Enova

Enova gir 1,3 milliardar til utsleppsfrie skip

16.6.2026 14:00:30 CEST | Enova | Pressemelding

Del

Ti nye utsleppsfrie skip får støtte frå Enova. Noreg har størst andel utsleppsfrie skip i verda, ein posisjon som no kan bli styrkt ytterlegare.

LH2 Shipping får støtte til to bulkskip som skal gå på flytande hydrogen. Illustrasjonen viser korleis skipa vil sjå ut.
LH2 Shipping får støtte til to bulkskip som skal gå på flytande hydrogen. Illustrasjonen viser korleis skipa vil sjå ut. LH2 Shipping

– Skal vi klare å nå klimamåla våre, må alle sektorar stille om, inkludert skipsfarten. Eg er glad for at vi i dag gir ei stor tildeling til skip som skal gå på batteri, ammoniakk og hydrogen. Dette er eit stort steg i rett retning, og viser at ulike nullutsleppsløysingar blir stadig meir tilgjengelege for skipsfarten. Her spelar Enova ei viktig rolle i omstillinga av sektoren som står for åtte prosent av utsleppa i Noreg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Av dei ti nye utsleppsfrie skipa Enova no støttar, skal seks av fartøya gå på batteri, to på hydrogen og to på ammoniakk. I tillegg vert ladeinfrastruktur støtta i eitt av prosjekta. Utbetalingane skjer først når kostnader er påløpne og dokumenterte.

– Målet med dei ti prosjekta Enova no støttar med 1,3 milliardar kroner, er å vise at både batteri, hydrogen og ammoniakk kan bli konkurransedyktige løysingar når maritim transport framover skal kutte utslepp i langt større omfang enn i dag, seier konstituert administrerande direktør i Enova, Rune Holmen.

Vil auke tempoet i omstillinga

Ifølgje DNV sitt barometer for grøn omstilling av skipsfarten er det 3785 skip i innanriks trafikk i Noreg. 112 av desse er utsleppsfrie, noko som tilsvarer om lag tre prosent av flåten. Noreg har størst del utsleppsfrie skip i verda. Likevel viser ein ny rapport, som Enova legg fram 18. juni, at Noreg med dagens omstillingstempo ikkje kan vente å nå målet om null klimagassutslepp frå maritim transport innan 2050.

Ytterlegare 22 nullutsleppsskip er allereie under bygging, planlagde brukt i norske farvatn. Med dei ti nye prosjekta som no får støtte, aukar tempoet i omstillinga av ei næring der utviklinga av dei utsleppsfrie teknologiane framleis er i ein tidleg fase.

Elektriske skip og ladeanlegg

Fleire av prosjekta skal vise korleis auka elektrifisering er mogleg i maritim transport. Seistar får støtte til både eit heilelektrisk prosessfartøy og ladeanlegg, som skal gjere det mogleg å frakte og prosessere fisk utsleppsfritt mellom oppdrettsanlegg og slakteri. Watt Goodfish får støtte til to tilsvarande elektriske fartøy.

Eitzen Avanti får støtte til to nye batterielektriske containerskip. Saman med to skip som fekk støtte i fjor, kan dei danne eit nytt utsleppsfritt fraktsystem for containertransport mellom Noreg og Europa. Dei to skipa som fekk tilsegn om støtte i fjor, er det no vedteke skal byggjast. Dei er planlagde sette i drift frå 2029. Skipa vil få batteripakkar på over 100 MWh, noko som vil bli dei største batteripakkane på skip i verda.

Nordic Sea Concept får støtte til å byggje eit heilelektrisk cruiseskip som skal brukast i norske fjordar. Skipet vil bli utstyrt med ein stor batteripakke på 20 MWh.

– Lettare for fleire å investere

For hydrogen og ammoniakk skal støtta også bidra til å byggje dei første fungerande verdikjedene for utsleppsfrie drivstoff i maritim sektor. LH2 Shipping får støtte til to bulkskip som skal bruke flytande hydrogen, medan Bergen Tankers sine to ammoniakkdrivne tankskip skal gå for Equinor.

– Frå før har vi støtta fyllestasjonar for ammoniakk, og produksjon og bunkring av hydrogen. Når vi no støttar fleire skip, er det avgjerande for å få produksjon, distribusjon, bunkring og bruk av nye drivstoff til å utvikle seg samstundes. Når dei første verdikjedene kjem på plass, blir det lettare for fleire aktørar å investere i utsleppsfri teknologi, seier Rune Holmen.

15. juni kom ei anna gledeleg nyheit for framtida til ammoniakkskip. Selskapet Azane Infrastructure AS, som i fjor fekk tilsagn om støtte frå Enova til å byggje tre fyllingsanlegg for ammoniakkskip, har no bestemt seg for å styrkje tilliten til at dette blir realisert ved å ta på seg å betale ei bot dersom dei ikkje byggjer anlegga. Enova-støtta vart i fjor gitt gjennom programmet «Bunkringsanlegg for ammoniakk». Dei tre fyllestasjonane skal byggjast ved offshorehamnene Mongstad, Risavika og Fjordbase.

Store utsleppskutt

Til saman reiknar ein med at prosjekta Enova no skal støtte vil gi eit årleg klimagasskutt på over 46 000 tonn CO₂. Det tilsvarar dei årlege utsleppa frå om lag 18 000 dieselpersonbilar.

– Utsleppskutta som støtta vår til utsleppsfrie maritime fartøy skaper direkte, er ein positiv tilleggsfaktor. Det aller viktigaste er at prosjekta banar veg for ei større omstilling av maritim sektor, som kan få utsleppa ned i betydeleg omfang på varig basis, seier Holmen.

Støtteprogram Selskap Fartøystype Prosjekttype  Antall  Støttebeløp(NOK) 
Batteri i nullutslippsskip EITZEN AVANTI AS Container Nybygg 2 200 000 000
SEISTAR PROSESSFARTØY AS Prosessfartøy, havbruk Nybygg 1 100 000 000
NORDIC SEA CONCEPT HOLDCO1 AS Cruise Nybygg 1 84 000 000
WATT GOODFISH AS Prosessfartøy, havbruk Nybygg 2 124 364 800
SEISTAR PROSESSFARTØY AS Ladeanlegg Ladeanlegg 1             32 500 000
Hydrogen i fartøy LH2 shipping AS Bulkskip Nybygg 2            344 337 182
Ammoniakk i fartøy Bergen Tankers AS Kjemikalietanker  Nybygg 2            432 597 308

Nøkkelord

Kontakter

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Enova

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Enova på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Enova

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye