Ny døgnkvileplass i Sunnfjord innleier grøn tungbilsatsing på E39
1.6.2026 13:42:49 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
I dag blir opninga av ein sentral døgnkvileplass med tungbillading på E39 i Sunnfjord markert.

Skei i Jølster er den første komplette døgnkvileplassen på E39 i Vestland, der både sjåførar og tunge køyretøy kan lade batteria. Det har vore døgnkvileplass her tidlegare, og han blei gjenopna i november etter ombygging og utviding.
Styrker næringsliv og tryggleik
– Det er viktig for næringslivet i Vestland med føreseieleg logistikk. Tilrettelagde kvileplassar sikrar at transporten av gods og tenester flyt effektivt og trygt. Med den nye ladeplassen og dei neste som kjem langs E39 legg vi til rette for at heile landet kan ta del i det grøne skiftet, seier assisterande divisjonsdirektør Cato Løkken i Statens vegvesen.
15 plassar
No har den utvida døgnkvileplassen 15 oppstillingsplassar, og utforminga er slik at tungbilane kan unngå rygging inn og ut på plassen. Frå 1. juni er òg tungbilladinga på plass. Hurtigladestasjonen kan gi opptil 400 kW på kvar av dei fire ladarane, alternativt med saktelading 100 kW.
Circle K har bygd opp ladestasjonen i samarbeid med Skei Servicenter AS. Det er Skei Servicenter som skal drive plassen etter avtale med Statens vegvesen. Skei Servicenter er eit viktig trafikknutepunkt langs E39. Verksemda er eigd av familien Fugle og har om lag 20 tilsette.
Medan tungbilane ladar, kan også sjåførane lade batteria på dei moderne fasilitetane med dusj, toalett, mat og kvile.
Sunnfjord og Nordfjord
Døgnkvileplassen i Jølster er ein av fleire som skapar ei grøn transportkjede langs E39.
I løpet av hausten kjem ein oppgradert døgnkvileplass i drift litt lenger nord på E39 – nemleg på Nordfjordeid. Her er det ein eksisterande døgnkvileplass som skal utvidast, samstundes som den blir bygd ut med tungbillading.
Dei som køyrer sørover på E39, finn snart ein heilt ny døgnkvileplass på Sande i Sunnfjord. Den nye plassen med 15 oppstillingsplassar for tungbilar skal etter planen vere ferdig i august. Lading kjem seinare.
Bergensområdet
Det skal i sommar lysast ut ein ny konkurranse om drift av døgnkvileplass på strekninga E39 Knarvik-Oppedal i Nordhordland, med tydelegare kriterium enn i førre utlysing.
Dei neste strekningane Statens vegvesen vil invitere til konkurranse om, er Åsane-Hordvik nord i Bergen og E39 på Stord. Planen er at desse konkurransane blir lyste ut til hausten.
Det er òg planar om å lyse ut ny konkurranse for døgnkvileplass sør for Bergen.
Fleire i Rogaland
I september i fjor opna ein av landets største og flottaste døgnkvileplassar på Aksdal i Rogaland.
Langs E39 på Sokn i Stavanger kommune eig Statens vegvesen ein rasteplass som blir brukt til døgnkvile for tungbilar. No skal plassen få ny oppmerking, slik at han får 23 oppstillingsplassar. Det er førebels ikkje planar om tungbillading her.
Statens vegvesen jobbar også med å få etablert ein større døgnkvileplass på E39 i Forus-/Stavanger-området. Denne plassen blir ekstra viktig når E39 Rogfast opnar i 2033 og døgnkvileplassen på Sokn må leggjast ned.
Sør i Rogaland er det i dag døgnkvileplassar ved Søylandskiosken i Gjesdal og på Vikeså i Bjerkreim. Ingen av desse har tungbillading i dag. Statens vegvesen vil til neste år lyse ut konkurranse om etablering av nye døgnkvileplassar på E39 mellom Moi og Skurve. Då vil det òg bli stilt krav om tungbillading.
Nøkkelord
Kontakter
Cato LøkkenAssisterande divisjonsdirektørStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:992 04 570cato.lokken@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder





Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
14 trafikkdødsfall i mai1.6.2026 06:28:58 CEST | Pressemelding
Ti av de fjorten omkom i personbil eller varebil, og ni av dødsfallene skjedde i ulykker med et tungt kjøretøy involvert. I mai omkom også en person på sykkel og tre på MC. Det viser Statens vegvesens foreløpige ulykkestall.
Legger ny asfalt på Lillehammer28.5.2026 15:30:51 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør arbeider i Mesnakrysset (Strandtorget) og Sannomkrysset på Lillehammer de neste ukene.
Åpner midlertidig bru på E6 i Saltdal28.5.2026 12:24:19 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen åpner i ettermiddag ei ny, midlertidig bru ved siden av Viskisbrua på nordsiden av Saltfjellet i Nordland.
Bruvedlikehold på E14 ved Gudå27.5.2026 14:55:26 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter bruvedlikehold på E14 ved Gudå i Meråker kommune
Millioner av reisende på ferje – følg instruksene fra ferjemannskapet27.5.2026 09:21:27 CEST | Pressemelding
Det er et høyt antall reisende på norske ferjer, spesielt om sommeren. Normalt fraktes det mellom 7 og 8 millioner kjøretøy på ferjesambandene i løpet av sommermånedene. Dette betyr et stort antall trafikanter og mange situasjoner der sikkerhet og samhandling er avgjørende.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom