Andreas Rotevatn & Tuva Syvertsen tek deg på ei sonisk berg- og-dal-bane med kronisk rytmefot - "Ad infinitum" ute no
7.8.2026 09:07:00 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding
Frå ømt og intimt til eit vilt klimaks av ein band-jam - låta "Ad infinitum" tek deg på ei sonisk berg- og-dal-bane med kronisk rytmefot. Sjå for deg at Veronica Maggio leier eit vekkelsesmøte i indremisjonen kor målet er å gire forsamlinga opp med pur glede og suggesjon. Liturgien til den her seansen er Rotevatn sin tekst på arkaisk nynorsk, og krinsar kring at jaget mot noko nytt og sjølvrealisérande er ein uendeleg prosess.
"Ad infinitum", frå Andreas Rotevatn si komande plate "Mellom saltvatn og sola", er ute no!

Introen til låta sitérar starten på Miles Davis sin versjon av "Time after time" frå det elska/hata albumet "You're under arrest" frå 1985. Her høyrer ein jazztrompetister spele nokre av dei mest populære poplåtane på den tida i instrumental-versjon. Sånn sett er referansen eit godt bilete på prosjektet til Rotevatn - frå å vere ein jazzkomponist og - trombonist, har han no søkt mot eit meir poppa uttrykk, sjølv om det utvilsamt er mykje jazz i musikken og musiséringa til bandet. So får det vere opp til lyttaren om dei elskar eller hatar retningsvalet!
Når bandet* var i studio, fekk medspelarane til Rotevatn ei kjensle av å vere med i eit slags kristen-band på eit tidspunkt.
"Det var noko med den anmassande stemninga i siste del av låta, som vart meir og meir vill jo fleire gongar vi spelte låta, som hadde noko halleluja-aktig over seg. På den gode måten! Den insisterte på å bli stadig meir og meir intens", hugsar Andreas. No er jo Rotevatn ateist på sin hals. "Musikkarven frå gospel-miljøet kan vere like so god om ein er truande eller ei".
Ad infinitum er latin og tyder 'i det uendelege'. Som rimar overraskande bra på siste ordet i Olav H. Hauge sitt mest kjende dikt. I hans dikt snakkar Hauge om å glede seg over det nye og vedunderiege ein kan mote på i framtida. Rotevatn spinner vidare på det i sin tekst, og påpeikar korleis det jaget mot stadig nye røynsler og sjølvrealiséring, og kan verte ei uendeleg tørste ein ikkje kan sløkkje.
For å finne ein vokalist til å kunne bære teksten i låta, spurde Rotevatn Tuva Syvertsen. "Med si eiga evne til å vere intim og rå på same tid, kler ho musikken perfekt," meiner Andreas. "Og so er det ikkje alle som kan framføre ein sopass nynorsk tekst på ein truverdig måte, når ein er austlending!"
Albumet Mellom saltvatn og sola kjem ut 4.september på Grappa/Sounds Like Gold.
*Andreas Rotevatn - trombone, tangentar & vokal
Sander Nordahl - gitar
Nikolai Hangsle - bass
Elias Tafjord - trommer
Nøkkelord
Kontakter
Leah Håland SolomonsProsjektleder / A&R777 MUSIC / Sounds Like Gold
Tel:97875479leah@777music.noBilder






Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. Grappa er i dag en del av labelgruppen Sounds Like Gold.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo og jazz på Hubro og Svale Records.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Konradsen slipper "Live at MUNCH" før de legger ut på Norges- og Europaturne25.9.2026 09:14:17 CEST | Pressemelding
I april markerte Konradsen utgivelsen av sitt kritikerroste tredjealbum "Hunt, Gather" med en utsolgt konsert på MUNCH i Oslo. I dag slipper duoen "Live at MUNCH", som består av tre opptak fra denne spesielle kvelden, samt live-videoer filmet av den prisvinnende regissøren og filmfotografen Martin Bremnes. Lytt her.
Moddi & Kajsa Balto gir nytt liv til samisk kulturskatt25.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
'Gulndasaš' er ute nå!
Yngvil har lagd låtene hun selv kunne trengt - EP-en "PS: ikke si det til noen" er ute nå25.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Det har skjedd mye siden visepop-artisten Yngvil skrev låtene som endte opp på debutalbumet. Hun har blitt eldre, livet har rukket å filleriste henne litt og låtskrivingen har blitt spissere og mindre naiv. På EP-en "PS: ikke si det til noen" skriver hun om sider ved nære relasjoner hun selv har savnet låter om. Lytt til "PS: ikke si det til noen" her.
RUBI hyller pappaen sin med rørende ballade - ute 25. september25.9.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Da RUBI alias Ruben Skorstad var liten, kunne pappa fikse alt. Han kunne jage bort monstrene under senga og skremme bort spøkelsene i skapet. Som voksen har Ruben derimot begynt å se mennesket bak helten og innsett at også han lever livet for aller første gang. Nå slipper RUBI «Pappas vise», en hyllest til nettopp barndomshelten sin. «Pappas vise» slippes 25. september. Lytt her.
Anna Lille - 'My Man' - ute nå!11.9.2026 10:05:24 CEST | Pressemelding
"Har du nokon gong vore saman med nokon som vennene dine hata? Då kjem du til å ELSKE denne låta!"
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom