Reguleringsplanen for E39 Stord-Os er lagt ut på høyring
25.6.2026 12:42:10 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen har lagt ut planen for ny E39 mellom Stord og Os, Hordfast, på høyring. Ny veg vil redusere reisetida med éin time.

E39 er hovudvegen på Vestlandet. Ny E39 vil redusere reisetida med opp mot ein time og gi ei langt betre transportåre mellom bu-, industri- og næringsområde som Stavanger, Haugesund, Karmøy, Stord og Bergen.
Viktig del av langsiktig arbeid
Statens vegvesen har i mange år arbeidd med å få ned reisetida mellom Bergen og Stavanger til under to timar.
- I 2022 opna ny veg mellom Bergen og Os. Reisetida vart redusert med minst 17 minutt.
- Ny E39 mellom Stord og Os held fram sørover frå der vegen opna i 2022 og gir ei innsparing i reisetid på opptil ein time.
- Lenger sør, mellom Bokn og Bømlafjorden, planlegg vegvesenet ny veg som vil redusere reisetida med 30 minutt.
- Sør mot Stavanger er Rogfast allereie under bygging. Rogfast vil åleine redusere reisetida med rundt 45 minutt.
Lengste planlagde strekning
På bestilling frå Samferdselsdepartementet har Statens vegvesen sidan hausten 2020 utarbeidd forslag til statleg reguleringsplan for 55 km ny E39 mellom Ådland og Svegatjørn, også kjend som Stord–Os eller Hordfast. Reguleringsplanforslaget er truleg Statens vegvesen sin mest omfattande reguleringsplan nokon gong. Det er gjennomført eit omfattande planarbeid for å belyse vegprosjektet og konsekvensane.
På vegvesen.no ligg no plankart, reguleringsføresegner, planomtale, konsekvensutgreiing for alternativa sør på Tysnes, fagrapportar og andre plandokument saman med bilde og filmar som illustrerer vegen.
Prosjektleiar Henry Damman i Statens vegvesen er oppteken av at planen som no blir lagt ut på høyring, er meir enn sjølve fjordkryssinga.
– Dette er den lengste samanhengande vegstrekninga i Noreg vi har laga reguleringsplan for. Mange forbind kanskje prosjektet med ingeniørkunsten ved å lage verdas lengste flytebru over Bjørnafjorden. Prosjektet og reguleringsplanen inneheld langt meir enn det, med til saman 55 km europaveg, minner han om.
Ny E39 - erstattar fleire ferjer
Reguleringsplanen bygger på kommunedelplan som var vedtatt i 2019, der framtidig korridor for ny E39 vart avklart.
Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t. Ny veg skal erstatta fleire ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru. Til saman vert det foreslått å byggje fem toplanskryss, fem store bruer, fem til sju tunnelar og 30-32 kilometer med veg i dagen.
Optimalisering av vegen – Natur og kostnad
Veglinja er tilpassa for å redusere naturinngrep og for å få ned kostnaden. Gode registreringar av naturmangfald har gjort det mogleg å justere linja bort frå nokre av dei mest verdifulle lokalitetane. Å gå ned på vegstandarden frå 110 til 100 km/t har gitt noko mindre arealbeslag. Omfanget av spesielt tunnelar, men også bruer er redusert for å få ned kostnaden.
Planområdet har store naturverdiar, blant anna fleire område med boreonemoral regnskog som er ein sjeldsynt og raudlista naturtype som Noreg har eit internasjonalt ansvar for. Som del av reguleringsplanoppdraget er det utarbeidd eit fagleg grunnlag for å vurdere behov og omfang av økologisk kompensasjon for prosjektet.
I utviklingsporteføljen i NTP
Prosjektet er kostnadsrekna til 53 milliardar kroner, med ein netto nytte per budsjettkrone (NNB) på - 0,03. Dette gjer prosjektet til eitt av dei mest lønnsame samferdselprosjekta i Noreg.
Strekninga er i gjeldande Nasjonal transportplan omtalt i utviklingsporteføljen, som det ikkje er rom for å realisere innanfor NTP-perioden 2025–2036. Samstundes vart Statens vegvesen bedt om å ferdigstille reguleringsplanen for å ha det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved seinare rullering av NTP. Kommunal og distriktsdepartementet (KDD) som har bedt vegvesenet legge planen ut på høyring.
Lang høyringsperiode
Reguleringsplanen blir lagd ut på høyring og offentleg ettersyn måndag 22. juni. Frist for innspel blir 1. oktober.
– Dette er eit omfattande materiale å setje seg inn i. I månadsskiftet august/september vil vi arrangere folkemøte i Bjørnafjorden, Tysnes og på Stord. Vi opnar også dørene til opne kontordagar der alle kan kome for å snakke med oss. Vi vil oppfordre til at dei som har interesser i planområdet nyttar høve til å sende sine innspel, forklarer Damman.
Kontakter
Henry DammanProsjektleiarStatens vegvesen
Tel:+4741526589henry.damman@vegvesen.noEllen SlindePlanleggingsleiar, E39 Stord-OsStatens vegvesen/Utbyggingsdivisjonen
Tel:992 03 238e39stordos@vegvesen.noGeir HolenKommunikasjonsrådgiverStatens vegvesen
Tel:95968286geir.holen@vegvesen.noBilder







Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
Skogrydding langs E39 i Brusdal23.9.2026 11:02:33 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uka skogrydding langs E39 i Brusdal på strekningen mellom fylkesveg 5948 og Fremmerholden. Målet er bedre trafikksikkerhet og enklere vinterdrift.
No er dato for oppstart i Lærdalstunnelen klar23.9.2026 10:48:50 CEST | Pressemelding
16. november startar oppgraderinga av Lærdalstunnelen på E16. Trafikantane må førebu seg på 12-timars stengingar og tilpasse reisevanane sine.
Vurderer strakstiltak mot sykkelulykker23.9.2026 06:45:00 CEST | Pressemelding
Ti syklister har mistet livet i år. Nå varsler Statens vegvesen hastegrep for å bedre sikkerheten og inviterer til nasjonal sykkeldugnad.
Ny gang-og sykkelvei på E39 ved Vekslet i Ørsta22.9.2026 13:55:56 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uken arbeidet med ny gang- og sykkelvei og busslomme langs E39 ved Vekslet friluftsområde i Ørsta. Den eksisterende bussholdeplassen blir stengt i anleggsperioden, som etter planen varer til 30. november 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom