UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Ny studie: Svake statar har ikkje nødvendigvis øydelagde samfunnskontraktar

9.6.2026 09:39:46 CEST | UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet | Pressemelding

Del

Samfunnskontrakten blir ofte forstått som eit bytteforhold: skatt mot offentlege tenester og politisk representasjon. I si avhandling visar Viljar Haavik at denne førestillinga, ei heller fråværet av den, ikkje forklarar kvifor Mali og Liberia fungerer som dei gjer.

Viljar Haavik
Viljar Haavik

Forsking frå Mali og Liberia visar at sårbare statar ikkje nødvendigvis manglar eller har svake samfunnskontraktar – dei har berre heilt andre enn dei me vanlegvis tenkjer på. 

I Mali er statleg kapasitet låg, tenestene er svake og politisk opposisjon blir undertrykka, men det militære regimet har likevel brei støtte, spesielt i byane. Forklaringa ligg i eit ‘sosialt band’ bygd på sterke fellesskapsforteljingar og symbolsk autoritet som gjer at folk opplever leiarane som dei som forsvarar nasjonen, trass i mangelen på utvikling og stadig valdeleg konflikt.

I Liberia finn avhandlinga ein heilt annan type kontrakt: ein «hands-off» kontrakt, der staten medvite held seg tilbake og uformelle maktnettverk og praksisar får stort spelerom. Innbyggjarane er tilpassa eit styringssystem som i praksis endrar seg lite, trass i store politiske skifte og fleire rundar med omfattande statsbyggingsreformar dei siste tiåra. 

Funna visar at svake statar ikkje nødvendigvis har øydelagde samfunnskontraktar – dei fungerer berre på heilt andre måtar enn dei klassiske vestleg-inspirerte modellane tilseier.

Kontakter

Følg pressemeldinger fra UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Ny doktorgradsstudie: Den største og mest detaljerte normative modellen for lillehjernens utvikling over livsløpet til dags dato15.5.2026 12:43:45 CEST | Pressemelding

Historisk sett har lillehjernen først og fremst vært assosiert med motoriske funksjoner, men nyere forskning legger økt vekt på dens betydelige roller i høyere kognitive funksjoner og emosjonell bearbeiding. I sin doktorgradsavhandling, har Milin Kim ved Psykologisk instiutt, UiO, brukt hjerneskanningsdata fra mer enn 50 000 deltakere i aldersspennet 2 til 80 år.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye