Skanska og Vassbakk & Stol skal oppgradere E16 Lærdalstunnelen
18.6.2026 12:21:32 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol leverte det beste tilbodet på oppgradering av E16 Lærdalstunnelen. Arbeidet startar i september.

Etter ein åtte månader lang konkurranse med forhandlingar er det no bestemt kven som er innstilt til å oppgradere verdas lengste vegtunnel på 24,5 kilometer. Arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol er i dag tildelt kontrakta og kontraktssummen er på 1,6 milliardar kroner. Dei andre entreprenørane som var med i konkurransen har no ti dagars klagefrist før kontraktsignering kan skje.
- Arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol har levert det beste tilbodet, og me ser no fram til komme i gang med arbeidet i tunnelen, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.
Lange nattestengingar
Lærdalstunnelen bind saman Aurland og Lærdal kommune på kvar si side. Tunnelen er ein sentral brikke for å få folk og varer fram mellom Bergen og Oslo, sidan tunnelen leier fram til fjellovergangane Rv.52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell.
Frå september må trafikantane førebu seg på lange nattstengingar i Lærdalstunnelen, frå kl. 18.00 til kl. 06.00.
Frå juli 2028 er det planlagt kortare nattestengingar frå 22.30 til 06.00, og frå november 2028 og ut prosjektperioden blir det ope på natt, med noko trafikkregulering.
Utfordrande geologi
- 12-timars nattestenging er nødvendig for å kunne handtere dei utfordrande geologiske tilhøva i tunnelen, og sikre oss god framdrift. Me skal halde ein svært høg produksjon i løpet av dei tre åra oppgraderinga pågår, og sprengingsarbeid og elektroarbeid vil skje samtidig i forskjellige delar av tunnelen, seier Svardal.
For lokale bebuarar i Aurland og Lærdal blir det eit busstilbod med tre avgangar på kveldstid frå begge sider av tunnelen før midnatt. Elles skal det vere mogleg å få fram utrykkingskøyretøy gjennom tunnelen på kort varsel når det står om liv og helse.
- Planlegg reisa di!
Statens vegvesen tilrår at du planlegg reisa di dersom du skal køyre mellom Austlandet og Vestlandet frå hausten av, og spesielt på E16 mellom Bergen og Lærdal. Det er lurt å bruke vegvesen.no/trafikk før du køyrer, eller aller helst installere Vegvesenet sin Trafikk-app på mobilen. Vi oppmodar deg til å reise på dagtid, og vurdere om du kan ta i bruk alternative ruter.
Rv.7 Hardangervidda blir ein viktig omkøyringsveg på nattestid, og i tillegg kjem Vikafjellet inn som eit alternativ, men med brattare stigning. Det blir sett inn ekstra nattavgangar på ferjesambandet Vangsnes-Hella, som eit avbøtande tiltak under oppgraderinga.
Også arbeid på dagtid
På dagtid kan entreprenøren utføre arbeid som ikkje krev stenging. Då vil tunnelen vere open for trafikk, men kan bli snevra inn til eitt køyrefelt på korte strekningar med lysregulering.
På grunn av tunnelen sin viktige funksjon som transportåre aust-vest, er det planlagt at når Hardangervidda er stengd under uvêr vinterstid, skal Lærdalstunnelen haldast open. Dette er det kontraktsfesta at entreprenøren må tilpasse seg.
Heile oppgraderinga av Lærdalstunnelen skal vere ferdig utført hausten 2029.
Bilder

Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Vabakkentunnelen blir helstengt fra søndag kveld18.6.2026 10:12:16 CEST | Pressemelding
Fra søndag 21. juni kl.20.00 til 21. august blir rv. 36 Vabakkentunnelen stengt for trafikk hele døgnet. Årsaken er det pågående tunneloppgraderingsarbeidet.
Redusert framkommelighet på E18 Mosseveien – prioritert vedlikehold17.6.2026 14:40:10 CEST | Pressemelding
Det blir redusert framkommelighet på E18 Mosseveien fra torsdag 18. juni kl. 22 til mandag 22. juni kl. 22.
30.000 MC-eiere får varsel om alvorlige feil17.6.2026 13:52:47 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen tar direkte kontakt med alle registrere eiere av lett motorsykkel, etter funn av alvorlige tekniske feil.
Nå blir det ny asfalt i Alta og Hammerfest17.6.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Torsdag 18. juni starter Statens vegvesen arbeidet med å asfaltere E6 gjennom Alta, og mandag 22. juni begynner asfalteringen i Hammerfest sentrum. Det blir stengte veger og støy på kveld og natt.
Sykkelstamvegen mellom Sandnes og Stavanger er åpnet16.6.2026 13:35:49 CEST | Pressemelding
Den etterlengtede sykkelstamvegen mellom Sandnes og Stavanger er nå åpnet for trafikk som planlagt. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård sto for den offisielle åpningen og klippet snoren da sykkelstamvegen ble åpnet i dag klokken 12.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom