Sjøfuglar i Antarktis fordeler havområda
23.6.2026 08:30:00 CEST | Norsk Polarinstitutt | Pressemelding
For første gong er snøpetrellar frå fjellet Svarthamaren i Dronning Maud Land spora ved hjelp av GPS. Det har gitt ny innsikt i fuglelivet i sør.

Ein ny studie frå fuglefjellet i Svarthamaren i Dronning Maud Land viser at to nært beslekta sjøfuglar, antarktispetrell og snøpetrell, brukar ulike havområde når dei leitar etter mat.
Funna gir ny innsikt i korleis artar kan leve side om side utan sterk konkurranse, og kan få betydning for utforminga av framtidige marine verneområde i Sørishavet i Antarktis.
Studien er leia av Gildwin Philippot og Sébastien Descamps ved Norsk Polarinstitutt, og er den første som har sporat snøpetrellar frå Svarthamaren ved hjelp av GPS. Arbeidet inngjekk i Philippot si masteroppgåve (2022–2024), og gir ny kunnskap om korleis sjøfugl brukar havområda.
Tydeleg geografisk oppdeling
Forskarane følgde hekkande fuglar frå ein stor koloni ved hjelp av små GPS-loggarar. Resultata viser at artane har ei tydeleg oppdeling når dei jaktar etter mat.
Antarktispetrellane flaug hovudsakleg nordaust for kolonien og legg bak seg lengre og raskare turar. Snøpetrellane heldt seg derimot lenger vest, nærare kysten. Overlappinga mellom beiteområda til artane var i gjennomsnitt mindre enn 15 prosent.
– Dette er eit klart døme på at nært beslekta artar kan unngå konkurranse ved å dele leveområda mellom seg, seier forskar Sébastien Descamps.
Avhengige av havis
Studien viser òg at snøpetrellen er sterkare knytt til havis enn antarktispetrellen. Snøpetrellar jaktar oftare i område med is og nær iskanten, medan antarktispetrellar i større grad nyttar ope hav.
– Denne skilnaden kan skuldast variasjonar i kroppsstorleik og flygeevne. Antarktispetrellen er større og kan fly raskare og lengre, noko som gir tilgang til større havområde, forklarer Descamps.
Møter klimaendringar
Forskarane bak studien peikar på at slike skilnader kan få konsekvensar i ei tid med raske klimaendringar. Mindre havis i Antarktis kan særleg råke artar som er avhengige av is, som snøpetrellen.
– Studien vår tyder på at snøpetrellar er meir sårbare for tap av havis enn antarktispetrellar, seier Gildwin Philippot.
Vidare overvaking av antarktis- og snøpetrell er nødvendig for å stadfeste om tap av havis vil få ulike konsekvensar for dei to artane.
Vern av Sørishavet
Funna kan bli viktige i arbeidet med å etablere marine verneområde (MPA) i Antarktis. Forvaltning av slike område krev detaljert kunnskap om kvar artar oppheld seg, og kva habitat dei er avhengige av.
– Studier som dette er avgjerande for å identifisere viktige område for sjøfugl. Dei understrekar behovet for vidare overvaking og forsking for å forstå korleis artane vil reagere på framtidige miljøendringar, seier Descamps.
Nøkkelord
Kontakter
Sébastien DescampsSeniorforskerNorsk Polarinstitutt
sebastien.descamps@npolar.noElin Vinje JenssenSenior kommunikasjonsrådgiverNorsk Polarinstitutt
Tel:95972821elin.vinje.jenssen@npolar.noBilder




Lenker
Norsk Polarinstitutt
Norsk Polarinstitutt er et direktorat under Klima- og miljødepartementet. Instituttets virksomhet er konsentrert rundt miljøforvaltningsbehov i polarområdene.
Vi fremskaffer vitenskapelig kunnskap, kartlegger og gir faglige og strategiske råd til norske myndigheter.
Vi er til stede i Arktis og Antarktis, driver forskningsstasjoner, gjennomfører ekspedisjoner og er eier av forskningsfartøyet «Kronprins Haakon». Instituttet er miljømyndighet for Bouvetøya og for norsk aktivitet i Antarktis.

Følg pressemeldinger fra Norsk Polarinstitutt
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk Polarinstitutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk Polarinstitutt
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom