Tek ytterlegare grep for å betre situasjonen på Stegastein
26.6.2026 10:46:13 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Nasjonale turistvegar Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune, Aurland kommune og reiselivsselskapet Norway’s Best AS samarbeider om tiltak for å betre den krevjande situasjonen på Stegastein.

– Samarbeidet starta i fjor sommar som eit pilotprosjekt. Vi innførte då strengare reglar for å prøve å løyse utfordringane med parkering og camping på det populære utsiktspunktet Stegastein langs Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet, seier Trine Kanter Zerwekh, seniorrådgjevar hos Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen.
Det vart då innført parkeringsforbod for opphald over ein time, trafikkvertar vart sett inn i nokre veker, og det vart etablert ein snuplass for bussar lenger oppe. Tiltaka vart godt mottekne, men vi ser at det ikkje held, så vi strammar no grepet ytterlegare og set inn fleire tiltak.
Innfører betalingsparkering og maks ein halvtime
Eit av tiltaka er at det no vert innført betaling for å nytte parkeringsplassen. Det vert også forbode å stå over ein halvtime.
– Vi treng god sirkulasjon på plassen, slik at flest mogleg skal få oppleve staden. Ein halvtime bør vere nok her, då dette ikkje er ein rasteplass. Det er eit utsiktspunkt – folk vil gjerne ut og nyte utsikta, ta bilete og kanskje gå på do, men ein halvtime bør vere nok.
Aurland kommune har fått tildelt handhevingsmyndigheit og vil handheve vilkårsparkeringa, seier Trine Kanter Zerwekh.
Prøveprosjekt med skyttelbuss i juli
Eit anna tiltak er at Norway’s Best AS set opp eit skyttelbusstilbod frå Hopen og opp til Stegastein som eit pilotprosjekt. Vegen opp er ikkje dimensjonert for den store trafikken som no er i høgsesongen. I heile juli kan bubilar, campingvogner og andre som kvir seg for å køyre den smale, bratte og svingete vegen, no parkere ved idrettsplassen/skulen og nytte ei «Park and Ride»-løysing. Ein må betale for å parkere, men får då halv pris på bussen. Det går åtte avgangar dagleg. Det er også mogleg å nytte toalettet på Hopen.
– Dersom dette fungerer bra, er det tanken at dette kan bli eit meir permanent tilbod om sommaren, seier Stig Johnny Buvik, produktansvarleg i Norway’s Best.
Trafikkvertar
Det vert også i år trafikkvertar på Stegastein på kvardagar i høgsesongen, og perioden vert utvida til juli og august.
Utvida parkeringsplass
Parkeringsplassen på Stegastein er også pussa opp og utvida, slik at kapasiteten no nesten er tredobla. Plassane er oppmerka, det er laga eigen sykkelparkering og gangarealet er trekt inn mot muren, slik at det no er tryggare å ferdast på plassen. Det er også montert nye informasjonstavler.
Kontroll av bussar
Trafikkteljingar viser at mange ikkje respekterer lengdeavgrensinga på 12,4 meter for bussar over Aurlandsfjellet. Det vert difor no utført hyppigare kontrollar av bussar, slik at færre overskrid maksimumslengda. Lange bussar set seg ofte fast i svingane på vegen og skapar store problem for trafikkavviklinga.
Oppmoding for å avlaste vegen
For dei som vel å køyre eigen bil eller bubil frå Aurlandsvangen til Stegastein, oppmodar vi om å køyre over Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet til Lærdal, og evt. ta Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel (24,5 km.) tilbake att. På det viset unngår ein å belasta strekninga mellom Aurlandsvangen og Stegastein meir enn naudsynt. Turistvegen er dessutan ei flott oppleving i seg sjølv. Ver obs på at Lærdalstunnelen skal gjennom ei større oppgradering, og vert nattestengd mellom kl. 18-06 frå september 2026 i lang tid framover.
Gjer inntrykk
Etter at Nasjonale turistvegar opna Stegastein i 2006, har utsiktspunktet utvikla seg til ein stor turistmagnet – på godt og vondt. Stegastein har medverka til kraftig auka turisme og gitt auka lokal verdiskaping, som er målet med satsinga på Nasjonale turistvegar, men utfordringane har også auka. Dette gjeld ikkje minst for lokalbefolkninga som bur langs strekninga og er avhengig av ho som lokalveg til jobb, skule, butikkar osv. Det gjer inntrykk å høyre at dei ofte kan bruke ein time eller meir på noko dei vanlegvis brukar 5–10 minutt på, på grunn av kø og kaos på vegen.
– Vi set i verk desse tiltaka for å ta vare på trafikktryggleiken og framkomelegheita, seier dei fire samarbeidspartnarane. Ein god stad å besøke skal også vere ein god stad å bu, og vi håpar og trur at tiltaka vil betre situasjonen.
Last ned Vegvesenet sin trafikk-app
Besøk Vegvesen trafikk | Trafikkmeldinger, webkamera og ruteplanlegger eller last ned trafikk-appen Vegvesen trafikk | Statens vegvesen. I appen kan du setje opp varslingar, sjekke køyreforhold på webkamera og status på fjellovergangar, finne rasteplassar, sjå vêrutsette og stengde vegar og mykje annan nyttig trafikkinformasjon.
Kontaktar:
Trine Kanter Zerwekh – seniorrådgjevar Nasjonale turistveger, Statens vegvesen. Tlf: 908 61685,
e-post: trine.kanter.zerwekh@vegvesen.no
Stig Johnny Buvik – produktansvarleg Norway`s best AS. Tlf: 907 61912,
e-post: stig.buvik@norwaysbest.com
Andrea Mæland Måkestad – prosjektkoordinator, Vestland fylkeskommune. Tlf: 936 21026,
e-post: andrea.meland.makestad@vlfk.no
Henning Elgåen – avdelingsleiar, Aurland kommune. Tlf: 907 32981,
e-post: henning.elgaaen@aurland.kommune.no
Nøkkelord
Bilder




Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Forventer lange og saktegående køer på E1814.10.2026 14:08:57 CEST | Pressemelding
Innsnevringer på E18 kan gi store forsinkelser ut av Oslo vestover de siste helgene i oktober. Statens vegvesen oppfordrer til å la bilen stå.
Gang- og sykkelvegen langs E14 får ny sluttfrist14.10.2026 11:23:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har vedtatt å justere sluttfristen for byggingen av gang- og sykkelvegen langs E14 mellom Stjørdal og Hegramo. Ny sluttfrist for kontrakten er 11. mai 2027.
E134 Oslofjordtunnelen stengt i perioder grunnet sprengning13.10.2026 13:07:38 CEST | Pressemelding
Denne uken starter de forberedende arbeidene ved Storsand i Hurum for den nye E134 Oslofjordtunnelen. Tunnelen blir stengt i perioder på 30 minutter.
Sikringsarbeid langs E6 ved Ronglan13.10.2026 12:07:01 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter 19. oktober sikringsarbeider i bergskjæringene langs E6 ved Ronglan i Trøndelag.
Nå kan tungtransporten lade gjennom hele Østerdalen12.10.2026 15:43:11 CEST | Pressemelding
Tre nye døgnhvileplasser for tungbillading på riksveg 3 gjennom Østerdalen gjør en av Norges viktigste transportkorridorer grønnere.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom