Justervesenet

Kva har skjedd med makrellen?

4.6.2026 13:48:09 CEST | Justervesenet | Aktuelt

Del

Det internasjonale havforskningsrådet (ICES) har anbefalt at makrellkvoten reduserast med 70 % i 2026. Bakgrunnen er alvorleg. Gytebestanden har stupt i fleire år, ifølgje forsking omtalt av NRK. Kuttet merkast i heile verdikjeda, frå fiskarar og mottak til eksport. Kva kan vi gjere?

Når ressursane blir knappare, aukar òg risikoen for ulovleg, urapportert og uregulert fiske, kalla IUU-fiske. Dette er ei kjend global utfordring, og difor markerer FN kvart år ein eigen dag mot slik verksemd, verdsdagen mot IUU-fiske, 5. juni.

- Utan pålitelege målingar av fangsten, blir det vanskeleg å vite kva som skjer med makrellen, og annan fisk, seier Jorunn Gjuvsland, tilsynsingeniør og fagansvarleg for fisk hjå Justervesenet.

For å forvalte fiskeressursane rett, må vi vite kor mykje fisk som faktisk blir landa. Desse tala er grunnlaget for kvotar, kontroll og rettferdig fordeling.

Nytt regelverk for betre kontroll

I den samanheng, er det no vedteke nytt regelverk for vekter og vegesystem ved fiskemottak. Regelverket gjeld automatisk veging, brukt til  landing av fisk. For pelagisk fisk trer krava i kraft 1. januar 2027, og for kvit fisk frå 1. januar 2028. Målet er at all fisk som blir landa skal vegast korrekt, automatisk og ha sporbarheit.

Eit automatisk vegesystem består av éi eller fleire vekter og tilhøyrande komponentar som sørgjer for at all fisk blir vegen, og at nødvendige data blir lagra og overførte automatisk. Kort forklart betyr det at vekta gjer jobben sjølv, utan at ein operatør kan gripa inn i sjølve målinga. Det reduserer risikoen for feil, både utilsikta og medvitne.

Rolla til Justervesenet

I fiskerinæringa har Justervesenet ei viktig rolle, mellom anna med ansvaret for å føre tilsyn med desse målingane og vegesystema. Tilsynet Justervesenet fører er risikobasert. Fiskerinæringa blir rekna som høgrisiko mellom anna på grunn av store verdiar og høg omsetning. Tips og etterretning kan òg utløysa tilsyn, og Justervesenet samarbeider tett med mellom anna Fiskeridirektoratet og Sildesalslaget.

Under eit tilsyn blir det mellom anna kontrollert om

  • vektene har gyldig samsvarsvurdering
  • plomberingar er intakte
  • målingane held seg innanfor tillaten målefeil

Justervesenet bidreg òg med kompetanse i etterforsking og rettssaker, og forsking og utvikling som skal betre verktøy til havs, ved landing, regelverk og fiskehelse.

Så kva har eigentleg skjedd med makrellen?

Svaret er samansett. Klima, biologi og forvaltning speler alle inn. Men éin ting er sikkert. Utan nøyaktige målingar veit vi rett og slett ikkje nok. Dei nye krava til veging ved fiskemottak, og fortsett tilsynsarbeid, er viktige steg for å sikra at det blir nok fisk til alle.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

- Utan pålitelege målingar av fangsten, blir det vanskeleg å vite kva som skjer med makrellen, og annan fisk, seier Jorunn Gjuvsland, tilsynsingeniør og fagansvarleg for fisk hjå Justervesenet.
- Utan pålitelege målingar av fangsten, blir det vanskeleg å vite kva som skjer med makrellen, og annan fisk, seier Jorunn Gjuvsland, tilsynsingeniør og fagansvarleg for fisk hjå Justervesenet.
Justervesenet
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Justervesenet er et direktorat for måleteknikk underlagt Nærings- og Fiskeridepartementet. Justervesenet har ansvaret for at Norge har en måleteknisk infrastruktur som både har nasjonal og internasjonal tillit.

Følg pressemeldinger fra Justervesenet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Justervesenet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Justervesenet

For lite innhold i matvarene: dette gjør Justervesenet22.1.2026 09:15:28 CET | Aktuelt

TV 2 skrev nylig om forbrukere som opplever at de får mindre innhold i matvarer enn det som står på pakken. To forbrukere fortalte at de gjentatte ganger hadde kjøpt produkter merket med 3 desiliter, men som i noen tilfeller viste seg å inneholde mindre, og så lite som bare rundt 2,5 desiliter. Slike opplevelser skaper frustrasjon. Men det finnes et regelverk som skal ivareta innhold i ferdigpakkede varer, og Justervesenet fører tilsyn med dette.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye