Rekordmange nyttar seg av dagtilbodet ved krisesentera
8.6.2026 09:00:30 CEST | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | Pressemelding
Aldri før har så mange brukt dagtilbodet ved krisesentera som i 2025. Samtidig melder fleire krisesenter om kapasitetsutfordringar og ueigna bygg.

– Rekordmange oppsøkjer dagtilbodet ved sentera for samtale og rettleiing. Det viser at denne delen av tilbodet ved krisesentera blir ei stadig viktigare støtte for valdsutsette, og gir fleire høve til å få hjelp, seier Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.
I 2025 vart dagtilbodet ved krisesentera brukt 22 757 gonger, som er det høgaste som er registrert. Dette omfattar både dagsbesøk og einesamtalar på telefon eller video. 6 646 personar nytta seg av dagtilbodet totalt.
Av det samla talet var 13 553 dagsbesøk. Det vil seie fysiske oppmøte ved senteret, følgje til møte med andre tenester eller oppfølging i heimen. I tillegg vart det registrert 9 204 einesamtalar, i form av strukturerte samtalar og rettleiing på telefon. Ein tredel av samtalane vart gjennomført på telefon på grunn av lang reiseavstand til næraste krisesenter.
Berre i rekordåret 2024 vart det registrert fleire opphald og bebuarar
Krisesentertilbodet i kommunane skal gi råd, støtte og rettleiing, og dessutan eit beskytta butilbod til dei som har behov for det. I 2025 budde 2 278 vaksne på krisesentera, som til saman hadde 2 678 opphald. Antal bebuarar og opphald var det nest høgaste som er registrert ved sentera.
Menn utgjer framleis ein mindre del av brukarane på krisesentera. I 2025 budde 226 menn på krisesenter, med 252 opphald. Det er nokon fleire enn året før. Sjølv om menn er i mindretal, er det altså fleire menn som oppsøkjer hjelp.
I 2025 budde 1 531 barn på eit krisesenter, og desse hadde saman 1 850 opphald. For mange av barna førte opphaldet til avbrot frå barnehage eller skule. Dette skjer som regel for å ivareta tryggleiken til barna.
Tre av fire krisesenter var fulle éin eller fleire gonger i 2025
Samtidig som pågangen til dagtilbodet aukar, melder krisesentera om kapasitetsutfordringar i butilbodet. I 2025 var 30 av 42 tilbod til kvinner fullt éin eller fleire gonger i løpet av året. For butilboda til menn gjaldt dette 21 av 39 tilbod.
Fleire krisesenter melder også at lokala deira ikkje er godt nok tilpassa behova. I 2025 gjaldt dette 22 av 42 senter med tilbod til kvinner og 26 av 40 senter med tilbod til menn. Dette er ein klar auke frå året før. Nokon peikar på at bygga er gamle eller lite formålstenlege, medan andre manglar moglegheit for nødvendig skjerming eller har for liten romkapasitet.
Endringane i krisesenterlova i 2025 inneber blant anna ei tydeleggjering av plikta kommunen har til å sørgje for eit likeverdig krisesentertilbod til alle brukarar.
Nokon krisesenter seier at lokala gjer det vanskeleg å gi eit godt tilbod til brukarar som har tilleggsutfordringar, som rus eller psykisk uhelse. Senter med tilbod til menn trekkjer i tillegg fram at fasilitetane ofte er dårlegare enn i tilbodet til kvinner, eller at lokala ligg for langt unna hovudsenteret.
– Endringane i krisesenterlova tydeleggjer ansvaret til kommunane for å sikre eit likeverdig tilbod til alle brukarar, også personar som har utfordringar knytte til rus eller psykisk helse. Samtidig ser vi at fleire senter slit med gamle eller lite eigna lokale, og at det blir stadig vanskelegare å gi eit godt tilbod til alle som treng det. Det er ikkje ei ønskt utvikling. Vi vil difor minne om Bufdirs tilskotsordning til oppgradering av krisesenterbygg, som alle kommunar bør kjenne til, seier Bruusgaard.
– Det er bra at stadig fleire valdsutsette oppsøkjer krisesenter for samtale og rettleiing. Eg vonar det kan bidra til at fleire klarar å gå ut av eit valdeleg forhold. Å vidareutvikle kvaliteten på krisesentertilbodet er viktig. Det er sett av 20,7 millionar i tilskotspotten for 2026 som kommunane kan søkje om for å oppgradere ueigna bygg. Fleire kommunar vil om kort tid bli innvilga tilskot, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.
Kontakter
Zahra SabhaSenior kommunikasjonsrådgiver
Tel:92510857zahra.sabha@bufdir.noLenker
Om Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er underlagt Barne- og familiedepartementet , og er et fagorgan på områdene barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og ikke-diskriminering og vold og overgrep i nære relasjoner.
Følg pressemeldinger fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Lille norske leksikon vinner Brukeropplevelsesprisen for digitale løsninger21.4.2026 17:02:58 CEST | Pressemelding
Lille norske leksikon vinner Brukeropplevelsesprisen 2026 for å gi enkel tilgang til faktasjekket informasjon, og for et forbilledlig arbeid med klarspråk, brukertesting og tilgjengelighet.
Barnevernsbarometeret 2025: Økt bekymring for de minste barna18.11.2025 11:30:07 CET | Pressemelding
I ny rapport svarer ni av ti barnevernsledere at de har sett utfordringer hos større barn som burde vært avdekket allerede i spe- og småbarnsfasen.
Kristiansand er kåra til Årets ungdomskommune22.9.2025 11:45:05 CEST | Pressemelding
Under opninga av den nasjonale ungdomskonferansen i Øystese kunngjorde barne- og familieminister Lene Vågslid at Kristiansand er kåra til Årets ungdomskommune. Kommunen får ein pris på 250 000 kroner.
Rekordmange nominasjoner til Årets ungdomskommune1.7.2025 06:01:00 CEST | Pressemelding
Nesten 30 små og store kommuner over hele landet er nominert til prisen som hedrer kommuner som har utmerket seg i arbeidet med ungdomsmedvirkning. Det er flere enn noen gang.
Ny, humoristisk foreldreordbok illustrert av Fredrik Skavlan25.6.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
Kjent på “henteskam”, vært “puteflyktning” eller tatt en “doflukt”? Den digitale Foreldreordboka gir vokabular til de unike situasjonene foreldrelivet bringer med seg.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom