Statens vegvesen

Arbeidet med hovudkablane til nye Sotrabru starta i dag

4.6.2026 15:02:46 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Litt før klokka 10:00 torsdag blei den første av totalt 82 delkablar trekt over fjorden, og dermed er ein av dei mest sentrale fasane i bygginga av brua i gang. 

Dronebilete av catwalken med Fjordline som passerar under.
Sotraleden var ope under trekkinga av den første delkabelen i dag. Totalt skal 82 delkablar fraktast via kabelvogn og vinsj over fjorden. Første delkabel var pynta med flagg for å markere milestolpen. Bjarte Ågotnes Olsen Statens vegvesen

Dei to hovudkablane består av 41 delkablar kvar, og kvar delkabel inneheld 127 trådar. Byggeleiar for kabelarbeidet i Sotra Link Construction, Manhyung Bae, er godt nøgd med korleis trekkinga av den første delkabelen gjekk

– Etter ein lang periode med førebuingar er vi glade for at vi no er i gang med installasjonen av den første delkabelen, seier byggeleiar for kabelarbeidet i Sotra Link Construction, Manhyung Bae.

Den første delkabelen er den mest krevjande, fordi det er den dei neste kablane skal følgje. Difor må han trekkjast rett, utan å vri seg, og plasserast nøyaktig.

Venta å ta om lag tre månader

Kabelarbeidet er venta å ta om lag tre månader, men framdrifta avheng av at forholda spelar på lag.

Prosjektleiar for Nye Sotrabru i Statens vegvesen, Håkon Matre, var òg til stades torsdag morgon då den første delkabelen, kledd i flagg for høvet, starta reisa si over fjorden. Sakte, men sikkert blei kabelen trekt opp frå viadukten og vidare over brutårnet på Sotrasida og ut over fjorden mot Drotningsvik.

– Dette er ein milepåle vi har sett fram til. No er vi i gang med ein sentral del av arbeidet med Nye Sotrabru. Når kablane er på plass, held arbeidet fram med hengestenger og deretter montering av køyrebana. Det er mange delar som skal på plass i rett rekkjefølgje.

Vêr og vind påverkar brubygginga i stor grad, og kan påverke installasjonsarbeidet og gjere det naudsynt å justere framdriftsplanen. 

– Vi håpar på gode vêrforhold i månadane som kjem, slik at vi kan halde oppe framdrifta, seier Bae.

Sikkerheit viktigast

Kabelarbeidet går føre seg i stor høgde, og sikkerheit har høgste prioritet.

– Det viktigaste å gjennomføre kabelinstallasjonen utan hendingar, samstundes som vi held oppe dei strenge kvalitetskrava som ein konstruksjon av denne storleiken krev, seier Bae.

Forankra i fjellet

Kvar delkabel blir trekt over bruspennet med ei kabelvogn som rører seg mellom brutårna ved hjelp av vinsjar. Etter at alle kablane er trekt over og trygt forankra i dei store forankringskammera inne i fjellet på kvar side av brua, blir dei komprimerte og festa saman til to store hovudkablar.

Det er selskapet NRS som utfører kabelarbeidet i samarbeid med Sotra Link Construction.

Kablane er prefabrikkerte i Kina og frakta med skip til Noreg. Dei kom fram til anleggsområdet i slutten av mai.

Når kablane er på plass, startar arbeidet med å montere hengestenger frå kablane. Hengestengene får ulik lengd: Dei er kortast midt på fjorden og blir gradvis lengre jo nærare brutårna dei kjem. Sjølve brudekket kjem sjøvegen i løpet av hausten eller tidleg vinter.

Fakta om kablane:

  • Det er to hovudkablar på Nye Sotrabru.
  • Kvar hovudkabel inneheld 41 delkablar som består av 127 kabeltrådar.
  • Delkablane er prefabrikkerte og leverte på store kabelrullar til anleggsområdet.
  • Denne metoden blir kalla for PPWS. (Prefabricated Parallel Wire Strands/Prefabrikkerte parallelle ståltråder)

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bilde av Håkon Matre, prosjektleiar Statens vegvesen
Håkon Matre, prosjektleiar Statens vegvesen
Karoline Rage Statens vegvesen
Last ned bilde
Manhyung Bae, byggeleiar for Nye Sotrabru hos Sotra Link Construction
Manhyung Bae, byggeleiar for Nye Sotrabru hos Sotra Link Construction
Marthe Njåstad Sotra Link AS
Last ned bilde
Biletet viser den første delkabelen før han blei heist på plass. Nye Sotrabru får to hovudkablar, kvar bygde opp av 41 slike delkablar som på bilete.  Kvar delkabel består av 127 kabeltrådar, og til saman skal dei bere vegbana på brua.
Biletet viser den første delkabelen før han blei heist på plass. Nye Sotrabru får to hovudkablar, kvar bygde opp av 41 slike delkablar som på bilete. Kvar delkabel består av 127 kabeltrådar, og til saman skal dei bere vegbana på brua.
Marthe Njåstad Sotra Link AS
Last ned bilde
Bilete av første delkabel midtfjords. Arbeidarear frå NRS "føljer" kabelen over fjorden via catwalken. Delkabelen (til høgre i bilete, med flagg for anledninga) vert trekt over fjorden. Tilsaman 82 slike delkablar vert innstalert. Arbeidet er venta å ta omlag tre månder.
Første delkabel midtfjords. Arbeidarear frå NRS "føljer" kabelen over fjorden via catwalken. Delkabelen (til høgre i bilete, med flagg for anledninga) vert trekt over fjorden. Tilsaman 82 slike delkablar vert innstalert. Arbeidet er venta å ta omlag tre månder.
Bjarte Ågotnes Olsen Statens vegvesen
Last ned bilde
Førebuingar til trekking av første delkabel. Bilete syner arbeidarar som koplar til delkabelen til vinsjen.
Førebuingar til trekking av første delkabel. Delkabelen koplast til ei kabelvogn som trekker kabelen mellom brutårna ved hjelp av vinsjar.
Marthe Njåstad Sotra Link AS
Last ned bilde
Dronebilete av catwalken med Fjordline som passerar under.
Sotraleden var ope under trekkinga av den første delkabelen i dag. Totalt skal 82 delkablar fraktast via kabelvogn og vinsj over fjorden. Første delkabel var pynta med flagg for å markere milestolpen.
Bjarte Ågotnes Olsen Statens vegvesen
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye