NVE gjev løyve til å byggje transformatorstasjonar i Vik kommune
8.6.2026 09:00:00 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Statnett SF og Sygnir AS får løyve til å byggje to nye transformatorstasjonar ved Refsdal kraftverk i Ovrisdalen. Sygnir får òg løyve til å overta og byggje om eksisterande Hove transformatorstasjon, medan Statkraft Energi AS får løyve til å byggje nye kraftleidningar frå Hove, Refsdal og Målset kraftverk til dei nye stasjonane.

Statnett sin transformatorstasjon vil auke overføringskapasiteten og styrkje forsyningstryggleiken inn til Bergensområdet, seier seksjonssjef Ingrid Myrtveit i NVE.
Sygnir og Statkraft sine tiltak vil auke kapasiteten i det lokale kraftnettet og NVE meiner dei er nødvendige for å unngå at regionalnettet og dei tre kraftverka mistar tilknytinga til det overliggjande nettet i området.
Vegar og masselager
I samband med utbygginga får Statnett løyve til å etablere fem masselager til deponering av overskotsmasser for bygginga av stasjonane. Dei får òg løyve til å utbetre delar av fylkesveg 5601 og ein privat veg for transport av nye transformatorar til stasjonane.
Statnett og Sygnir får i tillegg løyve til oreigning for naudsynte grunn og rettar til å byggje, eige og drive anlegga.
NVE stiller krav for å redusere negative verknader
For å redusere negative verknader for miljø og samfunn stiller NVE ei rekke krav til korleis utbygginga skal gjennomførast. Statnett og Sygnir må mellom anna utarbeide ein detaljplan der dei må beskrive korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast for å redusere negative verknader for omgjevnadene.
– Det må i detaljplanen beskrivast korleis anleggsarbeidet skal tilpassast andre brukare av vegane, òg korleis ein mogleg mellombels veg over Klyv kan etablerast. Før anleggsstart må Sygnir og Statnett i tillegg kartleggje om det er hekking av vipe og storspove ved dei nye stasjonane, seier Myrtveit.
Detaljplanen må utarbeidast i kontakt med Vik kommune, grunneigarar og andre rettshavarar og godkjennast av NVE før anleggsarbeida kan starte.
NVE har ikkje ferdigbehandla kraftleidningane
Statnett og Sygnir har òg søkt om konsesjon for fleire kraftleidningar i Vik kommune. NVE fekk ei rekke innspel i høyringa, og fleire omhandla val av trasear for kraftleidningane som gav behov for nye utgreiingar. NVE vurderte det som mest formålstenleg å behandle tiltaka vi no gir løyve til først, i påvente av utgreiingane. NVE tek derfor ikkje no stilling til val av trasear for kraftleidningane Statnett og Sygnir søkjer om. NVE sin sakshandsaming av kraftleidningane vil fortsetje når vi har motteke endelege utgreiingar.
Nøkkelord
Kontakter
Ingrid MyrtveitSeksjonssjef
Tel:95 17 27 25inmy@nve.noBilder

Lenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Sterk vekst i datasentre svekker norsk kraftbalanse29.10.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Dersom kraftforbruket øker sterkt uten at det bygges ut ny kraftproduksjon, vil Norge få kraftunderskudd og betydelig høyere priser fram mot 2035. Det viser en ny rapport fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
NVE avslår søknad om Grøna kraftverk i Tydal28.10.2026 11:12:05 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) avslår søknaden om å bygge Grøna kraftverk i Tydal kommune i Trøndelag. Kraftverket ville gitt en årlig kraftproduksjon på 10,5 GWh, men NVE mener at konsekvensene for reindrift og naturmangfold er større enn fordelene ved kraftproduksjonen.
Energibruken i Norge blir mer effektiv27.10.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Energibruken i Norge har blitt betydelig mer effektiv de siste ti årene, viser en ny rapport fra NVE. Energiintensiteten i norsk økonomi er redusert med 18 prosent i perioden 2015 til 2025. Særlig transportsektoren og bygg har bidratt til utviklingen gjennom omfattende elektrifisering og energieffektivisering. Samtidig er Norge fortsatt et stykke unna det nasjonale målet om å redusere energiintensiteten med 30 prosent innen 2030.
Oransje varsel om flomfare på deler av Østlandet23.10.2026 16:49:45 CEST | Pressemelding
Ekstremværet Boelo er på vei fra Storbritannia mot sørlige deler av Norge. Mye regn er ventet i deler av Telemark, Buskerud, Vestfold og vest for Oslo natt til søndag 25. oktober. NVE varsler fare for flom på oransje nivå. Jordskredfare er på gult nivå.
NVE gir konsesjon til det første nye vindkraftverket på 9 år21.10.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Eviny og Norsk Vind tillatelse til å bygge Moldalsknuten vindkraftverk i Rogaland. Dette er den første konsesjonen til et nytt vindkraftverk, etter flere års stans i vindkraftbehandlingen. Prosjektet er planlagt i et område med gruvedrift og eksisterende vindkraft.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom