Samferdselsdepartementet

Jannicke Hilland er ny styreleiar i Entur

9.6.2026 14:56:35 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Del

På dagens generalforsamling i Entur AS blei Jannicke Hilland vald som ny styreleiar i selskapet. Nestleiaren i styret, Leif Harald Jensen, og styremedlem Sverre Kristian Gjessing vart attvalde.

Jannicke Hilland
Jannicke Hilland er ny styreleiar i Entur AS. Foto: Telenor

Jannicke Hilland (1967, Bergen) har doktorgrad i industriell instrumentering frå Universitetet i Bergen (UiB). Hilland har brei erfaring frå mellom anna olje og gass, energi og telekom, med leiarerfaring frå store norske selskap som Hydro, Statoil, Eviny og Telenor.

– Eg har høge forventingar til arbeidet Entur gjer med å utvikle den digitale infrastrukturen, slik at det er enkelt å planleggje kollektivreiser og kjøpe billettar. Det gjeld også når passasjerane må byte mellom tog, buss, bane eller ferje. Jannicke Hilland har kompetanse og erfaring som gjer at ho er godt rusta til å leie styret og vidareutvikle Entur. Samstundes vil eg gi honnør til avtroppande styreleiar Karin Bing Orgland, som har vore viktig for utviklinga av selskapet dei siste ti åra, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Styrets samansetjing 
Etter generalforsamlinga består styret i Entur AS av desse medlemene:

  • Jannicke Hilland (f. 1967, Hordaland) (aksjonærvald)
  • Leif Harald Jensen (f. 1972, Rogaland) (aksjonærvald)
  • Sverre Gjessing (f. 1961, Hordaland) (aksjonærvald)
  • Audhild A. Randa (f. 1983, Oslo) (aksjonærvald)
  • Grethe Skundberg (f. 1965, Rogaland) (aksjonærvald)
  • Marianne Jøraandstad (tilsetterepresentant)
  • Kristin Voss (tilsetterepresentant)
  • Kenneth Wiik (tilsetterepresentant)


Om Entur AS
Entur er eit aksjeselskap eigd av Samferdselsdepartementet som skal levere sals- og billettløysingar for jernbanen. I tillegg skal Entur levere tenester som gjer det enkelt å planleggje, samanlikne og kjøpe saumlause reiser på tvers av alle kollektivtransportselskap i Noreg, på både buss, tog, ferje, t-bane og trikk.


For fleire opplysningar – sjå:

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye