Desse mottar midlar frå tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv»

7.7.2026 06:01:00 CEST | Kulturtanken | Pressemelding

Del

65 prosjekt får tildelt midlar på til saman 13 millionar kroner.

Her e Æ!» er eit av prosjekta som får fleirårig støtte. Ein av deltakarane i prosjektet er Joel Lumba.
Her e Æ!» er eit av prosjekta som får fleirårig støtte. Ein av deltakarane i prosjektet er Joel Lumba. Court Ropp

– Arbeidarparti-regjeringa vil at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta i kulturaktivitetar, uavhengig av kvar dei kjem frå og kor stor lommeboka er. Midlane som blir delte ut gjennom denne ordninga, bidreg til dette, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv» skal fremje kulturaktivitetar som skaper møteplassar på tvers av bakgrunnar og/eller gir nye tilbod til barn og unge som har begrensa tilgang til organiserte fritidsaktivitetar.

Målet er å sikre at alle kan delta, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne, sosial og økonomisk status eller bustad.

I 2026 er tilskotsordninga på 13 millionar kroner. Totalt får 65 prosjekt tildelte midlar. Av desse har 25 fått fleirårig støtte.

I denne runden er det fire nye fleirårige tilskotsmottakarar: Snakk for deg sjøl AS, Kultur- og teaterverkstaden Fyret, Diversify og Norsk Forbund for Utviklingshemmede.

– Blant dei innvilga prosjekta er det estimert at over 1000 barn og unge vil vere involverte i planlegginga av prosjekta, over 12 000 vil vere deltakarar, og rundt 30 000 vil vere publikum. Det er godt å sjå at tilskotsordninga forsterkar arbeidet med å inkludere fleire, seier direktør i Kulturtanken, Matias Hilmar Iversen.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra Kulturtanken

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturtanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturtanken

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye