Universitetet i Bergen (UiB)

Klimaministeren opnar Rosendalsveko 2026

30.6.2026 13:53:06 CEST | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding

Del

Korleis påverkar klimaendringane naturen, friluftslivet, fjord og fjell? For sjette år på rad strøymer politikarar og næringsliv til Rosendalsveko i august. 

Rosendalsveko: Området rundt Rosendal er eit perfekt bakteppe for å snakke om klima og friluftsliv. På biletet ser ein blant anna Skålafjell, Melderskin, Folgefonna og tettstaden Rosendal.
Rosendalsveko: Området rundt Rosendal er eit perfekt bakteppe for å snakke om klima og friluftsliv. På biletet ser ein blant anna Skålafjell, Melderskin, Folgefonna og tettstaden Rosendal. Solfrid T. Langeland UiB

Rosendalsveko samlar forskarar, næringsliv, politikarar og samfunnsengasjerte til to dagar med faglege samtalar, debatt og idéutveksling om klima, naturmangfald, energi og vegen mot eit meir berekraftig samfunn.

UiB er medarrangør for Rosendalsveko som går føre seg 3.–4. august på Folgefonnsenteret i Rosendal.

Årets tema er «Klimatilpassing – frå kunnskap til handling», med særleg vekt på korleis klimaendringane påverkar natur, friluftsliv, fjord og fjell – og kva som skal til for å ta gode val for framtida.

Klimaministeren opnar 

Klima- og miljøminister Anders Bjelland Eriksen opnar konferansen. Han har tidlegare teke til orde for å stansa bit-for-bit-nedbygginga av norsk natur.

Konferansen samlar regionens fremste forskarar deler den nyaste kunnskapen om arealutfordringar vi står overfor på land og i sjø. 

Kven skal bestemma?

Kraftutbygging, hytteutbygging og havbruk – «alle» vil ha sin bit av kysten, men kven skal bestemma over arealbruken? Regjeringa, Storting, forvalting, fylkeskommunar – eller er det kanskje kommunane sjølve?

Tidlegare i år avslo Statsforvaltaren ni søknader om nye oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden, av omsyn til miljøkostnaden av utsleppa. Samstundes vert store nye kraftprosjekt, effektoppgraderingar og nye linjetrasear både planlagde og bygde.

Under Rosendalsveko møtest lokalpolitikarane og stortingspolitikarane, næringslivsleiarane og akademia til diskusjon. 

Konferansen samlar om lag 120 deltakarar kvart år. I år deltek mellom andre klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, Lars Haltbrekken (SV), Ove Trellevik (H), Frøya Skjold Sjursæther (MDG), Helge Andre Njåstad (FrP), Erling Sande (Sp) og Linda Merkesdal (Ap). Dessutan deltar ordførarane Vegard Bjørnevik (Kvinnherad), Mette-Heidi Ekrheim (Etne), Timo Knoch, (Eidfjord)og Bente Kari Sletten Taranger (Austevoll).

Fakta: Rosendalsveko 2026

Rosendalsveko er ein årviss konferanse, som samlar kunnskapsinstitusjonar, næringsliv, samfunnsliv og politikarar til formidling av kunnskap og diskusjonar rundt klima, naturmangfald, energi, næringsutvikling  og berekraft.

Når: 3. - 4. august 2026

Kor: Folgefonnsenteret, Rosendal 

Arrangør: Folgefonnsenteret, Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet 

Sjå fullt program her: https://folgefonnsenteret.no/rosendalsveko/

Ønskjer du meir informasjon eller kommentarar, kan du kontakta programkomiteen:

Geir Lasse Taranger (HI), mobil 9011 1596,

Jostein Bakke (UiB), mobil 9927 3343,

Kerim H. Nisacioglu (UiB), mobil 9804 9414,

Charlotte Gannefors Krafft (UiB), mobil 9006 0854,

Ingvard Havnen, mobil 9546 8393 og

Una Kolle, Folgefonnsenteret, mobil 9915 5425.

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye