Sterk vekst i talet på reisande – Bergen driv utviklinga i regionane
10.6.2026 12:01:00 CEST | Avinor | Pressemelding
Over 4,6 millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i mai. Det er ein auke på nær 4 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Veksten kjem særleg frå utanlandsreisande, som auka med over 6 prosent, medan talet på reisande innanlands voks med rundt 2,5 prosent. Dette viser at etterspurnaden etter utanlandsreiser framleis bidreg mest til auken, samtidig som innanriksmarknaden er stabil. Den internasjonale uroa som også har gitt utslag i høge drivstoffprisar gir dermed ikkje utslag på trafikktala så langt i våre tal.
Fleire passasjerar – moderat auke i flyrørsler
Samtidig som talet på passasjerar aukar, er veksten i talet på flyrørsler meir moderat. I mai vart det registrert om lag 56 000 flyrørsler, ein auke på litt over 2 prosent samanlikna med same månad i fjor. Dette tyder på at flya i snitt har fleire passasjerar per avgang enn tidlegare.
Utanlandsreisande bidreg mest til veksten
Talet på utanlandsreisande auka med over 6 prosent, medan innanlandsreisande auka med rundt 2,5 prosent. Utviklinga heng saman med auka kapasitet og fleire tilgjengelege seter, særleg på utanlandsruter.
Stor vekst frå utlandet til Bergen lufthamn gir vidare vekst innanlands
Bergen lufthamn Flesland utmerkar seg i mai som ein av dei viktigaste vekstmotorane i Avinor-systemet. Over 647 000 passasjerar reiste via Bergen i løpet av månaden, noko som er ein auke på om lag 18 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Veksten heng saman med fleire forhold. Det har vore ein betydeleg auke i kapasiteten, særleg på utanlandsruter, med fleire avgangar og fleire tilgjengelege seter. Samtidig ser vi at fleire flyselskap har hatt sterk utvikling på Flesland.
Utanlandsreisande peikar seg spesielt ut, men det er også ein solid auke i talet på innanlandsreisande.
– Det er fleire forhold som forklarer veksten vi ser i Bergen no. For det første har det vore ein tydeleg auke i kapasiteten, særleg på utanlandsrutene, med fleire avgangar og fleire tilgjengelege seter. Samtidig ser vi at fleire flyselskap har hatt sterk utvikling på Flesland, noko som gir eit direkte utslag i passasjertala, seier Helge Eidsnes, lufthavndirektør ved Bergen lufthamn, Flesland.
– Utanlandsreisande peikar seg spesielt ut, men vi har også ein solid utvikling innanlands. Dette gir eit breitt grunnlag for veksten. Fjoråret var prega av omfattande asfaltarbeid som påverka passasjertala i denne perioden. Samtidig ser vi at nivået no også ligg over det vi såg før dette, samanlikna med ein meir normal situasjon i 2024. Det tyder på at veksten ikkje berre kjem av eit lågare samanlikningsgrunnlag, men også av ein reell auke i talet på reisande, seier Helge Eidsnes.
Høgsesong for droneflyging – ikkje fly ulovleg
I mai vart 3206 droneplanar registrerte. Dette er ein 500 fleire enn i april, men ein nedgang på 7,6 prosent frå mai i fjor.
– No er det høgsesong for droneflyging. Hugs at det er forbod mot å fly i sonene kring lufthamnene, så eg vil oppmode alle om å fly drone berre der det er trygt og lovleg, samt å nytte Ninox Drone seier Nikola Tufekcic, leiar for droner i Avinor.
Oppsummert mai 2026
- Tal passasjerar: 4 665 775 (+ 4%)
- Innanlands: + 2,5 %
- Utanlands: + 6,3 %
- Flyrørsler: ca. 56 000 (+2 %)
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Fuglesang FramholtKommunikasjonssjefAvinor
Tel:+47 976 22 141cathrine.framholt@avinor.noBilder



Dokumenter
Lenker
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Svakare juni, men vekst gjennom første halvår10.7.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Nær 5 millionar passasjerar reiste via Avinor sine lufthamner i juni. Det er ein nedgang på 1,8 prosent samanlikna med juni i fjor. Samstundes viser tala ein samla vekst på 2,1 prosent så langt i år.
Avinor lyser ut nye retailkontrakter ved fire av landets største lufthavner3.7.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Avinor lyser ut nye retailkontrakter ved Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim lufthavn med en estimert samlet verdi på over 4,5 milliarder kroner over en femårsperiode.
Onepark vant flyplasskontrakt på Oslo lufthavn3.7.2026 07:54:36 CEST | Pressemelding
Onepark vant tilbudskonkurransen med Avinor om driften av parkering på Oslo lufthavn. Kontrakten har fem års varighet og er verdt 4 milliarder kroner.
Sommerutfarten i gang på Bergen lufthavn – flere dager med svært høy trafikk24.6.2026 11:16:22 CEST | Pressemelding
I perioden frem til 23. august er det ventet nær 1,47 millioner reisende gjennom flyplassen, og flere dager peker seg ut med svært høy trafikk. I tillegg til mange Vestlendinger som reiser på sommerferie, kommer det mange turister for å besøke Bergen og Vestlandet.
Værnes venter høy sommertrafikk – travle lørdager skiller seg ut17.6.2026 12:43:28 CEST | Pressemelding
Trondheim lufthavn, Værnes går inn i sommerperioden med høy trafikk og godt trykk gjennom sesongen. Kapasiteten på innenlandsrutene er økt med om lag 5 prosent sammenlignet med i fjor, samtidig som trafikkmønsteret endrer seg i helgene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom