Kystverkets rapport Status 2026 gir betre grunnlag for strategiske val langs kysten
22.6.2026 11:22:43 CEST | Kystverket | Pressemelding
I Status 2026 samlar Kystverket kunnskap om utviklinga langs norskekysten og gjer denne kunnskapen meir tilgjengeleg både for fagmiljø og andre interesserte. Målet er å gjere det enklare å forstå kva som skjer på sjøen og langs kysten – og kva det betyr for samfunnet.

No er Status 2026 her – den nyaste utgåva i Kystverket si årlege samling av fagartiklar som tek for seg sentrale tema for utviklinga i sjøtransporten. I årets utgåve blir det sett søkelys på fem område:
- nasjonal sikkerheit og samfunnsberedskap
- effektiv sjøtransport for næringslivet
- ein grønare og meir konkurransedyktig maritim sektor
- tryggare sjøveg – færre ulykker og raskare respons
- kompetanse og teknologi som drivkraft for gjennomføring
– Kystverket har betydelege operative kapasitetar, men skal også vere ein kunnskapsleverandør. Vi ønskjer at artikkelsamlinga skal gi eit oppdatert utplukk av utviklinga langs kysten – og vise kva som skal til for å sikre ein trygg, effektiv og føreseieleg sjøtransport også i framtida. Med eit tydeleg og felles kunnskapsgrunnlag blir det enklare å prioritere riktig, og slik legge til rette for både trygg ferdsel og verdiskaping langs kysten, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Endringar gir nye krav
Aktiviteten langs norskekysten er høg, og sjøtransporten speler ei viktig rolle for både næringsliv og lokalsamfunn. Samtidig skjer det store endringar i sjøtransporten og aktiviteten langs kysten, med nye krav til tryggleik, klima og teknologi. Status 2026 løftar fram dei viktigaste utviklingstrekka – både det som utviklar seg i positiv retning, og det som krev meir merksemd framover.
– Langs kysten er det stor merksemd om grøn omstilling, ny teknologi og konkurransekraft i den maritime sektoren. Rapporten synleggjer både moglegheiter og utfordringar, og gir eit viktig grunnlag for vidare prioriteringar. Dette er kunnskap som er relevant for alle som jobbar med utvikling langs kysten – både i næring og forvaltning, fortel leiar for utgreiing og analyse i Kystverket, Tore Relling.
Kunnskap som kan brukast
Eit hovudmål med rapporten er å gjere kunnskapen lettare å finne og ta i bruk – enten ein jobbar med planlegging, vurderingar eller avgjerder.
– Status 2026 er i praksis eit arbeidsverktøy. Vi meiner vi har samla kunnskap på ein måte som gjer den enklare å bruke i kvardagen. Rapporten er utvikla for å vere relevant over tid, og skal bidra til meir kunnskapsbaserte val langs kysten, fastslår kystdirektør Arset.
Vil du få eit betre overblikk over utviklinga – og kva som påverkar sjøtransporten framover? Les heile Status 2026 på https://www.kystverket.no/sjotransport-og-havn/status/status-2026/
Lenker
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
No startar rivingsarbeidet for Stad skipstunnel1.10.2026 07:18:07 CEST | Pressemelding
Kystverket har inngått kontrakt med AF Decom AS om riving av 18 bygningar i og ved anleggsområda for Stad skipstunnel. Arbeidet skal starte i midten av oktober og vere ferdig innan utgangen av året.
208 millioner til havneprosjekter som styrker sjøtransporten22.9.2026 14:36:50 CEST | Pressemelding
Kystverket har gitt tilsagn til 11 nye prosjekter gjennom den statlige tilskuddsordningen for effektive og miljøvennlige havner. Tilsagnene er på til sammen 208 millioner kroner, mens prosjektene innebærer investeringer samlet sett for 492 millioner kroner.
Nå starter utbyggingen av Kjøllefjord fiskerihavn – inviterer til folkemøte8.9.2026 09:35:21 CEST | Pressemelding
Kystverket og NCC Norge AS gjør seg nå klare for oppstart av utbyggingen av Kjøllefjord fiskerihavn. Prosjektet skal gi en tryggere og mer funksjonell havn, med bedre beskyttelse mot bølger, økt dybde og bedre forhold for fiskeflåten. I forbindelse med oppstarten inviterer Kystverket til folkemøte 16. september.
Status 2026: Hele Norge eksporterer – hva ble virkningene for sjøtransporten?18.8.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Norsk fastlandseksport øker i verdi, men transportstatistikken tyder på at mye av veksten kommer fra råvarer med lav bearbeidingsgrad. Dette kan tyde på en todelt utfordring hvor en både har lavere verdiskaping enn ønskelig, og samtidig må håndtere grønn omstilling av en økende sjøtransport. I denne artikkelen undersøker vi om utviklingen i transportmarkedet gjenspeiler norsk næringspolitikk. Dette gjør vi ved å se på utviklingen i fastlandseksporten i utenrikshandelen innen ulike vareslag.
Signerte kontrakten for byggingen av Stad skipstunnel17.8.2026 12:49:07 CEST | Pressemelding
Kystverket og AF Gruppen har i dag signert kontrakten om bygging av Stad skipstunnel. Tunellarbeidet er planlagt å starte tidlig i 2027.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom