På jakt etter ei dødeleg bakterie
24.6.2026 12:17:15 CEST | Veterinærinstituttet | Pressemelding
I ein ny film kan du sjå forskarar og oppdrettarar jakte på smittsame bakteriar som gjer oppdrettslaks sjuk. Så sjuk at fisken kan døy. Kan vi redde dei?

Åstaden er eit resirkuleringsanlegg for oppdrett av laksesmolt ved Hardangerfjorden på Vestlandet. Skurken er bakterien Candidatus Branchiomonas Cysticola - som skjuler seg i kilometer med røyr, pumpesystem og store kar. Etter å ha oppdaga bakterien, innleia oppdrettarane eit unikt samarbeid med forskarar frå Veterinærinstituttet for å stoppe bakterieutbrotet.
Då oppdrettarane oppdaga sjuk fisk og fastslo kven skurken var, fekk dei hurtig hjelp frå Veterinærinstituttet til tiltak for å avsløre kor bakterien skjulte seg. I filmen ser vi korleis næringsaktørar og forskingspartnarar jobbar saman for å lokalisere og utrydde bakteriane, sjekkar resultata i laboratorium for så å teste på nytt i anlegget. Er bakteriane no heilt borte? Eller trugar dei framleis fisken?
Med fokus på éi helse
Den nye kortfilmen frå Noreg «Tracing the Invisible Threat» inngår i serien «Animals & Us» med fokus på éi helse presentert av Verdas dyrehelseorganisasjon (WOAH) og EU-partnarskapet for dyrehelse og dyrevelferd (EUPAHW) av BBC Storyworks Commercial Productions. Filmen syner kor nitid og systematisk ein jobbar med forsking, diagnostikk og innovasjon i jakta på dødelege bakteriar i komplekse, landbaserte oppdrettsanlegg. Historia blir fortalt av produksjonsleiar Signe Jordal frå anlegget til Ænes Inkubator AS nær Rosendal og seniorforskar Sonal Patel frå Veterinærinstituttet i Bergen. EUPAHW er eit omfattande europeisk prosjekt som bind saman forskarar, veterinærar, styresmakter og støttespelarar i arbeidet for å betre helsa for dyr, menneske og miljø.
Filmserien blir no lansert på BBC sine nettsider. Til saman er det 12 kortfilmar i serien om dyrehelse og dyrevelferd - og korleis slike helsetruslar kan påverke oss menneske. Filmen frå Noreg er ein av tre filmar produsert for EUPAHW, no tilgjengelege via EUPAHW sine kanalar.
God biosikring er nøkkelen
Forskinga på biosikkerheit i landbaserte resirkulerande akvakultursystem er resultat av mange-årig og framleis pågåande forsking, no vidareført innafor ramma av EU-partnarskapet EUPAHW i eit forskingsprosjekt leia av Veterinærinstituttet. Ikkje overraskande er det norske fagmiljø som dominerer forsking på helse og velferd innan akvakultur i Europa. EU-prosjektet byggjer på tidlegare og pågåande aktivitet leia av Veterinærinstituttet og Akvaplan-niva gjennom norsk forsking finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF), Biosikkerhet i RAS. I det norske forskingsprosjektet, ledet av NIVA, er fleire forskingsmiljø og næringsaktørar frå Noreg med.
– Filmen syner kor viktig det er med god biosikkerheit og gjennomtenkte tiltak for å sikre oppdrettsanlegg mot sjukdom basert på forsking og kunnskap om sjukdomsframkallande stoffar som virus og bakteriar. Det er inspirerande å kunne samarbeide slik med næringslivet og deretter kunne vidareformidle og vidareutvikle avansert kunnskap om biosikkerheit i slike anlegg med partnarar i Europa og resten av verda, seier seniorforskar Sonal Patel.
– Det har vore spanande, givande og moro å lage denne filmen saman med dei dyktige oppdrettarane hos Ænes Inkubator og dei profesjonelle filmfolka frå BBC StoryWorks. Eg ante ikkje kor nøysam planlegging og kor mykje tid som ligg bak ein slik produksjon, men eg ville ikkje ha vore denne erfaringa forutan, legg ho til.
Kontakter
Sonal PatelSeniorforskar - Veterinærinstituttet
Tel:+47 413 04 483sonal.patel@vetinst.noAsle HaukaaskommunikasjonsdirektørVeterinærinstituttet
Pressevakttelefon 403 98 016 håndterer ikke SMS
Om oss
Veterinærinstituttet er et biomedisinsk forskningsinstitutt og Norges ledende fagmiljø innen biosikkerhet for fisk og landdyr. Helt siden opprettelsen i 1891 har vi arbeidet for å avverge helsetrusler og se helse for fisk, dyr, mennesker og miljø i sammenheng – etter én helse-prinsippet.
Kjerneaktivitetene omfatter forskning, diagnostikk, overvåking, risikovurdering, rådgiving og formidling. Veterinærinstituttet er nasjonalt og internasjonalt referanselaboratorium.
Veterinærinstituttet er et forvaltningsorgan med særskilt fullmakt under Landbruks- og matdepartementet. Hovedkontoret ligger i Ås, øvrige kontorer i Tromsø, Harstad, Trondheim, Bergen og Sandnes.
Følg pressemeldinger fra Veterinærinstituttet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Veterinærinstituttet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Veterinærinstituttet
Risiko for smitte på beite ofte oversett17.8.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
En ny internasjonal studie viser at smittevernstiltak for dyr på beite og utegang i stor grad er utviklet for innendørs produksjon. Forskerne etterlyser biosikkerhet tilpasset utedrift.
Dødelighet i lakseoppdrett første halvår 202612.8.2026 11:25:55 CEST | Pressemelding
Akkumulert dødelighet (også kalt dødelighetsrisiko) for oppdrettslaks i sjøfasen i første halvår av 2026 er beregnet til 5,8 %. Tilsvarende tall for første halvår var 7,3 % i 2025 og 8,8 % i 2024.
Status for utbruddet av krepsepest i Drammensvassdraget11.8.2026 09:32:18 CEST | Pressemelding
Analyser av død edelkreps og vannprøver viser at krepsepestutbruddet er foreløpig begrenset til Drammenselva og Bergsjøen. Det er ikke påvist krepsepest i Tyrifjorden eller Steinsfjorden.
Møt oss på Arendalsuka: Matberedskap i krisetid - ingen sultne eller ingen syke?10.8.2026 06:00:00 CEST | Presseinvitasjon
I beredskapsåret 2026 inviterer Veterinærinstituttet til samtale om matberedskap og mattrygghet i krisetider.
Møt oss på Arendalsuka: Hvordan få til en bærekraftig omstilling i oppdrettsnæringen?10.8.2026 06:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Regjeringen vil med Havbruksmeldingen sikre en mer bærekraftig og framtidsrettet industri. Næringen stiller spørsmål ved kunnskapsgrunnlaget, krever forutsigbarhet og kjemper om rammebetingelsene. Hva må til?
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom