Rekordinteresse for elektriske lastebilar
18.6.2026 08:00:00 CEST | Enova | Pressemelding
Rekordmange elektriske lastebilar er dei to siste månadene støtta av Enova. Betre og billegare el-lastebilar, og usikre dieselprisar, er viktige grunnar til den store interessa.

– Regjeringa har eit tydeleg mål om å nå Noregs klimaforpliktingar, og elektrifisering av lastebilar er heilt avgjerande for å få til dette. Difor er det svært positivt å sjå at stadig fleire søkjer om støtte til elektriske lastebilar. Vi har framleis ein veg å gå for å nå målet om at alle nye lastebilar skal vere utsleppsfrie innan 2030, men auka interesse og støtte frå Enova viser at vi er på god veg med å omstille ein sektor som står for ein stor del av norske utslepp, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Etter rekordmange tildelingar av støtte frå Enova til elektriske lastebilar i mai, viser junitala at interessa for elektriske lastebilar held fram med å auke kraftig, seier ansvarleg for Enova si satsing på elektriske nyttekøyretøy, Carl-Erik Kullmann.
Ny rekord både i mai og juni
Førre rekord kom i mai, då Enova tildelte støtte til 178 elektriske lastebilar og bussar. Allereie i juni vart rekorden slått, med 381 millionar kroner i støtte til 318 elektriske lastebilar og bussar. Det er no 1410 tunge elektriske lastebilar på norske vegar. Bussar er då ikkje medrekna. Så langt i år har Enova gitt tilsagn om støtte til 873 tunge nullutsleppskøyretøy.
– Den store auken i interessa for elektriske lastebilar og bussar tyder på at stadig fleire i transportnæringa ser at rekkjevidd, pris og ladeinfrastruktur har vorte vesentleg betre, og utgjer eit godt alternativ til usikre dieselprisar, seier Carl-Erik Kullmann.
Noreg bak skjema, og tungtransport ein nøkkel
Vegtrafikken står for nesten ein femtedel av Noregs totale klimagassutslepp. Utslepp frå tunge køyretøy utgjer rundt 30 prosent av dette. Difor er det heilt sentralt å få lastebilar og andre tunge køyretøy over på løysingar utan utslepp. Ein ny rapport Enova lanserer om kort tid, viser at det truleg blir vanskeleg for Noreg å oppnå målet om at alle nye tunge køyretøy skal ha nullutslepp eller bruke biogass innan 2030.
– Med tanke på at Noreg ligg etter skjema med å omstille tungtransporten til nullutslepp, er den sterkt aukande interessa for elektriske lastebilar vi ser no svært gledeleg og heilt nødvendig, seier Kullmann.
Viktig å hjelpe dei som går føre
Det tek normalt mellom eit halvt og to år frå Enova gir tilsagn om støtte til eit køyretøy kjem på vegen. Difor vil effekten av dei auka støttetildelingane no først vise seg lenger fram i tid. Samstundes peikar registreringstala allereie i riktig retning. I 2025 var 10,2 prosent av nyregistrerte tunge lastebilar elektriske. Hittil i 2026 har andelen auka til 14,3 prosent.
– Enova si støtte skal bidra til at nullutsleppskøyretøy blir eit reelt alternativ på fleire bruksområde. No ser vi ein positiv trend der det ikkje berre er dei største aktørane, men også små og mellomstore transportbedrifter som kjøper elektriske tungbilar, seier Kullmann.
Kontakter
Roald Lund FleinerEnova SF
Tel:+47-913 02 938roald.fleiner@enova.noAndre språk
Følg pressemeldinger fra Enova
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Enova på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Enova
NOK 3.9 billion for two floating offshore wind projects30.10.2026 08:52:00 CET | Pressemelding
Enova is awarding Fortius Offshore Wind AS and Fram Wind Solutions AS NOK 3.94 billion in funding to build floating offshore wind installations over the next five years. – There is great potential for Norway, says Enova’s offshore wind lead.
3,9 milliarder til to flytende havvindanlegg30.10.2026 08:49:21 CET | Pressemelding
Enova tildeler Fortius Offshore Wind AS og Fram Wind Solutions AS 3,94 milliarder kroner i støtte for å bygge flytende havvindanlegg de fem nærmeste årene. – Stort potensial for Norge, sier Enovas havvindansvarlig.
400 millioner i rekordstøtte til elektriske lastebiler26.10.2026 19:35:19 CET | Pressemelding
Flere vil ta i bruk elektriske lastebiler, og nå deler Enova ut et rekordstort beløp til lastebilbransjen. – Dette viser at omstillingen er i gang, sier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
3,3 milliarder kroner fra EU til norske havvind- og karbonfangstprosjekter19.10.2026 16:08:37 CEST | Pressemelding
Aker Solutions, Aker BP og Sirona Technologies får 3,3 milliarder kroner fra EU til ett havvindprosjekt og to karbonfangstprosjekter i Norge. Enova har bistått i arbeidet med søknadene.
Old ships to become new buildings7.10.2026 13:30:19 CEST | Pressemelding
By repurposing steel from ships for use in buildings, a new Enova-supported project could reduce emissions from building construction by up to 25 percent and create new jobs.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom