda 1991-2020. Illustrasjon: Helga Therese Tilley Tajet/ MET.
Helga Therese Tilley Tajet/ MET.
Last ned bilde
Ei tørst atmosfære trekk til seg mykje vatten. Illustrasjon Charlotte Stark/ MET
Ei tørst atmosfære trekk til seg mykje vatten. Illustrasjon Charlotte Stark/ MET
Charlotte Stark/ MET
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Meteorologisk institutt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Meteorologisk institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Meteorologisk institutt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye