Riksrevisjonen

Kommunar er ikkje førebudde på eldrebølgja

9.6.2026 13:00:00 CEST | Riksrevisjonen | Presseinvitasjon

Del

Eldrebølgja er her, men enno er norske kommunar langt i frå førebudde, viser Riksrevisjonens undersøking. Det kan få alvorlege konsekvensar.

Portrettfoto av riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen presenterer undersøkinga kl. 13. Foto: Stig Jarnes / Riksrevisjonen

– Det kan sjå ut til at nokon trur at det er lenge til eldrebølgja kjem, men det stemmer ikkje. Eldrebølgja er her no og norske kommunar er ikkje førebudde, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Kommunane si viktige rolle for å møte den sterke aukinga i talet på eldre, har vore tema i stortingsmeldingar og planar frå Helse- og omsorgsdepartementet sidan 2006.

På denne tida er vi blitt cirka 350 000 fleire over 67 år. Om berre sju år vil talet på eldre over 80 år ha auka med 50 prosent samanlikna med 2024.

– Riksrevisjonen rapporterte allereie i 2018 at kommunar ikkje hadde tilstrekkelege planar for å møte utfordringane. Då er det oppsiktsvekkande å avdekkje kor lite kommunane er førebudd på oppgåvene som ligg framfor dei, seier Schjøtt-Pedersen.

Manglar tal

Riksrevisjonen har gått gjennom alle dei relevante plandokumenta til eit representativt utval på 60 kommunar. Gjennomgangen viser at 16 av dei 60 kommunane ikkje har omtalt kor stort det framtidige behovet for sjukeheimsplassar, omsorgsbustader eller talet på tilsette kjem til å bli.

Les rapporten på riksrevisjonen.no

– Dette gir eit urovekkande bilde av at svært mange kommunar ikkje er førebudde på å gje nødvendige tenester til det aukande talet på eldre. Det er sjeldan vi snakkar med så store bokstaver som dette, men dette er alvorleg. Eg må innrømme at eg blei svært overraska då eg så desse tala, seier Schjøtt-Pedersen.

Berre to av kommunane har talfesta kor mange institusjonsplassar, alternative buformer for eldre og tilsette i helse- og omsorgstenestene dei vil ha behov for i planhorisonten.

– Dette er informasjon som er heilt nødvendig for at kommunane skal kunne planleggje og dimensjonere tenestene framover, seier Schjøtt-Pedersen.

Gjennomgangen viser vidare at over halvparten av dei utvalde kommunane ikkje planlegg å auke talet på sjukeheimsplassar eller omsorgsplassar med eller utan heildøgns omsorg, og at tre av fire oppgjer at dei allereie har eller kjem til å få utfordringar med rekruttering.

Manglar tid og ressursar

Om årsaker til kommunanes manglande planar, svarar 70 prosent at dei ikkje har tid eller ressursar. 32 prosent svarar at dei manglar tilstrekkeleg kompetanse innan planarbeid.

–  Det er vel knapt nokon oppgåve som er viktigare for kommunanes framtid, enn at dei er førebudde på den kraftige auken i talet på eldre og utfordringane dette kjem til å føre med seg. Når kommunane seier at dei ikkje har tid eller ressursar til å planlegge for sine viktigaste oppgåver, har vi eit problem. Riksrevisjonen meiner den manglande planlegginga kan få alvorlege konsekvensar for innbyggarane, kommunane og hele helse- og omsorgssektoren, seier Schjøtt-Pedersen.

Manglar informasjon

Kommunalt sjølvstyre gir kommunane stor fridom til å innrette tenestetilbodet sitt ut frå lokale forhold og prioriteringar. Samstundes har staten ansvar for å gi kommunane moglegheit til å løyse oppgåvene sine.

Undersøkinga viser at statlege helsestyresmakter har teke i bruk mange verkemiddel, men at de framleis manglar nødvendig informasjon om kvaliteten i tenestene.

– Informasjon om kvaliteten er viktig for å kunne utvikle treffsikre tiltak på nasjonalt nivå. Det blir særleg viktig når tenestene kjem under press, seier Schjøtt-Pedersen.

Riksrevisjonen meiner at dei statlege helsestyresmaktene ikkje har følgt godt nok opp at kommunane har planlagt for korleis dei skal møte utfordringane som treffer helse- og omsorgstenestene i åra framover.

– Undersøkinga viser at kommunane ikkje har ressursar, tid eller kompetanse til å ivareta ei av sine fremste oppgåver. Da må statlege myndigheiter spørje seg sjølv kvifor dei mange tiltaka som er sett i verk, ikkje latar til å ha effekt. Vi meiner det er kritikkverdig at Helse- og omsorgsdepartementet ikkje har ettergått at kommunane er tilstrekkeleg førebudde, seier Schjøtt-Pedersen.

Nøkkelord

Kontakter

Stian FjelldalPressekontakt

Ta kontakt med meg på mobil eller epost. Jeg besvarer pressehenvendelser på hverdager mellom 08.00 og 15:45.

Tel:915 43 760sfj@riksrevisjonen.no

Om oss

Riksrevisjonen er det største og eldste kontrollorganet til Stortinget. Gjennom revisjon av rekneskap og undersøkingar kontrollerer vi korleis regjeringa og statsforvaltninga gjer jobben sin.

Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye