Ingebjørg Bratland er her – her og no!
8.6.2026 08:06:00 CEST | Sony Music Norway | Pressemelding
Ingebjørg Bratland startar sumaren med ei påminning om å kople litt av frå teknologi for å vera meir til stades i eiget liv. "Her og no" er tilgjengeleg frå fredag 12. juni.

“Alt ropar etter merksemda vår i ei verd der me er meir påkopla enn nokon gong. Likevel hender det kanskje at me mistar kontakten med det som eigentleg er nærast – menneska rundt oss, og dei stille augneblinka som aldri kjem att.”
Ingebjørg Bratland treng ingen introduksjon; men det skader aldri å minne om kva for ein særprega røyst og kunstnar ho er. Allsidig og like heime framfor 50.000 ungdom på Rådhusplassen på VG-lista med nummer ein hiten “Baby, du er rå!” i lag med Hagle som ho er med hardingfele og folkemusikk i eit grendehus. Og ho skriv om det som rører seg og rører ho.
“Nyheiter, varslingar, innlegg og endelause straumar av informasjon flyt gjennom dagane våre. Midt i alt dette fekk eg lyst til å skrive ein song som undrar seg over kva som skjer medan blikket er festa til ein skjerm, eller tankane er ein heilt annan stad.”
Med eit talent som songar, låtskrivar, formidlar og scene-personlegdom som har gjett ho moglegheiter og suksess heilt utanom det vanlege er det enkelt å tenke at ho ikkje bruker mykje tid og energi på det kvardagslege. At ho fokusera på dei store måla og opplevingane. Men slik er det altså ikkje.
“Her og no handlar om dei små stundane som ofte glir ubemerka forbi: kaffikoppen som blir kald medan me skrollar vidare, kveldssola som søkk bak hustaka utan at nokon ser ho, sommaren som stilnar før me rakk å kjenne henne, og kjærleiksongen me aldri får med oss dei siste tonane av.”
Det er denne evna til å vera til stades, sjå og formidle som har gjort Ingebjørg til ein folkekjær artist som saumlaust kan røre seg mellom pop og folkemusikk, og alt anna ho måtte prøve ut, og at det kjennes ekte og treff eit publikum.
“Her og no er ein song om lengten etter å vere til stades i sitt eige liv. Om å løfte blikket, om så berre eit lite augneblink, og oppdage det som allereie finst rundt oss. For kanskje er det dei små tinga som betyr mest. Kanskje er det alt det som skjer mellom oppdateringane som er det mest verdifulle av alt.”
Ver “Her og no” med Ingebjørg Bratland frå fredag 12. juni, og ta med deg bodskapet vidare inn i sumaren og livet.

Ingebjørg Bratland (1990) frå Telemark er ein av Noregs mest folkekjære artistar. Ho er kjend for si særprega røyst og evne til å formidle sterke kjensler med stor nærleik. Med sterke røter i den norske folkemusikktradisjonen har ho utvikla eit musikalsk uttrykk som rører seg saumlaust mellom vise, pop og tradisjon, og som treff eit breitt publikum.
Ho var allereie populær og etablert som artist og utøvar då ho for alvor slo gjennom med det Spellemannpris-vinnande albumet “Heimafrå” saman med Odd Nordstoga i 2013. Ingebjørg har sidan etablert seg som ei tydeleg stemme i norsk musikkliv med eigne turnéar, utgjevingar og låtar som «Ingen som du», “Ljos" og «Fordi eg elskar deg». Gjennom karrieren har Bratland utmerkt seg som ein formidlar som kombinerer tradisjon med samtid, og som gir nytt liv til både eigne og andre sine tekstar. Ho arbeidar no med sitt femte studioalbum, som er venta i januar 2027.
Dei siste åra har ho nådd eit endå større publikum gjennom TV2-suksessen "Hver gang vi møtes", som mellom anna resultera i #1-hiten “Baby, du er rå!” i samarbeid med Hagle, og som framifrå mentor talentprogrammet i The Voice. Evna til å sjå talent i andre vart så til de grader tydeleg når ho i mai gjorde reint bord med å ha alle tre The Voice-finalistar. Ho har og stått på den legendariske revyscena Chat Noir i Oslo med “Ei ganske sann historie”, ei førestilling ho seinare tok med seg ut på turné.
Med sin sterke kunstnarlege integritet og evne til å skape gjenkjennelege, tidlause forteljingar, står Ingebjørg Bratland i dag som ein av landets mest etterspurde artistar anten det er konsertar, plater eller førestillingar. I oktober og november Sumaren 2026 speler ho eit utval festivalar, og i oktober og november er det tid for ein omfattande Norgesturné med avslutning i Operaen i Oslo.
Ingebjørg Bratland er høvesvis jamnleg kopla på, og du finn ho her: heimeside – TikTok – Instagram - Facebook
Nøkkelord
Kontakter
Elisabeth RiksenHead of Communications
Tel:+47 920 12 160elisabeth.riksen@sonymusic.comBilder



Om Sony Music Norway
Sony Music Entertainment Norway er en del av Sony Music Entertainment Group, og er et av Norges ledende plateselskaper. Vi representerer et bredt spekter av aktive norske og internasjonale artister, samt en omfattende katalog av stor musikkhistorisk betydning, kvalitet og innflytelse.
Vi respekterer og beundrer våre artister og er stolte av å kunne støtte og tilrettelegge for deres musikk og visjoner ved å skape det rette grunnlaget for kreativitet, vekst og utvikling. Som selskap bestreber vi å gi våre ansatte et godt og stimulerende arbeidsmiljø, og vi ønsker å ha fokus på inkludering, likeverd, mangfold, mental helse og miljø.
Sony Music Entertainment Norway representerer blant annet 2AM-DM, Adele, Arif, Bargee, Bernhoft, Beyoncé, Bruce Springsteen, Calvin Harris, CC Cowboys, deLillos, Emma Jensen, Foo Fighters, Frida Ånnevik, Harry Styles, Ina Wroldsen, Inge Bremnes, Julie Bergan, Justin Timberlake, Kamelen, Klossmajor, Kurt Nilsen, Kygo, Labrinth, Madeléne, Maria Mena, Matilda, May, Miley Cyrus, Morgan Sulele, Nora Jabri, Peder Elias, P!nk, Rosalia, Silje Nergaard, Spelloppmaker, Staysman, Stig Brenner, SZA, Tigergutt101, Travis Scott, Tyler the Creator, Tyr, Wolf Alice, Zara Larsson med mange fler.
Følg pressemeldinger fra Sony Music Norway
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sony Music Norway på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sony Music Norway
Jesper Fosdahl slipper ny singel «Bli hos meg»16.9.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
«Bli hos meg» er en soul-preget ballade skrevet fra sengekanten. Låta handler om å ta farvel, og om det å være en stor og sterk gutt som skal tåle det, selv når det gjør vondt.
Spelloppmaker slipper «Fæm på» – en ny runde i det samme gamle hæljemønsteret15.9.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Fredag 18. september slipper Spelloppmaker den nye singelen «Fæm på» – en energisk countryrocklåt om å havne på den samme puben, med de samme sangene og de samme planene om at denne hælja skal bli annerledes enn den forrige.
Zimmermann gir oss et halvt puslespill14.9.2026 11:30:05 CEST | Pressemelding
Fredag 18. september kommer første halvdel av "Puslespill", oppfølgeren til Zimmermanns kritikerroste debutalbum "In media res" som i skrivende stund er topp 10 på den offisielle hitlisten. Billetter til årets juleturné med start 27. november ble lagt ut for salg på fredag, og det ble solgt over 7000 billetter og annonsert 9 ekstrakonserter, bare i løpet av de første 24 timene.
Nora Jabri slipper personlig album om identitet og tilhørighet14.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Nora Jabri er en norsk/irakisk artist som skaper seg en tydelig plass i moderne pop, der hun kombinerer engelskspråklig låtskriving med subtile, men sterke arabiske musikalske impulser. Med et uttrykk som både føles globalt tilgjengelig og dypt forankret i hennes egen bakgrunn, representerer hun en ny og fremadstormende stemme i den skandinaviske musikkscenen.
Maria Mena slipper "It Took Me By Surprise" live fra Oslo Konserthus11.9.2026 08:15:00 CEST | Pressemelding
25. september slipper Maria Mena sitt aller første livealbum «Perspective – Best Of "The Live Sessions" from Oslo Concert House», et album spilt inn under fire utsolgte jubileumskonserter i Oslo Konserthus tidligere i år. 14. august slapp hun smakebiten «My Lullaby», og 28.august fikk vi «Just Hold Me». 11. september kommer «It Took Me By Surprise». Originalen fra i 2011 og albumet «Viktoria» kom aldri som en single, men har de seneste årene gått viralt i Manga-verden, og har i dag hele 62 millioner streams.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom