Statens vegvesen

Reguleringsplanen for E39 Stord-Os er lagt ut på høyring

25.6.2026 12:42:10 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Statens vegvesen har lagt ut planen for ny E39 mellom Stord og Os, Hordfast, på høyring. Ny veg vil redusere reisetida med éin time.

E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 mellom Søreid og bru over Bjørnafjorden. Vegen vekslar mellom tunnelar, veg i dagen og bruer.
E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 mellom Søreid og bru over Bjørnafjorden. Vegen vekslar mellom tunnelar, veg i dagen og bruer. Kjelde: Statens vegvesen/COWI Statens vegvesen

E39 er hovudvegen på Vestlandet. Ny E39 vil redusere reisetida med opp mot ein time og gi ei langt betre transportåre mellom bu-, industri- og næringsområde som Stavanger, Haugesund, Karmøy, Stord og Bergen.

Viktig del av langsiktig arbeid

Statens vegvesen har i mange år arbeidd med å få ned reisetida mellom Bergen og Stavanger til under to timar.

  • I 2022 opna ny veg mellom Bergen og Os. Reisetida vart redusert med minst 17 minutt.
  • Ny E39 mellom Stord og Os held fram sørover frå der vegen opna i 2022 og gir ei innsparing i reisetid på opptil ein time.
  • Lenger sør, mellom Bokn og Bømlafjorden, planlegg vegvesenet ny veg som vil redusere reisetida med 30 minutt.
  • Sør mot Stavanger er Rogfast allereie under bygging. Rogfast vil åleine redusere reisetida med rundt 45 minutt.

Lengste planlagde strekning

På bestilling frå Samferdselsdepartementet har Statens vegvesen sidan hausten 2020 utarbeidd forslag til statleg reguleringsplan for 55 km ny E39 mellom Ådland og Svegatjørn, også kjend som Stord–Os eller Hordfast. Reguleringsplanforslaget er truleg Statens vegvesen sin mest omfattande reguleringsplan nokon gong.  Det er gjennomført eit omfattande planarbeid for å belyse vegprosjektet og konsekvensane.

vegvesen.no ligg no plankart, reguleringsføresegner, planomtale, konsekvensutgreiing for alternativa sør på Tysnes, fagrapportar og  andre plandokument saman med bilde og filmar som illustrerer vegen.

Prosjektleiar Henry Damman i Statens vegvesen er oppteken av at planen som no blir lagt ut på høyring, er meir enn sjølve fjordkryssinga.
– Dette er den lengste samanhengande vegstrekninga i Noreg vi har laga reguleringsplan for. Mange forbind kanskje prosjektet med ingeniørkunsten ved å lage verdas lengste flytebru over Bjørnafjorden. Prosjektet og reguleringsplanen inneheld langt meir enn det, med til saman 55 km europaveg, minner han om.

Ny E39 - erstattar fleire ferjer

Reguleringsplanen bygger på kommunedelplan som var vedtatt i 2019, der framtidig korridor for ny E39 vart avklart.

Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t. Ny veg skal erstatta fleire ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru. Til saman vert det foreslått å byggje fem toplanskryss, fem store bruer, fem til sju tunnelar og 30-32 kilometer med veg i dagen.

Optimalisering av vegen – Natur og kostnad

Veglinja er tilpassa for å redusere naturinngrep og for å få ned kostnaden. Gode registreringar av naturmangfald har gjort det mogleg å justere linja bort frå nokre av dei mest verdifulle lokalitetane. Å gå ned på vegstandarden frå 110 til 100 km/t har gitt noko mindre arealbeslag. Omfanget av spesielt tunnelar, men også bruer er redusert for å få ned kostnaden. 

Planområdet har store naturverdiar, blant anna fleire område med boreonemoral regnskog som er ein sjeldsynt og raudlista naturtype som Noreg har eit internasjonalt ansvar for. Som del av reguleringsplanoppdraget er det utarbeidd eit fagleg grunnlag for å vurdere behov og omfang av økologisk kompensasjon for prosjektet.

I utviklingsporteføljen i NTP

Prosjektet er kostnadsrekna til 53 milliardar kroner, med ein netto nytte per budsjettkrone (NNB) på - 0,03. Dette gjer prosjektet til eitt av dei mest lønnsame samferdselprosjekta i Noreg.

Strekninga er i gjeldande Nasjonal transportplan omtalt i utviklingsporteføljen, som det ikkje er rom for å realisere innanfor NTP-perioden 2025–2036. Samstundes vart Statens vegvesen bedt om å ferdigstille reguleringsplanen for å ha det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved seinare rullering av NTP. Kommunal og distriktsdepartementet (KDD) som har bedt vegvesenet legge planen ut på høyring.

Lang høyringsperiode

Reguleringsplanen blir lagd ut på høyring og offentleg ettersyn måndag 22. juni. Frist for innspel blir 1. oktober.

– Dette er eit omfattande materiale å setje seg inn i. I månadsskiftet august/september vil vi arrangere folkemøte i Bjørnafjorden, Tysnes og på Stord. Vi opnar også dørene til opne kontordagar der alle kan kome for å snakke med oss. Vi vil oppfordre til at dei som har interesser i planområdet nyttar høve til å sende sine innspel, forklarer Damman.

Hvis du vil se dette innholdet fra youtube.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Framtidig reisetid mellom Bergen og Stavanger.
Hvis du vil se dette innholdet fra www.youtube.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Video som syner forslag til reguleringsplan for ny E39 mellom Stord og Os.

Kontakter

Bilder

Oversiktskart over 55 km ny E39 mellom Stord og Os. Det er planlagt fem kryss. Sør på Tysnes har ein sett på ulike alternativ merka C2, C3, D1 og D2. Statens vegvesen tilrår alternativa C3 og D1. Traseen bygger på vedtatt kommunedelplan med konsekvensutgreiing frå 2019. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Last ned bilde
E39 Ådland-Svegatjørn. Det viktigaste kysset for Tysnes vil ligge på Søreid. Her vil det bli bygd ny fylkesveg med separat gang/og sykkelveg ned til dagens veg som gir god tilkopling mot eksisterande veg nordover mot Uggdal/Våge og sørover mot Flatråker/Hodnanes. Ved krysset er det regulert kollektivanlegg, parkeringsplassar og plass til andre framtidige tiltak. Illustrasjonen viser alternativ D1 ved Søreid.

Kjelde: Statens vegvesen/COWI Statens vegvesen
Last ned bilde
E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny bru over Ulvenvatnet og toplanskrysset på Kolskogen. Dagens E39 er lagt om like nord for Mobergsbrua og kopla til toplanskrysset. Nord for Ulvenvatnet er det ny fylkesveg mellom toplanskrysset og Ulvenvegen. Ny gangbru bind saman skuleområdet og idrettsanlegga.

E39 Ådland-Svegatjørn. Brua over Bjørnafjorden blir på om lag 5,5 km og er planlagt  som ein kombinasjon av sideforankra flytebru og skråkabelbru. Brua går frå Kaldafoss nord på Reksteren i Tysnes kommune til Gulholmane sør for Røtinga i Bjørnafjorden kommune der vegen fortset i ein 7,7 km lang tunnel. Brua vert Noregs lengste bru.
E39 Ådland-Svegatjørn. Brua over Bjørnafjorden blir på om lag 5,5 km og er planlagt som ein kombinasjon av sideforankra flytebru og skråkabelbru. Brua går frå Kaldafoss nord på Reksteren i Tysnes kommune til Gulholmane sør for Røtinga i Bjørnafjorden kommune der vegen fortset i ein 7,7 km lang tunnel. Brua vert Noregs lengste bru.
Kjelde: Statens vegvesen/COWI Statens vegvesen
Last ned bilde
E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 mellom Søreid og bru over Bjørnafjorden. Vegen vekslar mellom tunnelar, veg i dagen og bruer.
E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 mellom Søreid og bru over Bjørnafjorden. Vegen vekslar mellom tunnelar, veg i dagen og bruer.
Kjelde: Statens vegvesen/COWI Statens vegvesen
Last ned bilde
E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 frå Ådlandsvatnet og nordover.  Langenuen og Huglo ser ein oppe til høgre i bildet.
E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 frå Ådlandsvatnet og nordover. Langenuen og Huglo ser ein oppe til høgre i bildet.
Kjelde: Statens vegvesen/COWI Statens vegvesen
Last ned bilde
E39 Ådland-Svegatjørn. Ny E39 i Bjørnafjorden kommune vil bestå av ei dagsone med kryss på Kolskogen før vegen går i ein 7,7 km lang tunnel og vidare på bru over Bjørnafjorden.

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye